LOUI & LEXUS. (Foto: Rainer Nokken Kleive)
LOUI & LEXUS. (Foto: Rainer Nokken Kleive)Vis mer

Vekas Vers:

Kvifor er dei så lei seg, dei nye rapparane?

Mollstemt middelklasse.

Ej e aldri meir i tvil
de e som om dinne jenta fann en
vei som ej aldri he sett for mej inni mitt liv
og de e real

Nei, realness er ikkje kva det ein gong var i hip-hop, og det er no like greitt. Men kvifor er dei så lei seg, dei nye rapparane? Til og med ressurssterke ungdommar frå Volda, som har funne kjærleiken, er triste.

Me var vel fleire på nittitalet som likte å svare flåsete på spørsmål om indierock. «Om eg likar indie? Ja, fin måte å gi ut musikk på, det.» Indie er ei forkorting av independent, og det handla i utgangspunktet om at ein gav ut musikken sin sjølv, eller i det minste på små selskap, i staden for på eit av dei store og fæle selskapa. Etter kvart vart det ein sjanger som kanskje best kan definerast som litt underprodusert, enkel, men kunstnarisk ambisiøs rock. Gjerne mollstemt og melankolsk.

I dag har me soundcloudrapp. Det er igjen eit omgrep som eigentleg fortel korleis ein distribuerer musikken, og igjen er det i opposisjon til dei store etablerte kanalane. Soundcloud er ein gratis nettstad der alle kan legge ut sin eigen musikk, og det gjer både undergrunnsartistar og mange av dei store. Det er òg fritt fram for å alle å berre logge seg på for å lytte, og nettstaden tilbyr ei enorm mengde lyd og musikk. Ein finn sjølvsagt alle slags variantar av hip-hop på Soundcloud, men likevel, det som i dag vert kalla soundcloudrapp kan kanskje best definerast som litt underprodusert, enkel, men kunstnarisk ambisiøs rapp. Gjerne mollstemt og melankolsk.

For å halde fast i den flåsete stilen frå nittitalet, kan eg spørje «vert ein alltid så lei seg av å vere i opposisjon til etablerte musikkdistributørar?»

Ikkje all soundcloudrapp er berre melankolsk. Det finst òg aggressiv og valdeleg musikk, som den svært omdiskuterte og nyleg drepne XXXTentacion. Den kontrastfyllte agro/emo-stilen hans har påverka mange; i Noreg har me til dømes Ha!en, ein rappar frå Loddefjord, som allereie har gitt ut to ep-ar. Soundcloudrapp kan òg vere humoristisk og festleg, som Yoguttene. Dei starta karrieren sin på Soundcloud, og laga til og med ein låt om suksessen då dei passerte 20.000 lyttingar.

Det handlar som så ofte elles om identitet og tilhøyrsle, både for musikarane og lyttarane. Folk flest vil kjenne seg inkluderte i fleire fellesskap, og det musikalske fellesskapet må ha ein merkelapp, eit namn, så me veit at me snakkar om det same. Og så er det ikkje så farleg at sjølve namnet fort mister si opphavlege tyding, for på same måte som alle dei største plateselskapa selde tonnevis med indierock-cd-ar på nittitalet, har soundcloudrapparane for lengst inntatt Spotify.

Det er òg interessant å notere seg at dei yngste oppfattar det meste på nettet som forum eller fellesskap. Underteikna lagar og gir sjølv ut musikk. For litt sidan møtte eg ein 13-åring som var fan, men som ville gi meg eit godt råd: «Du må vere meir aktiv på Spotify».

Den norske soundcloudrapp-jungelen er stor (både på Soundcloud og Spotify), og mellom dei mest spennande kunstnarane finn me to unge menn frå Volda. Dei kallar seg Loui & Lexus, og debuterte på Soundcloud i 2014. Lexus lagar fine minimalistiske og basstunge beats med skumle og triste synthar, og Loui rappar.

Loui heiter eigentleg Emil Lewe, og er både ein svært musikalsk vokalist og ein talentfull tekstforfattar. Tekstane handlar om han sjølv, kjærleikslivet hans, og ofte om å føle seg utilpass og tom; han er ung i Noreg i 2018, han har alt, og han har sett alt. Stilen er altså tidstypisk; ikkje like tøff i trynet eller skrytande som tradisjonell rapp, men minst like egosentrert. Det er han godt klar over – fjorårets ep heiter like godt «Om mej og om mej» – og han har eit frigjerande glimt i auget, utan at ein sluttar å tru på inderlegheita. Det er ein fin balansegang.

Han vekslar òg lett og ofte mellom rapp, song og alle slags mellomting. I tillegg har han ei naturleg fin stemme, og er ikkje redd for å bruke henne nakent, altså utan mange ekstra vokalspor og effektar. Dét er mindre tidstypisk.

Den finaste og kanskje beste songen på fjorårets ep, heiter «Aldri meir i tvil», og er ein kjærleikssong. Emil har møtt jenta i sitt liv, og no er det ingenting anna som betyr noko. Han fortel om korleis dei møttest, og at ho får han til å kjenne seg fri. Det er ein truverdig og flott tekst, og som mykje av dagens unge forteljingar, har han innslag av ein slags magisk realisme: «Og du sa emil kan du bli me mej og emil du e real me mej / og en milliona stjerneskudd på himmelen ga liv til mej».

Levemannen Loui er forelska og «aldri meir i tvil», så kvifor er også denne songen pakka inn i moll og melankoli? Det er igjen trist og låkt.

I nest siste linje kjem kanskje svaret: «fanga mej lett, helde mej tett, inntil den dagen du legge mej vekk». Songtittelen er altså ikkje sanninga, det er meir som eit desperat håp han eigentleg ikkje trur på. Han søker ikkje kjærleiken, for den har han funne. Han søker evna til å tru på den kjærleiken han har funne.

Me veit at klovnen ofte er ein trist person. Og omvendt? Er melankolikaren eigentleg ein glad, men desillusjonert og bortskjemd ungdom frå middelklassen? Litt som indierockaren?