Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Kven er «AFP-slitaren»?

Afp: Under overskrifta «Kampen for AFP» oppmodar Dagbladet på leiarplass 2. februar om å finne «ordninger som forener sliternes og samfunnets behov». Det blir krevjande dersom regjeringa insisterer på å vrake dagens AFP-ordning. Den såkalla arbeidslina har mykje for seg. Men viss kravet om å stå lenger i arbeid blir overordna alle andre viktige omsyn, vil pensjonssystemet snart minne meir om eit arbeidsmarknadstiltak enn om ei ordning som sikrar økonomisk trygg alderdom.

I iveren etter å innskrenke AFP-ordninga, høyrer vi stadig korleis talsfolk for regjeringa prøver å snevre inn «AFP-slitaren». For å passe inn i «definisjonen» må du ha starta i arbeidslivet i tenåra, hatt ei lang yrkeskarriere – helst godt over 40 år, og gjerne omgitt av røyk og eld. Og for all del, desse er ofte verkelege slitarar.

Men dei har verken monopol på omgrepet eller AFP-ordninga. Det finst mange slitarar som ikkje har starta i arbeidslivet som tenåringar. I staden har dei gjennom lang utdanning kvalifisert seg for krevjande arbeid – ofte i offentleg sektor, og ofte til arbeid med og for menneske. Mange av desse møter veggen tidlegare enn godt er. For desse er AFP ei nødvendig redningsplanke. Og alternativet er ikkje, slik regjeringa likar å framstille det, å arbeide litt til for å sikre økonomien. Alternativet er sjukmelding eller uføretrygd.

Regjeringa har tidlegare aggressivt avvist kravet om pensjonsopptening for høgre utdanning. Pensjonsopptening startar altså seinare. Dermed kan stadig fleire bli ekstra straffa i eit pensjonssystem som dels skal lokke, dels presse folk til å stå stadig lenger i arbeid. Regjeringa driv eit høgt spel viss politikken blir å straffe «utdanningsslitarar» som treng AFP for å avrunde yrkeslivet på ein verdig måte.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media