REVESTREK: Fabrikken og varemerket i Kristiansand er historie. Fædrelandsvennen melder at 1,5 tonn kulturarv er destruert hos Sædberg Metall. Reven har tagna for godt. Foto: Torstein Øen, Fædrelandsvennen
REVESTREK: Fabrikken og varemerket i Kristiansand er historie. Fædrelandsvennen melder at 1,5 tonn kulturarv er destruert hos Sædberg Metall. Reven har tagna for godt. Foto: Torstein Øen, FædrelandsvennenVis mer

Kva seier reven nå?

Ein kjent figur i Kristiansand er borte. Reven og eventyrblandinga har flytta utanlands. Industri konvertert til eigedomsutvikling. Der også.

Kommentar

Det var eingong A. Asbjørnsens Tobaksfabrikk. Grunnlagt i 1853. Frå 1931 med Eventyrblanding som sitt fremste kvalitetsprodukt. Ettersom bjørnen var okkupert av konkurrenten Tiedemann, gjekk tredje generasjon Asbjørnsen til Asbjørnsen og Moe og fann reven. Der var ei lur erstatning. Revehodet blei varemerke på tobakkspakken og landemerke på fabrikken i Kirkegata.

Dette revehodet har eg eit spesielt forhold til. Ikkje som rullingsrøykar, men som løpar. Mi første medalje var eit revehode i sølv, frå Eventyrstafetten. Den var Sørlandets svar på Holmenkollstafetten og gjekk på stiane i Baneheia. Det var i dei tider då ein røyk før og etter var ein grei del av ei treningsøkt. Det åpna lungene og dreiv opp pusten. Det var i dei tider då det fall heilt naturlig at ein tobakksfabrikk sponsa idrettsarrangement og pryda premiane med sin logo.

Då Asbjørnsen flytta ut av Eventyrgården i sentrum til ny fabrikk på Vige like ved Varoddbrua i 1988, fekk revehodet plass på taket. Det var godt synlig frå E-18, som eit slags velkomen-til-Kristiansand. Etter klage frå ein tilfeldig forbipasserande bilist i 1996, greip Statens tobakkskaderåd inn og la ned forbod mot denslags ulovlig tobakkreklame. Og i tillegg: Passa det seg at fru Asbjørnsen samtidig var president i helseorganisasjonen Røde Kors?

Mange kasta seg inn i kampen utan filter. Også salig Kåre Valebrokk. Det enda med at revehodet overlevde som verneverdig kulturminne. Men ikkje utan ei lita tilpassing til den nye tilstanden i det norske røykeriket: Sneipen i munnvika blei fjerna. På si side protesterte Asbjørnsen mot at revehodet blei brukt i den hasjvennlige filmen «Den siste revejakta» etter Ambjørnsens roman. Ingen visste kva reven hadde å seia til det, men han såg like lur ut.

Tobakksproduksjonen blei flagga ut til Danmark i 2004, og familien Asbjørnsen selde varemerket og heile sulamitten til Imperial Tobacco Company tre år seinare. Dei produserer stadig Eventyrblanding, så revehodet finnest på tobakkspakkar, lovformelig gøymt bak gardin i tobakksutsal.Men fabrikken og varemerket i Kristiansand er historie. Andre verksemder har flytta inn i lokala og familien Asbjørnsen har slått seg på eigedomsutvikling. Fædrelandsvennen melder at 1,5 tonn kulturarv er destruert hos Sædberg Metall. Reven har tagna for godt.

Snipp snapp snute. Slik enda dette folkeeventyret, som dei aller fleste norske industrieventyr: I eigedomsutvikling. Lurer på kva reven seier til det? Endå godt at vi har den cooperative Petter Northug som fører det lure revefjeset vidare.