Kven der?

En god debutant som ikkje finst.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Det er ei bok som skil seg ut frå andre norske diktsamlingar i og med at det er tre personar som skjuler seg bak Mathias Vauldal.

Litt av interessa fell ut av prosjektet når desse personane går ut med fullt namn på innbretten. Då vert det ikkje lenger eit pseudonym, men eit gruppenamn.

Lyrikkgruppa Mathias Vauldal debuterer med ei tradisjonell modernistisk diktsamling. Utprøvinga av ei meir upersonleg, allmenn stemme, kanskje med ein meir språkbasert poesi, eller andre måtar å nytta dette mediet på, er ikkje påtrengjande i boka.

Vauldal landar hovudsakleg på ein «eg»-basert poesi. Og i den grad ein finn dikt som er mindre personsentrerte, er desse faktisk dei svakaste. Det er eg-poesien som fungerer best her. Fiksjonen om Mathias Vauldals erfaringsverd vert såleis etablert. Det er som ein omvendt Pessoa; hjå han delte den eine seg i tre- fire- fem namn, medan det her er tre som samlar seg i eitt.

Det svekker boka at det er ein del uttrykk som bare flottar seg, som «minnenes streikekasse» og «fortapte hotellrom», og nokre forsøk på «lågttravande språk» er mindre vellykka: «mobiltelefonen har ikkje dekning i helvete», til dømes. Men som debutantsamling står boka seg bra, med mange gode dikt.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.