Kva er gale med at jentene er flinkast?

Det er ikkje sant at gutane blir undertrykte i dagens skule.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Skriv leserkommentar

Debatten om karakterskilnader mellom jenter og gutar har dukka opp også denne våren. Ei undersøking frå Nova (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) i år stadfestar trenden: Jenter gjer det jamt over noko betre karaktermessig i skulen. Det kan ein jo ikkje ha noko av.

I ein artikkel i Dagbladet 19. februar i år uttaler kunnskapsminister Øystein Djupedal at «skolen er for feminin.»

Tormod Øia, ansvarleg for undersøkinga (og ein av dei fire utelukkande mannlege kjeldene i artikkelen), meiner den norske skulen har blitt «en jenteskole.» Uttalingane stadfestar eit ordskifte som til tider knapt kan kallast debatt, men snarare monolog. Det verkar å vera ei utbreidd oppfatning både politisk og forskingsmessig at gutane sine svakare karakterar er eit utslag av skulesystemet. Det må jo vera noko grunnleggjande feil med ein skule der gutane ikkje hevdar seg like bra som jentene.

I den nemnde undersøkinga går det mellom anna fram at 33 prosent av jentene får 5 eller 6 i engelsk, mot 25 prosent av gutane. Kvar fjerde gut får altså i snitt best eller nest best karakter. I matte, norsk og engelsk sett under eitt får 54 prosent av jentene 4 eller betre, mot 42 prosent av gutane. Med andre ord er annankvar gut på øvre del av karakterskalaen. Jo eldre elevane er, jo mindre skilnad er det mellom kjønna, merk derfor undersøkinga omhandlar jenter og gutar som bare er 16 til 17 år gamle. Gutane gjer det med andre ord ikkje dårleg, dei gjer det bare litt mindre bra enn jentene. Men får jentene ros for sine prestasjonar frå politikarar eller forskarar? Nei, dei gode resultata er ein konsekvens av eit urettvist skulesystem, ikkje hardt arbeid, disiplin og ansvarskjensle. Det kan umogleg vera jentene si forteneste at dei gjer det så bra. Dei cruisar gjennom ved hjelp av omgjevnader som skvisar dei stakkars gutebarna.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer