KRITISK TIL DE NYE HANDELSAVTALENE:  - Me byggjer ikkje Noreg ved å selje ut landet sine ressursar, gje bort makta til utanlandske byråkratar og juristar eller ved å sentralisere makt og folk. Stortinget si oppgåve er å byggje nasjonalstaten til beste for eigne innbyggjarar, skriver Liv Signe Navarsete (Sp). Foto: Geir Bølstad
KRITISK TIL DE NYE HANDELSAVTALENE: - Me byggjer ikkje Noreg ved å selje ut landet sine ressursar, gje bort makta til utanlandske byråkratar og juristar eller ved å sentralisere makt og folk. Stortinget si oppgåve er å byggje nasjonalstaten til beste for eigne innbyggjarar, skriver Liv Signe Navarsete (Sp). Foto: Geir BølstadVis mer

Kven skal styre Noreg?

- Me byggjer ikkje Noreg ved å selje ut landet sine ressursar, gje bort makta til utanlandske byråkratar og juristar eller ved å sentralisere makt og folk.

Meninger

Laurdag 18. april vert det markert motstand mot dei nye handelsavtalane TISA og TTIP over heile verda. Aksjonen er ei markering i forsvar for folkestyret. Folkestyret er grunnmuren i ein kvar fungerande velferdsstat. Folkestyret er grunnlaget for fellesskapen og tilliten me har i Noreg. Utan eit levande folkestyre blir det vanskeleg å ta vare på miljø, solidaritet og arbeidsrettar. Som folkevalde reagerer me på hemmeleghaldet kring forhandlingane. Senterpartiet har difor saman med SV fremja eit privat lovforslag der me ber regjeringa offentleggjere rammeverket kring forhandlingane om TISA-avtala, der Noreg deltek. Stortinget skal drøfte forslaget i løpet av våren.

Me ser i dag særleg tre område der folkestyret er under åtak:

1. Eigarskap til ressursane. Thomas Piketty si bok Kapitalen i det 21. århundre har fått stor merksemd det siste året. Boka har gjort dei blå sitt store prosjekt med å fjern skatt på opparbeidd formue vanskelegare. Ein av dei viktigaste konklusjonane til Piketty er at eigarskap til ressursane og produksjonsmidla gjev større avkastning enn arbeid. Store deler av Noreg er i dag trua av utsal. Regjeringa ynskjer å selje unna naturressursar som norsk jord, skog, fisk og fossefall. Desse ressursane er evigvarande dersom me forvaltar dei på ein god måte, og er heilt avgjerande for framtidas velferd i Noreg. På same tid ynskjer regjeringa å selje meir av bedrifter som Kongsberg Gruppen, Telenor og Flytoget. Desse bedriftene eig anten forsvarsteknologi eller infrastruktur som er avgjerande for å sikre eit trygt Noreg med like moglegheiter over heile landet. Kva andre land sel i dag ut sine viktigaste bedrifter utan å vere i djup økonomisk naud? Regjeringa Solberg oppfører seg som om me skulle vore Hellas.

Artikkelen fortsetter under annonsen

2. Rettsliggjering av politikken. I dag ser me at frustrasjonen i EU breier seg. Folkets valde representantar vert ribba for makt, og veljarane har liten, om noko, reell påverknad gjennom sine røyster. Me ser ei aukande rettsleggjering av politikken, EU- og EFTA-domstolen får stadig meir makt til å ta avgjerder over folk sine liv. Avgjerdene vert tekne av juristar som sit langt unna, og som ikkje står til ansvar ovanfor dei som blir styrt. Gjennom EØS-avtala vert den eine EU-lova etter den andre innført også i Noreg, utan at norske politikarar set foten ned. No vil regjeringa ha ei enda raskare innføring av EU-direktiv. Kor raskt er det eigentlig mogleg å innføre EU-lover, og samstundes sikre ei sjølvstendig nasjonal vurdering av dei?

Noreg må kanskje innan kort tid ta stilling til to nye internasjonale bindande avtalar: TISA- og TTIP-avtalane. Lekkasjar tyder på at TISA-avtala kan gjere det svært vanskeleg å reversere privatisering av tidligare offentlege tenester som regjeringa ikkje har teke spesifikt unntak for. Ein kan og risikere at Noreg blir nekta å opprette nye offentlege tenester når nye behov for felles løysingar oppstår. EU har, etter mykje press, offentleggjort sitt mandat for TISA-forhandlingane. Det har no blitt avslørt at Regjeringa ikkje ein gong har skrive noko mandat. Dermed gir regjeringa makta til handelsbyåkratane. Om Noreg blir knytta til TTIP-avtala, kan avtala gje internasjonale selskap høve til å saksøke landet vårt. Døme på slike tilfelle er då Egypt blei saksøkt for å ha innført minstelønn, då Québec blei saksøkt for å ha innført forbod mot miljøfiendtlege metodar for brenning av olje, og då Australia blei saksøkt for å ha innført åtvaringar mot helseeffektane av røyking. Ynskjer me ei slik utvikling i Noreg?

3. Lokalt folkestyre. Noreg er eit land prega av likeverdige kår, og kort veg frå folket til makta. Folk trivst best der dei reelt kan påverke eige liv og lokalsamfunnet sitt. Det gjer at me kan nytte ressursar over heile landet og ha ein geografisk balanse som har tent Noreg godt. Det er ikkje tilfeldig at det er folk i små kommunar som er mest nøgde med tenestene i kommunen sin. Dersom du ser at noko kan gjerast betre på sjukeheimen der mor di bur, på skulen der dottera di går, eller på legekontoret du sjølv har vitja er det ein fordel at vegen til dei ansvarlege er kort. Den sosiale kapitalen er ofte høg i små samfunn.

I dag ser me at måla for politiske avgjerder vert pakka inn i tvetydige bodskap. Tvangssamanslåing av kommunar vert kalla «demokratireform». Nedlegging av lensmannskontor vert kalla «nærpolitireform». Nedlegging av lokalsjukehus kallast «styrking» og «robustgjering» av helsetenestene. Blir folk tryggare når lensmannskontoret eller sjukhuset nær dei er lagt ned? Får folk meir påverknad over kommunen sin når færre politikarar skal styre over stadig fleire? To spreiddbygde kommunar blir ikkje ein tettbygd. Det er gode grunner til at me har vald den organiseringa me kjenner i dag. Dagens regjering viser lite respekt for folkemeininga eller våre historiske erfaringar i si blinde tru på at «størst er best» - uansett.

Me byggjer ikkje Noreg ved å selje ut landet sine ressursar, gje bort makta til utanlandske byråkratar og juristar eller ved å sentralisere makt og folk. Stortinget si oppgåve er å byggje nasjonalstaten til beste for eigne innbyggjarar. Det trengs større offentleg debatt om korleis det kan skje. For mykje makt er alt flytta ut av demokratiske organ. Me som folkevalde må ta attende det norske folkestyret!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook