SYLTYNT: «Bruk og kast er ein dårleg strategi både i fotballen og i arbeidslivet», skriver artikkelforfattaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
SYLTYNT: «Bruk og kast er ein dårleg strategi både i fotballen og i arbeidslivet», skriver artikkelforfattaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixVis mer

Kven skal ut?

Bruk og kast er ein dårleg strategi både i fotballen og i arbeidslivet.

Debattinnlegg

Arbeidsminister Robert Eriksson ivrar for at det skal bli enklare å bruke mellombels tilsetting i norsk arbeidsliv. Men han strevar med å finne argument. I Dagbladet (13. november) tyr han til fotballmetaforar, og hevdar at viss fleire får «prøvespele» blir det fleire A-lagsspelarar. Alternativet er tribunen, altså ein plass utanfor arbeidslivet, hevdar statsråden.Godt forsøk, men realiteten er at skal ein ny spelar inn på A-laget, må ein annan ut. Det blir ikkje fleire plassar på laget av at fleire kjem ned frå tribuna. Og då er vi ved statsrådens svake punkt: Det blir ikkje fleire arbeidsplassar av mellombels tilsetting. Det blir berre fleire i utrygge tilsettingsforhold. Det viser både studiar frå OECD og erfaringar frå land der mellombels tilsetting er meir brukt og misbrukt enn her til lands.

Eg trekkjer ikkje i tvil at statsråd Eriksson har gode intensjonar. Han vil svært gjerne legge til rette for at fleire som i dag står utanfor arbeidslivet skal få arbeid. Det er prisverdig, og IA-avtalen må forsterkast på dette området.Mellombels tilsetting er ikkje noko nytt grep. Arbeidsmiljølova gir rom for slik tilsetting. Det trengst for å dekke vikariat, for å ta sesongtoppar og for å handtere oppgåver som faktisk er av mellombels karakter. Dette er fleksibelt og fornuftig. Men det er slett ikkje fornuftig å legge opp til at det er dei som står svakast på arbeidsmarknaden - funksjonshemma og unge - som skal brøyte veg for fleire utrygge tilsettingsforhold.Eriksson bruker eigne opplevingar som ung som argument for at mellombels tilsetting er bra. Vi har vel alle hatt sommarjobb og strøjobbar ved sidan av skule og studiar. Dette er likevel eit syltynt grunnlag for ny politikk. Statsråden kan ikkje lene seg på andre lands erfaringar for å hevde at midlertidige stillingar gir svake grupper muligheiter. OECD sine tal viser at fleire mellombels stillingar skaper eit arbeidsliv der det er «fort inn og fort ut», og at det ikkje finst dokumentasjon på at mellombels er eit springbrett til faste jobbar. Tal frå Tyskland som etablerte eit stort tal mellombels stillingar for å møte finanskrisa, viser at det er dei mellombels tilsette som taper lønnsmessig.

Men statsråden og arbeidsgjevarane må gjerne bruke fotballen - breiddefotballen- som rettesnor. Då handlar det om tilrettelegging, alternative tilbod og varierte aktivitetar for å inkludere og halde på flest mogeleg. Tilbodet må vere der, og bruk og kast er ein dårleg strategi både i fotballen og i arbeidslivet.