Kvar er Aps liberale?

KYRKJEORDNING: I statskyrkjedebatten glimrar Aps liberale med sitt fråvære. Finst det ikkje ei sosialdemokratisk Kristin Clemet i Ap med evne til prinsipiell tenking? Skal den erklært prinsipplause kulturministeren vår no få kaste vrak på sosialdemokratiets liberale arv utan at nokon lettar på augnelokkane?Det er intolerant og diskriminerande å seie «Noreg for nordmenn». Det er også diskriminerande å seie «Noreg for kristne». Første bodet i statskyrkjedebatten er difor: Staten må ikkje diskriminere nokon livssyn. Men det er vanskeleg å sjå korleis dette er mogleg med ei statskyrkjeordning i eit fleirreligiøst samfunn. For med ei statskyrkje tar den norske stat stilling og seier at ein religion er meir norsk enn andre religionar. Og når det gjeld folkeavrøystingar: Å gjere menneskerettar til eit folkeavrøystings-spørsmål, er i strid med prinsippa bak det liberale demokratiet. På same vis som vi ikkje kan la ein kommune ha ei folkeavrøysting om kor vidt innvandrarar skal ha eigne plassar bak på bussen, kan vi heller ikkje ha ei folkeavrøysting som legaliserer religiøs diskriminering.

Å VERE NORSK er ikkje lenger det same som å vere kvit, blond, blåauga og protestant - som Gudmund Hernes presist har sagt. I ein KRL-debatt på 1990-talet sa Hernes vidare: «I Norge vet vi dette: Fra nå av må vi mange ulike leve sammen. Skal vi makte å gjøre det i åpenhet og godhet, har vi ingen tid å miste». Likevel var ikkje klårsynet til Hernes nok. På grunn av religiøs diskriminering vart Noreg «dømd» i FNs menneskerettskomité nettopp på grunn av KRL-faget og den kristne føremålsparagrafen. No kan det same snart skje igjen. I karikaturstriden var både statsminister Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre på nær villige til å krenkje ytringsfridomen i sitt press på muslimkritiske grupperingar. Men ser dei ikkje at ei statskyrkjeording er ei verre form for diskriminering enn den som ligg i ytringar i det sivile samfunnet - fordi det inneber ei statleg favorisering av eit trussamfunn framfor eit anna? Muslimar som er norske statsborgarar, må få kjenne seg likeverdige med dei som er kristne, norske statsborgarar. Er du ikkje samd i det, Trond Giske?