Kronikk: Stovner-revyen

Kven har rett til å kalle kva for rasisme?

Når Stovner-revyen har skapt større bølger enn Ali Reza gjorde, tyder det på at rasismeproblematikk er eit vanskelegare tema i Noreg i dag enn i 2009.

Her er Lisa Tønne og regissør Per Olav Sørensen, under opptakene til TV-serien «Ali Reza and the Rezas».

Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
Her er Lisa Tønne og regissør Per Olav Sørensen, under opptakene til TV-serien «Ali Reza and the Rezas». Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetVis mer
Meninger

Episoden der fleire Stovner-elevar reagerte på at ein kvit skodespelar i skulerevyen sminka ansiktet mørkt er slett ikkje den første humor-kontroversen knytt til rasisme i norsk historie.

John Magnus R. Dahl.
John Magnus R. Dahl. Vis mer

For nesten ti år sidan skjedde det noko liknande, då situasjonskomedien Ali Reza and the Rezas, marknadsført som den første norske fjernsynsserien som tok opp innvandrarkultur, blei skulda for rasisme allereie etter første episode.

Likevel førte ikkje rasismeskuldingane til vidare debatt, ja, dei blei ikkje ei gong konkretiserte i det einaste medieoppslaget om saka. Det står i kontrast til kontroversen kring Stovner-revyen, som på trass av å ikkje vere ein fjernsynsserie i beste sendetid, men ein skulerevy, har ført til både debatt på Dagsnytt 18 og intens diskusjonsverksemd på sosiale media. Dette fortel oss mykje om korleis me forstår og debatterer rasisme i norsk offentlegheit i 2019, samanlikna med i 2009.

Produsent Shabana Rehman Gaarder og regissør Zahid Ali på premieren til «Stovnerske tilstander» i mars. Varaordfører Kamzy Gunaratnam (t.v.) var blant publikummerne - der også kronpronsparet dukket opp.Foto: Andreas Fadum / Se og Hør
Produsent Shabana Rehman Gaarder og regissør Zahid Ali på premieren til «Stovnerske tilstander» i mars. Varaordfører Kamzy Gunaratnam (t.v.) var blant publikummerne - der også kronpronsparet dukket opp.Foto: Andreas Fadum / Se og Hør Vis mer

Humor-kontroversar er nemleg interessante samfunnsbarometer. Vellukka humor er basert på ein fin balansegang langs kulturelle og sosiale grenser. Den populære humoren er den som klarar å fange opp samtidige sosiale motsetningar, spenningar og dilemma. Humor-kontroversar gjer det klart at nokon har gått over streken, og tydeleggjer slik kva som ligg i desse spenningane.

Det at Stovner-revyen har skapt større bølger enn Ali Reza tyder altså på at rasismeproblematikk er eit vanskelegare tema i Noreg i dag enn i 2009. Dessutan kan ei nærare analyse av sakene få oss til å forstå betre korleis rasisme blir forstått i 2019 versus 2009, og ikkje minst korleis makttilhøva i offentlegheita har blitt endra.

To skilnadar er klare. For det fyrste kjem minoritetar til orde i Stovner-kontroversen, medan dei ikkje fekk ein stemme i Ali Reza-saka. For det andre har dei viktigaste argumenta i sakene ein viktig vesensskilnad: Der blackface blir framheva som eit generelt upassande verkemiddel av kronikk-forfattarane frå Stovner VGS, gjekk kritikken mot Ali Reza ut på korleis den spesifikke framstillinga av innvandrarkultur kunne føre til forsterka stereotypiar.

I framhaldet av dette er det også verdt å merke seg at medan Ali Reza blei kritisert for å bidra til uheldige haldningar blant nordmenn, blir Stovner-revyen kritisert for å bidra til eit utrygt skulemiljø for minoritetselevar.

Argumentasjonen har altså gått frå å handle om majoriteten til å konsentrere seg om minoriteten si oppleving av rasisme. Samstundes er det ein klar påverknad frå internasjonal rasismedebatt, ikkje minst frå USA, der visse estetiske verkemiddel blir framheva som rasistiske uansett samanheng. Blackface blir nemleg sett på som ei konkret vidareføring av både Vestens rasistiske forhistorie og rasismen minoritetar opplever i kvardagen.

Regissør Shabana Rehman og debattantar på sosiale media har argumentert for at den aktuelle sketsjen må bli forstått i sin kontekst, og difor ikkje var blackface. Einskilde har gått lenger, og insistert på at blackface er reservert for den særeigne amerikanske teatertradisjonen ordet er henta frå – og at Stovner-ungdommen og antirasistiske aktivistar nyttar omgrepet som ein slags mene tekel. Det er sjølvsagt at bruken av verkemiddelet i Stovner-revyen er annleis enn den historiske amerikanske tradisjonen.

Meir interessant er dette argumentet som eit teikn på at det sentrale i denne debatten er kampen om definisjon: Kven har rett til å kalle kva for rasisme?

Fleire norsk-iranarar var aktive i nettfora etter premieren på Ali Reza. Innvendingane deira blei i liten grad akseptert, eller i det heile tatt sakleg argumentert mot, av andre forumdeltakarar, men endå meir påfallande var det at dei slett ikkje blei sitert i pressoppslaget om rasismeskuldingane. Faktisk blei ikkje ein einaste person med innvandrarbakgrunn intervjua – berre den kvite regissøren og den kvite pressekontakten til TV 2 fekk ein stemme. Oppslaget blei heller ikkje plukka opp av andre media.

Stovner-saka starta derimot med ein kronikk skriven av tre minoritetselevar ved Stovner VGS, noko som førte den inn i høgborga til den norske offentlegheita, Dagsnytt 18, same ettermiddag. Her møtte rektor ved Stovner VGS to debattantar med minoritetsbakgrunn, nemleg Shabana Rehman og Marian A. Hussein, inkluderingspolitisk leiar i SV. Ikkje berre har rasismeskuldingane ført til debatt i etablerte fora, men eit politisk parti har blitt involvert.

Tendensen haldt fram på sosiale media, der diskusjonen blei ført vidare av Stovner-elevar sjølv, antirasistiske aktivistar, fleire representantar for politiske parti, innvandringsforskarar, komikarar og skodespelarar, og SoMe-debattantane som blir kalla FB-høgre.

Tre minoritetsungdommar frå Stovner har altså klart å setje nasjonal agenda, og dei har gjort det ved å skape ein humor-kontrovers. Det siste er ikkje uviktig: Slik har dei nemleg klart å skape ein nasjonal debatt om at deira eigne sosiale og kulturelle grenser har blitt tråkka over. Kontrasta til 2009 er slåande, då innvandrarperspektivet blei ignorert. Samstundes syner utviklinga at rasismespørsmålet har blitt meir betent og meir komplisert i løpet av dei siste ti åra, og moglegvis også at forståinga vår av det har blitt påverka av internasjonale, særskilt amerikanske, debattar.

Det kan nok bli diskutert om det siste er heldig eller ikkje, men utviklinga klargjer også utan tvil ein styrke for norsk offentlegheit: Nemleg korleis minoritetsstemmer har fått ein heilt annan tilgang til å snakke om sine erfaringar – og slik fått større agenda- og definisjonsmakt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.