STOR I KJEFTEN: I en parade i Basel i Sveits i forrige måned ble Donald Trump framstilt som usedvanlig storkjefta. Blant hans mest tydelige kartaktertrekk er også overdreven egenkjærlighet og grandiositet, mener kronikkforfatteren. Foto: Patrick Seeger / DPA / NTB Scanpix
STOR I KJEFTEN: I en parade i Basel i Sveits i forrige måned ble Donald Trump framstilt som usedvanlig storkjefta. Blant hans mest tydelige kartaktertrekk er også overdreven egenkjærlighet og grandiositet, mener kronikkforfatteren. Foto: Patrick Seeger / DPA / NTB ScanpixVis mer

Debatt: President Trump

Kva får Donald Trump til å handle som han gjer?

Vi skal fritt kunne vurdere president Donald Trumps handlingar. Det han gjer har makt til å påverke oss alle. Framstår dei som rasjonelle eller ikkje?

Meninger

Donald Trump er 70 år, entreprenør og stor-skala eigedomsbesittar. Han er tv-underhaldar («The Apprentice») og den 45. president i USA frå 20. januar 2017.

PROFESSOR: Kjell Flekkøy.
PROFESSOR: Kjell Flekkøy. Vis mer

Handlingar i utval: Han har hittil oppnådd den lågaste suksessrating nokon president har hatt (36 prosent), og eit fleirtal på 61 prosent meiner utviklinga i landet går feil veg. Han lovar å byggje mur mot Mexico på dette landets kostnad («I am good at building walls») og påstår at dei globale, menneskeskapte klimaproblem er Kinas påfunn. Han har illegalt søkt å stenge USAs grenser av antiterrorgrunnar for borgarar frå sju land med muslim-majoritet (nå seks land), rett nok utan at desse landa har sendt terroristar til USA; fremja påvist usanne påstander om valfusk i fleire millionersklassen, angrepe landets juridiske system gjennom nedverdigande omtale av einskildpersonar – og i det seinaste: påstått at tidlegare president Barack Obama avlytta hans telefon under valgkampen med hjelp frå den engelske etterretningstenesta. Han viser til opplysningar frå tv-kanalen Fox News. Desse er nå trekt attende av den same kanalen. Skuldingane er med største styrke attendevist av ein samla etteretningsteneste i USA og deira engelske motpart; seinast i senatshøyring 20. mars.

Presidentens skuldingar er utan faktagrunnlag. Dette var han kjendt med frå lenge før senatshøyringa. Like fullt påstår han at dei er sanne; seinast under felles tv-intervju med Tysklands forbundskansler Angela Merkel – for all verda å sjå.

Han har enno ikkje trekt skuldingane attende. Han framstiller nyheitsmedia som «fiender av folket» og muslimar ålment som farlege for USAs sikkerheit. Dette er ikkje rasjonell åtferd og ikkje eigna til å styrke tilliten til hans dømmekraft. Ein ser ein underleg blanding av fornuft og ufornuft; mest kanskje av vridd fornuft – ein fråvikande mentalitet som formar dei ytre realitetar i sitt urealistiske bilete med fråvikande åtferd som fylgje. Samla sett framstår ikkje president Donald Trump som tilstrekkeleg rasjonell og realitetsorientert.

Åtferdstrekk. Godt dokumentert livshistorie og bisarr men velpublisert valkamp har gjeve eit detaljert bilete av mannen Donald Trump. Dei sentrale åtferdstrekk er godt underbygde og konstante.

Mellom dei mest tydelege er overdreven eigen-kjærleik (sjølvskryt) og grandiositet («best in the world»); redusert sjølvinnsikt, impulskontroll, fleksibilitet og empati. Hans evne til å skilje rett frå rangt og sant frå usant framstår som liten. Det er ein påfallande svikt i vurdering av komplekse forhold og langsiktige konsekvensar av eigne handlingar.

Eksempler er Obama-skuldingane og klimapolitikken. Hans samanblanding av sant og usant og det likegyldige forhold til realitetar er framherskande i hans virke som president og eit grunnlag for tvil om hans mentale helse (Senator Al Franken, D). Også frå senatet: «He cannot be trusted on his word» (John McCain, R). «He is a notorious liar» (senator Bernie Sanders, D, i CNN-intervju). Desse trekk er styrande for mannens handlingar og ikkje tilgjengeleg for endring gjennom innsikt. Einast sterke, ytre motreaksjonar kan påverke hans åtferd.

Kan desse trekk vera effekter av ytre forhold? Ikkje som grunnleggjande årsaker. Dei ytre situasjonar eksponerer eigenskapar hos mannen heller enn å skape dei. Dei er å finne over eit livsløp og er relativt konstante i skiftande situasjonar. Derfor er dei også så viktige som varsel om det komande.

Vegen vidare. Det mest markerte og fråvikande ved hans åtferd vil truleg halde fram. Eit uttrykk for hans spesielle konsekvensvurdering er reverseringa av tiltak for nedsett luftforurensing i USA: «the war against coal». Nå er det fram for «clean coal» (hans ord): kortsiktig og skadeleg, men akseptabelt for hans velgarar i «rustbeltet».

Dette bleiknar sjølvsagt i forhold til hans vallovnad om å reversere USAs del av klimaavtalen i Paris. Som del av hans grandiose sjølvbilete og lovnad om å gjera «America great again», føreslår han å auke det amerikanske forsvarsbudsjett med 54 milliardar dollar. Forsvaret skal bli «the top of the pac».

Siste året brukte USA 596 milliarder dollar; meir enn alle andre store landa på jorda til saman (566; The New York Times). Som Commander in Chief kan Trump starte krig. Det er her hans mentale eigenskapar kan bli verkeleg farlege. Ein legg med uro merke til hans reservasjon overfor atomnedrustning – også vist for få dagar sidan ved hans FN-ambassadør Nikki Haley. Internasjonal politikk er kompleks, og langsiktige verknader er særskilt viktige; jamfør Bushs krig i Irak. Det er tvilsamt om Trump er den beste til å sjå at bålet han tenner kan bli ein storbrann – heller ikkje hans næraste verkar å vera slik utstyrt; utenriksminister Tillerson medrekna.

Her er også djupare og mørkare sider: Trump og hans handlingar kan skape situasjonar som kallar på «hans» folk og «hans» politikk i USA og ute. Politikk kan vera sjølv-oppfyllande. Kan hende, men berre kan hende, vil den rette samanstilling av personar i kongressen sjå at «Keisaren er utan klednad» i styringsspørsmål og handle deretter.

Konsekvensar. Som president er Donald Trump ikkje einerådande. Over tid er kongressen den store maktfaktoren i USAs politikk. Derfor er den alt nå hans tronge port. Kongressen er også den viktigaste forankring for kunnskap om Trumps mentale drivkrefter. Nyheitsmedia gjev det største bidraget, godt hjelpt av varslingsbrev frå amerikansk og utanlandsk psykiatri og psykologi. Likevel er det politiske USA, kongressen medrekna, så motsetnadsfylt og kortsiktig partistyrt at presidentens impulsar kan få gjennomslag, ikkje minst i utanrikspolitikken.

Det er derfor viktig at landets partnerar på den arenaen erkjenner Trumps mentale realitetar og vurderer og handlar ut frå denne erkjenning. Mykje ville ha vore vunne om lands ledere og politikerar i Europa og USA hadde vore klar over Hitler og Stalins mentale drivkrefter. «Peace for our time» (Chamberlain, 1938) viste seg å vera svakt forankra i Hitlers paranoide og grandiose psyke.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook