AINA STENERSEN: Den mest frittgåande og sjølskadande av Frp's mange broilerar. Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB Scanpix
AINA STENERSEN: Den mest frittgåande og sjølskadande av Frp's mange broilerar. Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB ScanpixVis mer

Kva ein meiner, er avhengig av kvar ein står

Frp har tilbod om posisjonar til alle sine broilerar.

Kommentar

DENNE VEKA møttest Nydalskameratane til ny kappestrid på gamle tomter. KrF og Venstre stadfesta at dei har selt smøret som parlamentarisk glidemiddel, men krev betre betalt for sjela. Knut Arild Hareide, som ikkje er kjent for styrke i handbak, vurderer å binda seg til masta Erna Solberg for å unngå å bli lokka av Jonas Gahr Støres sirenesong. Trine Skei Grandes posisjon er: «Heller Jensen enn Jonas». I motsetning til den tapande forgjengaren Lars Sponheims «Heller Jens enn Jensen».

OPPOSISJONEN er urimelig og driv uansvarlig politikk når dei henger seg opp i Asylvi Listhaugs gullstolretorikk og Erna Solbergs slumsete og omtrentlige matematikk. For oss tall-dyslektikarar er det klart som blekk at antall trumfar andel i farens stund.

ARBEIDERPARTIET og Høgre strevar med å finna politiske felt som skil dei frå kvarandre. Det blir gjerne for lite, for seint. Men det tverrpolitiske og programmessig stigande ekteparet Hadia Tajik (A) og Stefan Heggelund (H) melder i eit felles kommuniké at dei har skilt lag. Slik unngår vi ein reprise av tilstanden då Gro Harlem Brundtland var leiar i Arbeiderpartiet. For å visa det tillitsfulle samarbeidsklimaet i norsk politikk, skrytte eit medlem av utanrikskomiteen på delegasjonsreise i Midt-Austen av at ho var gift med ein Høgremann. Sjeiken svarte: «Det er akkurat som hos oss: All makt er samla i ein familie.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

ENDELIG ser det ut til å bli to tredels fleirtal på Stortinget for å skriva lokaldemokratiet inn i Grunnlova. Men kommunane må nøya seg med lite, for det lokale sjølstyret skal kvila på ei prinsipiell faneformulering og vera avgrensa og innskrenka av statlig maktmonopol. Forslaget blei opprinnelig lagt fram av Anders Anundsen, men nå går regjeringspartiet Frp mot. Kva ein meiner om statlig styring og andre saker, er avhengig av kva for ein posisjon ein har.

FREMSKRITTSPARTIET er blitt så stort at dei har mange tilbod om posisjonar til sine broilerar. Den mest frittgåande og sjølskadande er Aina Stenersen som har Civita og PR-byrået Geelmuyden.Kiese på CV-en, pluss ein bachelorgrad i merkevarebygging frå Markedshøyskolen. Ho følgjer i fotspora til marknadsføraren Carl Hva-Var-Det-Jeg-Sa I. Hagen, som Anders Lange kalla «sokkerongen min».

RONNY ALTE KAMERADEN blei ikkje gamal som talsmann for den nattsvarte, hettekledde og einøygde ruslegjengen. Fremst i kampen mot Odins soldatar står Kirsti Bergstø frå SV og dei som raudare er, under parolen: Bevar Statens voldsmonopol!

KLASSEKAMPEN aukar mest og har arva VGs avlagde, gule bomber. Nå tar dei heilt av i reklamen og har montert inn redaktør Bjørgulv Braanen som anorakk- og nikkerskledd Folkekonge på veg til Frognerseteren, den eine gongen Kong Olav tok banen under ei tidligare oljekrise.

DET ER SOM det skal vera. I den politiske rørsla Klassekampen voks ut av, er det solid tradisjon for å manipulera historiske og ikonografiske bilde og flytta folk ut og inn etter om dei var i nåde eller unåde hos Kamerat Stalin.