Kven er mest fundamentalist?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

SPRÅK: Debatten om fridom for journalistane i Aftenposten, VG og Dagbladet til å velja språk er ulik alle dei andre toleransedebattane vi har, fordi den debatten rører direkte ved pengane til avisene sjølve. Dét kan forklara påstandar om at Språkrådet no er på veg mot fortaping i fundamentalismens helvete. Argumentsvikt? Styremedlemmene i Språkrådet er sindige og innsiktsfulle personar med fartstid på ulike postar i samfunnet.

Fleirtalet av dei som sit i styret no, er bokmålsrepresentantar, ikkje ’nynorskaktivistar’. Det er det eine. Det andre som er verdt å merka seg, er at alle - eg gjentek - alle er samde om at den språkdiskrimineringa som Aftenposten, Dagbladet og VG praktiserer, ikkje på nokon måte kan forsvarast. Men det var altså berre eit fleirtal (fem mot to) som meinte at styresmaktene burde kopla krav til den indirekte pressestøtta (momsfritaket) som avisene nyt godt av.

Truleg er det vanskeleg som folkevald på Stortinget å stå for språkleg toleranse og likeverd i samfunnet og samstundes lata vera å bry seg om den språkpolitiske praksisen i landets tre største aviser. Difor trur eg fleirtalet på Stortinget sluttar seg til det som står i stortingsmeldinga: «(Kulturdepartementet) ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass». Med det har Stortinget sjølvsagt ikkje stilt noko krav til pressa, men dei folkevalde har sagt kva dei meiner. Det ’fundamentalistiske’ Språkrådet går eit steg lenger: pengestøtte i hundremillionarsklassen bør ikkje vera heilt gratis. Forståing for den grunnleggjande statlege politikken når det gjeld språkleg likeverd må kunna vera eit krav. Sjefredaktør Bernt Olufsen i VG tviheld på sin rett til å diskriminera nynorsk. Han er ansvarleg for landets største avis. Det finst over ein halv million nynorskbrukarar her i landet. I hans leiarartiklar har eg ofte sett det kritiske adjektivet ’umusikalsk’ om politikarar. Viss ikkje Olufsens standpunkt er umusikalsk, så veit eg ikkje kva som kan vera det.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer