Kven krev søndagen som handledag?

Vil den nye regjeringa prøve seg på eit franskinspirert eksperiment med søndagsopne butikkar? Verken folkefleirtalet eller næringslivet vil ha fleire handledagar.

VIL HA HANDLEFRI: «Et nei frå fleirtalet handlar sikkert både om å bremse kjøpepresset, men vel så mykje om behovet for å bryte kvardagen. Folk har godt av avbrekk - ein kviledag. For oss i Noreg er det søndag som er kviledag, forankra i vår kristne kulturtradisjon», skriver kronikkforfatterne. Foto: John T. Pedersen/Dagbladet
VIL HA HANDLEFRI: «Et nei frå fleirtalet handlar sikkert både om å bremse kjøpepresset, men vel så mykje om behovet for å bryte kvardagen. Folk har godt av avbrekk - ein kviledag. For oss i Noreg er det søndag som er kviledag, forankra i vår kristne kulturtradisjon», skriver kronikkforfatterne. Foto: John T. Pedersen/DagbladetVis mer
Debattinnlegg

Etter den franske revolusjonen prøvde makthavarane å utvide veka til 10 dagar. Slik skulle det bli eit meir effektivt arbeidsliv. Det blei ingen suksess. Vil den nye regjeringa prøve seg på eit franskinspirert eksperiment med søndagsopne butikkar? Brustadbua var eit kompromiss. Og kanskje var det eit feilsteg, som har pressa fram meir kommers og fleire impulskjøp. I staden for å halde fram med feilgrepa med å innføre endå meir søndagshandel, bør Erna & Co tenke seg om før det «opne samfunnet» blir tatt i feil retning. Det gir meir valfridom å ha ein vekedag som er annleis. Og truleg ligg det meir rekreasjon og lukke i det, enn i kjøpesentra sine mange produkt, og som lovar å gjere oss både lukkelege og perfekte.

Verken folkefleirtalet eller næringslivet går i front for fleire handledagar. Tvert imot. Administrerande direktør i NHO Handel, Bjørn Næss, har argumentert klart mot å endre heilagdagslova slik at alle butikkar kan ha ope søndagar. Det vil ikkje lønne seg, meiner NHO. Kostnadene vi gå opp, prisane likeeins. Og fleire butikkar vil bukke under. Næringspolitisk sjef i Coop handel oppsummerer det slik: søndagsopne butikkar er ikkje drive fram av kundar, men av politikarar. Litt over halvparten av folket er mot søndagsopne butikkar. Og særleg er kvinnene mot, synar ein spørjeundersøking frå InFact. Nær 60 prosent av dei spurde kvinnene er imot søndagsopne butikkar. Kan hende fordi dei er flinkare til å handle før helga, eller fordi det er fleire kvinner enn menn som då må si farvel til helgefri saman med resten av familien fordi det i all hovudsak er kvinner som jobbar i butikk.

Et nei frå fleirtalet handlar sikkert både om å bremse kjøpepresset, men vel så mykje om behovet for å bryte kvardagen. Folk har godt av avbrekk - ein kviledag. For oss i Noreg er det søndag som er kviledag, forankra i vår kristne kulturtradisjon. I andre kulturar er det fredag eller laurdag. Poenget er at dei fleste samfunn og kulturar held seg med ein slik dag. Som fagforeiningsleiarar er vi opptekne av dei tilsette sin situasjon. Søndagsopne butikkar kan neppe drivast berre av studentar og andre som treng ein ekstrajobb. Mange vil bli pressa ytterlegare til søndagsarbeid. Og her er vi i glashuset. Vi representerer grupper som til fulle må arbeide søndagar og heilagdagar. For prestar er søndagen ein sjølvsagt og nødvendig arbeidsdag. For ikkje å snakke om sjukepleiarar, politifolk og fleire andre som står til disposisjon 24 timar i døgnet, sju dagar i veka året rundt. Det må til for å løyse basale samfunnsoppgåver utan kommersiell drivkraft. Men at somme samfunnsoppgåver må løysast til alle tider, er eit dårleg argument for å innføre søndagsarbeid for stadig fleire. Søndagen blir i så fall ein ny kvardag for stadig fleire. Kva slags valfridom er eigentleg det? Dei fleste klarer seg godt utan eit eksperiment med fleire kvardagar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.