Kven skal forhandle med Døden?

KRISTINA: Saka om fireåringen i respirator på Haukeland sjukehus er vond, og ho skaper ein sår debatt. Ein mann har mist kona si, og er no i ferd med å misse eit barn. Ansvarlege legar har brukt all sin kunnskap og engasjement for å berge barnet hans. No er det ikkje meir å gjere, og dei vil kaste korta. Døden må få sitt. Dette slaget var det han som vann.Det blir fjernsynsdebattar, og det strøymer inn støttemeldingar til faren frå heile landet. Advokatar svingar seg, og legane, som har teieplikt, er tydeleg plaga av situasjonen. Alle har det vondt.Vi er i ein tidlaus og vond situasjon, ansikt til ansikt med den siste fiende, Døden, slik forfedrane våre har stått i alle tider. Vi har ikkje greidd å nedkjempe han. I eit kvart menneskeliv møter han trufast opp og krev sitt til slutt. Og det kan vere mykje stygt i Dødens grannelag. Problemet er berre at han også kan vere den siste venen, som gjev den siste handa og løfter eit menneske ut av vonlaus og meiningslaus liding og gjev eit liv ein verdig slutt. Den siste fienden kan også vere ein forløysar.Dei siste par hundreåra har vi trengt oss innpå Døden. Han regjerer ikkje så fritt som han eingong gjorde. Før hadde han høgare makter på si side: Gud, naturen, sjukdommar, krig, pest og plage, eller kva vi no vil kalle dei. Døden fekk sitt når han ville ha det. No er det vi som er høgare makter. Ved moderne medisin kan vi utfordre Døden. Når han kjem for å hente sitt, som Bøygen i Peer Gynt, har vi makt til å sende han ut på nye venterundar. Og han må fint vente og det er langt på veg vi som bestemmer når ventetida er slutt. Vi er dei første i historia som kan føre forhandlingar med Døden på denne måten.Den moderne medisinen med sin kunnskap har gitt oss denne makta, og med makt følgjer ansvar og vonde val. Og det er der vi er no, i desse dagane. Det var nok dette Gud hadde i tanken då han i Edens hage åtvara Adam og Eva mot å ete av kunnskapens tre. Då skulle dei kjenne skilnaden på godt og vondt, og det ville vere ei tung bør å bere. Og slik vart det, historia kjenner vi. Det kan liggje kompakt visdom i gamle mytar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

KVEN AV OSS skal bere dette ansvaret, som no ligg i våre hender? Kven skal gjere desse vonde vala? Kven skal forhandle med Døden? Det må legane gjere. Dei kjenner han best. Dei lever sitt liv i hans grannelag, i nesten dagleg kamp mot han. Og dei veit, betre enn nokon, at det kan bli svært stygt rundt han om han må vente for lenge. Døden er ikkje det verste, som ein lege sa her om dagen. Legane har velprøvde prosedyrar før dei kastar korta.Vi andre, også pårørande, må så sterkt vi kan be om å få sleppe dette ansvaret. Det er for tungt. Om vi skal ha makt til å påverke den avgjerda legane skal ta, gir vi oss inn i eit terreng vi ikkje kjenner. Vi har lita aning om kva avgjerda kan føre med seg av liding og vondt, og avgjerda kan gje konsekvensar som kan bli tunge å leve med i resten av våre liv.Blir rettsapparatet opna for slik saker, slik det kan tyde på, veit ingen kvar vi hamnar. Vi kan få friske advokatar, utan teieplikt, som vinklar og fokuserer tvilsame medisinske fakta, medan legane har teieplikt. Det vi såg på TV her om kvelden var ikkje vakkert. Legane kan bli redde og forsiktige, og forlenge meingslaus behandling for å sleppe medias gapestokk og ivrige juristar. Det kan bli meir av meinigslaus liding ved livets utgang. Slike gapestokkeffektar har vi sett før. Vi må halde juristane unna. Helsetilsynet må kunne greie å sjå til at det går rett for seg på sjukehusa. Vi må få be lovgjevarane våre å sjå til at vegen til rettssalen er forsvarleg stengd i saker som denne. Desse sakene har ingenting der å gjere. Då blir det siste verre enn det første.

VI PÅRØRANDE har det vondt nok når vi ser Døden ved senga til våre kjære. Vi har korkje kunnskap eller sinnsbalanse til å vere med og bestemme avslutta eller forlengd behandling. Vi står i fare for å skade både den døyande og oss som skal leve vidare.Denne kalken må vi sleppe å drikke.Desse forhandlingane med Døden må vi sleppe å føre.Dette må andre gjere. For oss. Og for den døyande.