FEMINIST FORDI: - Det er når summen av maktkritisk satire sjølv blir ein maktfaktor. Det er når summen av kanskje hyggelege, kanskje kjipe, seksuelle tilnærmingar gjer at ho føler at ho må bruke tida si på å vere eit seksuelt vesen, skriver artikkelforfatteren. Bildet er av den franske, feministiske organisasjonen "Osez le feminism" (Våg feminisme) og en plakat av feministen Simone De Beauvoir. Foto: NTB Scanpix.
FEMINIST FORDI: - Det er når summen av maktkritisk satire sjølv blir ein maktfaktor. Det er når summen av kanskje hyggelege, kanskje kjipe, seksuelle tilnærmingar gjer at ho føler at ho må bruke tida si på å vere eit seksuelt vesen, skriver artikkelforfatteren. Bildet er av den franske, feministiske organisasjonen "Osez le feminism" (Våg feminisme) og en plakat av feministen Simone De Beauvoir. Foto: NTB Scanpix.Vis mer

Kvifor eg er feminist

Det som gjer meg til feminist, og ikkje til ein anti-drittsekk-aktivist er systematikken i erfaringane. Ein systematikk menn ikkje opplever i kraft av kjønnet sitt.

Meninger

Inger Merete Hobbelstad skriv i Dagbladet 15. april om korleis erfaring av seksuell trakassering blir generalisert, og at veldig mange kvinner ikkje kjenner seg igjen i dei skildringane vi får høyre om. Dette er viktige kjennsgjerningar: Mange kvinner har fruktbare og oppbyggelege relasjonar og møter med menn. Likevel bommar ho på målskiva ved å unnlate det viktigaste - og det er det som gjer at eg er feminist:

Det store problemet ligg ikkje i den eine handa som snik seg oppunder skjørtekanten. Problemet er ikkje det eine ropet etter ein på gata om ein vil ha kuk. Og problemet er ikkje den eine, nedlatande kommentaren frå den mannlege kollegaen. Kvar av desse erfaringane kan heller setjast på drittsekk-kontoen. Det same gjeld karikaturar: Problemet er ikkje den eine portretteringa av ein debattant, eller den seksualiserte latterleggjeringa av profilerte folk. Alt dette kan ein seie at ein må tåle i yttringsfridomens, karikaturfridomens og det maktkritiske ordskiftets namn. Kritikk av desse erfaringane kan alle vere relle overdrivingar. Ingen av desse gjer meg til feminist.

Det som gjer meg til feminist, og ikkje til ein anti-drittsekk-aktivist er systematikken i erfaringane. Ein systematikk menn ikkje opplever i kraft av kjønnet sitt. Det handlar om heile spekteret frå uskuldige kommentarar og klønete formuleringar, via fordommar, til rein trakkasering, vald og trugsmål. Det er når summen av maktkritisk satire sjølv blir ein maktfaktor. Det er når summen av kanskje hyggelege, kanskje kjipe, seksuelle tilnærmingar gjer at ho føler at ho må bruke tida si på å vere eit seksuelt vesen. Ein kjem ingen veg med å straffeforfølgje flesteparten av desse eller gjere dei sosialt uakseptable, ein gjer det ved å dele opplevingar og kritisere systemet.

Eg tar meg ofte i å tenkje at folk overdriv problemet. Og så ser eg systematikken. Difor eg er feminist.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook