IKKJE SÅ ULIKT: Det kan vere slik at historia ikkje hadde blitt så forskjellig frå den vi faktisk har sett. Det ville støtte opp om eit historiesyn om at «det er drivkreftene som styrer historia, enkelt-hendingar og personar bestemmer berre formen, ikkje innhaldet i utviklinga», skriv historieprofessor Knut Vikør. Foto: Nabil Al Jurani / AP / NTB Scanpix
IKKJE SÅ ULIKT: Det kan vere slik at historia ikkje hadde blitt så forskjellig frå den vi faktisk har sett. Det ville støtte opp om eit historiesyn om at «det er drivkreftene som styrer historia, enkelt-hendingar og personar bestemmer berre formen, ikkje innhaldet i utviklinga», skriv historieprofessor Knut Vikør. Foto: Nabil Al Jurani / AP / NTB ScanpixVis mer

Kva om det ikkje hadde blitt krig?

Korleis ville Midtausten ha sett ut i dag om Bush og Blair ikkje hadde invadert Irak?

Meninger

Chilcot-rapporten har satt invasjonen i Irak i 2003 i søkelyset igjen. Blair orsakar seg med at det var umulig å vite kva som ville skje, men nesten alt som følgde invasjonen var forutsagt på forhånd.

Eg kan hente fram mine eigne observasjonar, og eg var ikkje spesielt profetisk. Sunni/shi’a-konflikten kom raskare og sterkare enn eg trudde, men resten var på plass: At dei ikkje ville finne masseøydingsvåpen (eller ikkje så mye at det var ein trussel, sa eg forsiktigare), at det ville føre til oppblomstring av Qa’ida, som da ikkje fantes i Irak, at det måtte bli varig politisk kaos. Einaste håp for stabilitet var ein ny autoritær leiar frå den einaste faste strukturen i landet, hæren, skreiv eg - men så oppløyste altså amerikanarane hæren, så dermed var det ute.

Men kva om vi snur denne spåmannskunsten på hodet? Korleis ville Midtausten ha sett ut i dag om Bush og Blair ikkje hadde invadert Irak?

Historikarar som meg er generelt skeptiske til slik «kontrafaktisk» historie, for i den røynelige historia er så mange faktorar vevd sammen, så vi veit ikkje kva vi skal forandre og kva som skal stå. Om Hitler hadde døydd i 1925, ville ein annan høgre-nasjonalist rusta Tyskland opp til krig likevel?

Men her er det likevel relativt enkelt, sidan Bush sitt ønske om å invadere hadde så lite med den faktiske situasjonen i Irak å gjere. Vi kan lett fjerne denne variabelen, invasjonen, frå tankekartet og sjå kva som da ville skjedd frå 2003 og framover - og kva som ikkje ville skjedd.

Knut S. Vikør. Foto: UiB
Knut S. Vikør. Foto: UiB Vis mer

IS hadde ikkje eksistert. Det er eit ektefødt barn av Irak-krigen. Vi ville fortsatt hatt jihadisme rundt om, Qa’ida eksisterte i Pakistan, i Jemen, Somalia (Shabab) og andre stader. Men dei hadde vore svakare utan den oksygen-tilførselen som Irak-krigen gav dei, og utan det territoriet dei fekk i Irak. Dei ville fortsatt hatt sympatisørar i Vesten, og dei sosiale og identitetsproblema som gir næring til «fremmedkrigarar» ville ikkje vore annleis. Men mange av desse hadde kanskje fortsatt drive med tradisjonell kriminalitet heller enn massemord, eller hatt ein ideologi som ikkje heilt tok steget over i praksis. Det ville fortsatt vore terror i Europa, men kanskje meir sporadisk.

Konfliktane mellom sunniar og shiaer i vår tid ser ut til å stamme frå Afghanistan-krigen, og får næring av rivaliseringa mellom Iran og Saudi-Arabia. Begge desse er uavhengig av Irak. Men vi har aldri sett maken til den borgarkrigen mellom sunniar og shiaer som oppstod frå 2005, påtent av Qa’ida/IS-leiaren Zarqawi. Vi kan godt tenke oss at utan Irak-krigen, og dermed utan Zarqawi og IS, så ville rivaliseringa mellom dei to islam-retningane vore mildare enn den er i dag. Utan eit shia-styre i Irak (om enn demokratisk rettferdig!) så ville Saudi i langt mindre grad kjent seg omringa av stadig fleire Iran-allierte statar. Gulfen hadde i større grad vore balansert mellom tre makter: Saudi-Arabia, Iran og Saddams Irak, i staden for to.

Spenningsnivået mellom Irak og dei andre arabiske landa i Gulfen var elles ganske lågt i 2003. Kuwait-krigen låg over eit tiår bak i tid, og Irak var i ferd med å bygge bru til Gulflanda. Det var forhandlingar om handel og anna samarbeid. Dette ville trulig ha halde fram. Saddam var sakte på veg inn i varmen. Irak var ikkje lenger sett på som farlig i regionen, og var da ein naturlig alliert mot rivalen Iran. Så lenge Saddams ambisjonar var under kontroll, var det i alles interesse å halde dette fram.

Men, og her kjem trulig det einaste rasjonelle argumentet som kan føras på Bush-Blairs side: Saddam var ikkje blitt snill. Ikkje berre var Irak fortsatt eit hardt diktatur, men det var nok ikkje etter eige ønske at Saddam mangla kjemiske og biologiske våpen (mens atomvåpen-faren var nok berre skremsel frå Bush). Dei svært strenge FN-sanksjonane var effektive: Dei hindra Irak i å få tak i noe av den teknologien og råvarane som skulle til. Sanksjonane fungerte altså. Men dei gjekk også hardt ut over sivilbefolkinga i Irak, som vart ramma både økonomisk og i dagliglivet. Det kunne altså bli spørsmål om desse sanksjonane kunne haldas oppe i ubegrensa tid, om Russland og Kina til dømes ville få «sanction fatigue», og om protestane i Vesten (frå dei samme som vart krigsmotstandarar) ville vinne fram. Kunne eit mulig slakkare sanksjonsregime gitt Saddam muligheiter til igjen bygge opp eit kjemisk arsenal? Det vil vi altså ikkje få vite.

Så langt kan vi altså rimelig trygt skrive situasjonen i 2003 framover i tid, i eit lite tiår. Men slik kontrafaktisk historie har problemet at det nettopp ser for seg ei stabil utvikling, kanskje ingen utvikling i det heile, etter «kva-om»-øyeblikket. I verkelig historie skjer det uventa og brå hendingar som kan snu utviklinga i uforutsigbare retningar. Eit slikt kom i 2011, med den arabiske våren. Dersom Saddam fortsatt hadde sitte trygt, utan noen invasjon, i 2011, kva hadde da skjedd?

Vi kan rimelig gå ut frå at Våren hadde komme uansett. Den starta i Tunisia og Egypt, langt frå Irak, og hadde i liten grad bakgrunn i internasjonale konfliktar av typen Irak. Opprøret som spreidde seg til Libya, Syria og Jemen hadde nesten heilt sikkert også ført til tilsvarande protestar i Irak, for motiva bak opprøret - økonomisk nedgang, det langvarige diktatoriske styret, og diktatorens forsøk på å gjere eigne sønner til arvingar - var alle til stades like sterkt i Irak som i dei andre landa. Vi kan også rekne med at dette opprøret ville da blitt slått ned vel så blodig og komplett i Irak som i det, komparativt sett, mindre brutale regimet i Syria. Kva ville så skjedd?

Da blir det så mange variablar i spill at vi ikkje lenger driv med «alternativ historie» men med science fiction. Vi må gjette eller lage oss scenarier. Vi må til dømes tenke oss når opprøret i Irak starta, og ikkje minst kvar: i sunni-dominerte Bagdad eller shia-dominerte Basra. Ville represjonen ha ramma shiaene spesielt, og dermed utløyst eit særlig opprør hos dei, eller, som i Syria, starta som eit breitt generelt politisk opprør mot diktaturet, og ville dette ha splitta seg sekterisk (som i Syria) eller halde seg samla mot regimet? Gjetningar.

Men vi kan iallfall tenke oss to mulige hovudutganger av ein slik arabisk vår i Saddams Irak:

1. Saddams erfaring og kapasitet med å undertrykke protest var nok til at han klarte det Assad og Qadhafi feila i, å knuse opprøret før det fekk utvikla seg. Kurdarane ville nok da ha halde seg i ro i nord, og om det hadde blitt eit breiare shia-opprør vil altså avhenge av kor protestane først fekk sitt tyngdepunkt. Det ville da kunne få ein smitteeffekt mot Syria og andre opprørsland, dersom dette skjedde tidlig i fasen, det ville kunne demotivert dei som da enda ikkje hadde utvikla protestane til revolusjon.

2. Saddams interne regime da, etter nok eit tiår med sanksjonar var blitt så svakt at han ikkje fekk bukt med opprøret, spesielt ikkje om eit breiare shi’isk opprør hadde oppstått i sør, med eller utan støtte frå Iran. Dette hadde blitt ein vel så bitter og blodig strid som i Syria, kurdarane hadde etter kvart kunne blitt involvert, og ikkje minst: USA, som i dette scenariet ikkje hadde gått gjennom den lutringa den «røynelige» Irak-krigen påførte dei, hadde nå mest trulig gått inn på opprøraranes side.

Dermed kunne vi fått samme situasjon i 2011 som vi faktisk fekk i 2003, med ein amerikansk invasjon som hadde som mål å fjerne Saddam, og som hadde klart det. Men dei samme tinga som gjorde politisk kaos uunngåelig i 2003 ville vore til stades. Sjøl om USA nå ville hatt eit faktisk opprør å støtte, er det vanskelig å tru at ei slik anti-Saddam-rørsle ville hatt meir å samle seg om etter at diktatoren var borte enn dei hadde i det homogene Libya. Og med USA-troppar på bakken var vegen igjen open for Qa'ida til å mobilisere, både mot utlendingar og eventuelt mot shiaer.

Men noen ting ville vore annleis: Saudi-Arabia ville i denne situasjonen mest trulig vore solidarisk med sunnien Saddam i frykta for iransk innverknad, meir enn i 2003, og dermed kritisk til eller aktivt mot invasjonen. Om Iran hadde nærma seg USA meir enn dei faktisk gjorde etter 2003 - da dei jo, utan å snakke sammen, var felles gudfedre til regimet i Bagdad - veit vi ikkje, det blir for mange variablar. Da ville også opprøret i Syria fått ein annan valør; vi hadde altså ikkje hatt IS der, Qa’ida hadde nok vore der, men ikkje så sterke, mens USA da kanskje også her ville gått direkte inn på opprøraranes side, meir enn dei gjorde i den faktiske historia.

Det kan altså vere slik at historia ikkje hadde blitt så forskjellig frå den vi faktisk har sett, berre med Irak-krigen av 2011 i staden for av 2003. Det ville støtte opp om eit historiesyn om at «det er drivkreftene som styrer historia, enkelt-hendingar og personar bestemmer berre formen, ikkje innhaldet i utviklinga». Men det kan også vere at summen av desse forskjellane mellom det som faktisk hendte og det som kunne ha hendt, summerer seg opp til noe som ville blitt grunnleggande annleis enn det vi faktisk fekk av historie.

Teksten ble først publisert på Vikørs blogg.