HEIAJENTER: 'Cheerleders' fra New Orleans Saints ligger i konfetti under sitt glansnummer, etter Super Bowl-seieren mot Indianapolis Colts for to år siden. Er det noe slikt Vålerenga og Rimi ser for seg i Oslo, undrer Magnus Bernhardsen. Foto: Jeff Heynes / Reuters / Scanpix
HEIAJENTER: 'Cheerleders' fra New Orleans Saints ligger i konfetti under sitt glansnummer, etter Super Bowl-seieren mot Indianapolis Colts for to år siden. Er det noe slikt Vålerenga og Rimi ser for seg i Oslo, undrer Magnus Bernhardsen. Foto: Jeff Heynes / Reuters / ScanpixVis mer

Kva tek dei oss for?

Eg vil berre få sjå på Vålerenga utan å verta fornedra.

FOTBALL: Vålerenga og Rimi har gått saman om den største fornedringa eg har vorte utsett for gjennom 30 år som Vålerengasupportar: «RIMIbowl».

Vålerenga Fotball ser det alle ser. Noko må gjerast i norsk fotball. Dei vel å sjå til USA. For å fylla Ullevål skal dei i samarbeid med Rimi gjera om den ganske så ordinære kampen mellom Vålerenga og Stabæk til det dei altså kallar «RIMIbowI». I USA hevdar dei i sedvanleg stil at Superbowl er det mest sette idrettsarrangementet i verda, og marknadsfolka i Vålerenga tek dei på ordet. Dei fyller på med Loreen og duskedamer frå Vålerengas største rival i amerikansk fotball.

Ein må spørja seg om Vålerenga har tru på det dei driv med?

«Man må ikke ha det gøy for å drikke» sa ein litt for tørst kompis til meg ein gong. Drikkinga skulle halda i seg sjølv. Det er ikkje ein regel å leva etter for nokon av oss, men det er slik eg har det med fotball og det å fylgja Vålerenga. Hadde eg vore ute etter maksimum komfort, underhaldning kvart sekund, glamour og kjendisar kunne eg brukt tida og pengane betre ved å halda meg framfor heimekinoen. Det er altså andre ting som lokkar meg og tusenar andre til å sjå norsk fotball på stadion. Å fylgja norsk fotball er ofte som i songen til Mikael Wiehe, å sila kuskit mellom tennene for innimellom å finna eit heilt riskorn. Det er dei riskorna vi lever for, då,

Entusiasmen for eliteserien er svak etter nokre såkalte gullår. Tilskodartalet går nedover, færre reiser på borteturar, supportarklubbane mistar medlemer. Det er mange og samansette grunnar til dette. TV styrer meir og meir, kampane har vorte plassert ut over heile veka på stadig skiftande tidspunkt. Kampar vert flytta i siste lita, slik at supportarar ikkje tør planleggja reiser. Det er fullt opp av kvalitetsfotball frå heile Europa på TV, og fotballpubar overalt.

Magnus Bernhardsen
Magnus Bernhardsen Vis mer

Det som gjer at vi som går på kamp framleis held ut og håper på betre tider er at desse klubbane betyr noko meir for oss. Vålerenga er 99 år med historie og tradisjon på Oslo Aust. Den er ein del av identiteten vår, ein del av liva våre. Det er ein måte å markera kor stolte og glade vi er for byen vår. Fellesskapet på kamp, kjensleutbrota, sigersrusen og nederlagsdepresjonen, det er det vi vil oppleva.

Det er difor Lyn kan ha fleire på kamp i 4. divisjon enn dei ofte hadde i eliteserien. Det er det som gjer det mogleg for Sogndal å imponera med tilskodartala sine.

Publikum skal få sjansen til å vera statistar i den nye musikkvideoen til Alexandra Joner, seier Vålerenga for å lokka oss til Ullevål. Supportarar vil ikkje vera statistar. Vi vil gjera det vi kan for å bæra fram laget vårt, for å bidra til å sikra ein siger eller snu eit tap. Den moderne fotballen vil helst ha oss som statistar, konsumentar, som bakgrunnsillustrasjon i sponsorpresentasjonane sine.

Eit amerikanisert fesjå på Ullevål der fokuset er på musikkvideoinnspeling og Melodi Grand Prix-musikk er eit arrangement for dei som eigentleg ikkje bryr seg om fotball. For dei som må lida seg gjennom ein omgang før hovudattraksjonen kjem, pauseunderhaldninga. Det er slik det er i Superbowl. Den største snakkisen etter ein Superbowl er anten showet i pausen eller reklameinnslaga. Kven spelte det året Janet Jackson flasha puppen?

Marknadsfolka trur vi er siklande idiotar som vil løpa ned Ullevål i eit håp om å få sjå puppane til Alexandra Joner. Eg hadde ikkje høyrt om ho før. Eg vil berre få sjå på Vålerenga utan å verta fornedra.

Alexandra Joner
Alexandra Joner Vis mer