Kva valfridom?

Dei to siste åra har vi vore ufrivillig mottakar av kontantstøtte. Kvar månad glir pengane frå trygdekontoret rett til den eigentlege mottakaren av støtta, Dagmamma. Sidan blir Ettermiddagsmamma (meg) gjerne liggjande vaken og tenkje ut strategiar for å kome seg ut av barnehagekøen.

Å vere heime og utføre omsorgsoppgåver, som det heiter, er ikkje eit alternativ verken for vaksne eller barn her i huset. Ingenting slår etter vårt syn kvalifisert omgang med jamaldringar på dagtid og kvalifisert samkvem med foreldre resten av døgnet. Det syns dei aller fleste å meine. Så skriv Valgerd Svarstad Haugland i Dagbladet (24.7.) at ho ville gi oss valfridom med pengegåva. Valfridom til kva?

SLIK SER

historia ut for eit valfritt foreldrepar i Noregs nest største by: Tre veker etter at første son er født, søker vi om barnehageplass. Sidan viser det seg at vi ikkje hadde trengt å stresse. Det eksisterer ikkje noko køsystem i kommunen, berre søkarlister. Det eksisterer heller ingen klagefrist.

Første dagmamma, ei jente på tjue, har eit halvt år ledig. Då guten fyller to sporer vi opp ei dagmamma av typen som legg sju born over kneet og skiftar bleie på dei samstundes i eit knøttlite kjellarrom. Vi er lukkelege over den rutinerte kvinna, men ser med eit halvt auge at tilbodet aldri hadde tolt inspeksjon om dette hadde vore barnehage. Det er det heller ikkje. Dette er den frie marknaden for kontantstøttemottakarar.

1340 barn er utan barnehageplass, står det i Bergens Tidende i juni. Barnehagepersonell fortel i avisa at dei aldri har fått så mange telefonar frå fortvilte foreldre som i år. Er dette valfridom?

DET ER INGEN

samanheng mellom kontantstøtta og mangel på barnehageplassar, påstår barne- og familieminister Laila Dåvøy. Eg svelgjer ikkje argumentet. Til no har staten sløst bort i underkant av hundretusen berre på oss. I mitt enkle hovud lurer eg på om ikkje pengane hadde rukke til eit par sertifiserte leikeapparat eller eit heilt bibliotek med barnebøker. Og kjære minister: Korleis kan ei regjering som snakkar så gloheitt om «kunnskapssamfunnet» indirekte støtte eit system som skaper klasseskilje mellom dei borna som får eit pedagogisk tilbod og dei som ikkje får det?

Kan du svare meg? Og vær venleg, nemn ikkje makspris. Då går eg i fistel.