I FLORIDA: Johanne og Kristine Thybo Hansen er blitt berømte som de røykende og bannende jegertvillingene i Norge. Her er de i Florida for å spille inn en tv-serie i 2014. Vi har litt å lære av dem, mener artikkelforfatteren. Foto: Vegard Kristiansen Kvaale / Dagbladet
I FLORIDA: Johanne og Kristine Thybo Hansen er blitt berømte som de røykende og bannende jegertvillingene i Norge. Her er de i Florida for å spille inn en tv-serie i 2014. Vi har litt å lære av dem, mener artikkelforfatteren. Foto: Vegard Kristiansen Kvaale / DagbladetVis mer

Debatt: Livsmentalitet

Kva ville jegertvillingane gjort?

Dei er på ein aller annan måte så frigjerande at problema i liva vår forsvinn litt. 

Meninger

Har du sett korleis jegertvillingane reagerer når dei sit å frys seg blå på jaktpost utan å få tent opp den etterlengta rullerøyken sin? Og kva gjer dei når den eine bannande røykande tvillingen bommar gong etter gong på skyteskiva? Dei ler.

IDRETTSPEDAGOG: Maren Bø.
IDRETTSPEDAGOG: Maren Bø. Vis mer

Jegertvillingane vart fyrst presentert i ein naturdokumentar på NRK. Her fekk vi vere med på ein sjeldan lystig jakttur. Dei vandra i skogen med børsa og rullingsen, mens dei banna og lo om kvarandre. Og utanom dei som kritiserte for grov munnbruk og diverse jaktinteresser, så kunne resten av landet nyte desse friske jentene som snakka rett frå rota. Etter sjåarsuksessen fekk dei til og med sin eigen serie på TVNorge.

Det er noko som fenger med tvillingane. Til ein forandring frå mykje anna realityliknande program handlar det ikkje om hud, kropp og vakkarheit. Det er heller ikkje som dei mange seriane der me ler av dumskapen og godtar oss sjølv med at me i alle fall er skarpare enn deltakarane.

Jegertvillingane er på ein aller annan måte så frigjerande at problema i liva vår forsvinn litt. Å fryse til du blir blå på jaktpost utan å få røyke for ein avhengig, det er beinhardt. Det kan samanliknast med å vere svolten og tørst, mens du står i ein lang kø, og han framfor deg bare ikkje kan forstå kva slag tomatar som er på tilbod.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg til at du kanskje har feilparkert, kan dette tenne ein eld i deg. Slike situasjonar skjer det mange av, kvar dag. Og det er nå du har eit val. Du kan hisse deg opp på han framfor deg, snakker drit til ho bak deg i køen, eller la det heile gå ut over sambuaren din når du kjem heim. Jegertvillingen derimot, ho hadde ledd. Eller kanskje banna litt også, men garantert i eit lattermildt toneleie. For til og med når ho skal kommentere brotet med kjærasten, ler jegertvillingen. At ho ler på denne spurnaden seier ingenting om at brotet ikkje var lett, men det er ein måte å takle hendinga på.

Det seier seg sjølv at å le vekk alt her i verda er ikkje løysinga, men litt kan vi alle roe oss ned. Vi treng ikkje gjere kvardagen vanskelegare enn kva han er. Og som sjølvsagt Skam-Nora har posta på veggen sin: Everyone you meet is fighting a battle you know nothing about. Be kind. Always.

Å respondere med eit flir i staden for eit raseriutbrot gjer livet ganske mykje enklare for sidekameraten din. Vi kan misunne tvillingane som klarer denne kunsten.

Men alle kan vi gjere noko med det, for forskarar seier det og – å tvinge fram eit smil i oppoverbakke fungerer, enn kor falskt det er. Og verda er dramatisk.

Vi må gjere det vi kan. Ein start er å gjere kvardagen mindre dramatisk. Barna våre lærer fyrst og fremst av kvardagen. Så tenk litt meir på jegertvillingen neste gong livet skurrar. Truleg kjem vi lettare ut av det.