Kven sin kata- strofe var det?

Ei omfattande evaluering av Tsunami-innsatsen konkluderer med at det trengst ei haldningsendring i det internasjonale humanitære samfunnet.

ALDRI HAR SÅ mange bidratt med så mykje til ofra for ein enkelt katastrofe som etter tsunamien i jula 2004. Om lag 35 milliardar norske kroner blei samla inn frå folk verda over. Med det som regjeringar og multilaterale organisasjonar bidrog med kom heile summen opp i 13,5 mrd. dollar, eller om lag 85 mrd. kroner. Fordelt på dei nesten to millionar menneske som vart direkte råka av katastrofen blir det 40-45 000 kroner på kvar. Til samanlikning gav omverda 700 kroner til kvar av dei som var ramma av tørken i Somalia i fjor.Denne rause givarviljen skulle gi det internasjonale samfunnet ein unik sjanse til å gjere ting riktig - til å unngå mange av dei feila som ofte blir gjorde i nødhjelpssituasjonar. Ein kunne i alle fall ikkje skulde på pengemangel. Nytta givarsamfunnet seg av denne sjansen? Ei omfattande evaluering av innsatsen, som Norge har vore med på, gir mange svar.

MYKJE GJEKK BRA. Etter eit halvt år hadde 500 000 menneske i Aceh i Indonesia fått fast tak over hovudet. På Sri Lanka var 80 prosent av øydelagde fiskemarknader, båtar og fiskeutstyr på plass igjen, og 70 prosent av hushalda skal ha fått tilbake stabile inntekter. Barn var tilbake på skulen i alle landa som var hardt ramma, og helsetenestene var langt på veg bygde opp att. Dette er gode resultat, og godt nytt for dei mange som bidrog til hjelpeaksjonen.Livberginga dei første dagane var det lokalbefolkninga og lokale organisasjonar som sørgde for. Innsatsen frå internasjonale organisasjonar dei første vekene får også godkjend karakter. Rapporten konkluderer med at effektiv bistand vart levert stort sett i tide, sjølv om det ikkje skjedde over alt og utan avbrott. Men når det gjeld gjenoppbygging er kritikken klar. Etter at dei internasjonale organisasjonane kom inn vart dei lokale organisasjonane sette til side. Dette er kanskje den klaraste konklusjonen i evalueringsrapporten: At lokal kompetanse og eigarskap vart undergrave av det internasjonale givarsamfunnet. Kven var det sin katastrofe? spør forfattarane av rapporten.

VED Å FRAMSTÅ som livbergarar lenge etter at den akutte nødhjelpsfasen var over, tok dei store organisasjonane ære frå dei lokale og gjorde rehabilitering på sikt vanskelegare. Lokale organisasjonar vart tappa for personell og samstundes pålagde tyngjande rapporteringskrav. Det vart lagt for mykje vekt på fart og profil, noko som førte til unødvendig sløsing, og ofte hadde internasjonalt personell lite kunnskap om sosiale samfunnsstrukturar i regionen. Ikkje all hjelpa som kom inn var eigna heller. Rapportar om høghæla damesko, badedrakter og julenisseutstyr var sikkert overdrivne, men i evalueringsrapporten blir det slått fast at ueigna bistand var eit alvorleg problem. Førehandskontrollen av innsamla klede og utstyr var altfor dårleg. Utstyr som må kastast tar opp lager- og fraktplass, og forsinkar den verkelege hjelpa. Ein klar konklusjon i rapporten er at den mest effektive bistanden var pengehjelp direkte til familiane og lokalsamfunna som var ramma. Då kunne dei sjølve bestemme kva dei hadde mest behov for.

RAPPORTEN PEIKAR på at samordningsrolla, som FN hadde, truleg var vanskelegare enn nokon gong før. Straumen av internasjonale organisasjonar - over 200 i alt - skapte kork i systemet. Mange tok på seg oppgåver som dei ikkje hadde kunnskap om, og lova ting dei ikkje kunne halde. Ei stadig klage var at organisasjonane ikkje klarte å bli samde i viktige saker FN blir kritisert for den måten dei utførte si rolle som koordinator på. Det vart gjort for lite for å informere om FNs samordningsrolle og føremålet med dei fellestenestene FN etablerte. FN hadde stor utskifting av personell, og ofte førte FNs eigne prosedyrar til at organisasjonen var seint ute. Som eit eksempel blir det sagt at det tok fire veker for FN å skaffe seg helikopter.Det er også interessant å merke seg at den vedvarande straumen av besøkjande, ikkje minst høgprofilerte gjester, vart ei ekstra belastning for dei som leidde aksjonen lokalt. Slike besøk førte til at nøkkelpersonell vart bundne opp og logistikken måtte omprioriterast for å ta omsyn til gjestene. Når det gjeld fordeling av hjelpa viser det seg at dei som hadde mest frå før fekk mest. Det fanst ingen felles plattform for vern av minoritetsgrupper og svake grupper. I verste fall vart dei som hadde minst - dei fattigaste familiane og spesielt kvinneleia hushald - sette til side. Denne tendensen synest gradvis å ha forverra seg etter som hjelpearbeidet gjekk framover. Marginale grupper fekk hjelp i den akutte nødhjelpsfasen, men mange vart ståande utafor då ein begynte å byggje opp att.

DET TRENGST EI haldningsendring i det internasjonale humanitære samfunnet, seier rapporten. I staden for å fokusere på å vere «bistandsgivar» må dei internasjonale organisasjonane sjå det som si oppgåve å leggje til rette for den innsatsen som lokalsamfunn og lokale organisasjonar gjer sjølve, på grunnlag av behov som befolkninga sjølv ser. Særleg må ein slutte å undervurdere behovet for omfattande informasjon. Behovet for eit betydeleg nødhjelpsfond i FN blir endå klarare enn før. Ei tilråding er å etablere eit sertifiseringssystem for å godkjenne organisasjonar slik at dei tilfredsstiller visse profesjonelle krav.Mange av problemstillingane har vore drøfta i fleire år mellom anna i det internasjonale nettverket ALNAP, som prøver å trekkje ut lærdom frå evaluering av humanitær bistand. Og ikkje alt er så enkelt som det kan høyrast ut. Dersom ein følgjer anbefalingane frå rapporten og aukar satsinga på lokale organisasjonar skaper ein nye utfordringar. Faren for korrupsjon kan bli større - for å ta eit lite eksempel. Og eit anna: At dei som hadde mest får mest er vel ikkje urimeleg dersom eit brukar prinsippet om at folk får erstatta det dei hadde frå før. Dei fleste observasjonane i rapporten er ikkje nye. Men denne gongen hadde organisasjonane alle dei ressursane ein kunne ønskje seg, og likevel gjorde dei mange av dei same feila om att. Evalueringsrapporten gir ein sjanse til å forsterke debatten om korleis internasjonalt nødhjelpsarbeid kan styrkjast og gjerast meir effektivt. Norad ønskjer ein brei debatt om dette.