Kvifor, Ove Røsbak?

KVIFOR ER BRÅTT

Alf Prøysen blitt «En annerledes Alf Prøysen» som du skreiv i Dagbladet (10.7.)?

Kvifor var det så viktig at vi måtte få veta dette?

Kva har Alf Prøysen si dikting med hans seksuelle legning å gjera?

Trur du verkeleg at vi som set stor pris på Prøysens dikting «vil skjønne de mørke trekkene ved Alf Prøysens verk bedre, og kanskje gjennom det sette enda mer pris på lyset, menneskeligheten, kjærligheten som er kjernen i hans diktning?»

Hallo! Skulle altså Prøysen sin seksuelle legning få oss til å tolka diktinga hans på andre og nye måtar?

ALLE SOM KJENDE

til han visste og at han var sky og beskjeden. Du som kjende så mykje til Prøysens liv, burde teke omsyn til dette.

Når det gjeld dette å vera «ænsles» kan det nok vera mange fleire enn berre to grunnar til det. Særleg når det gjeld kunstnarar er det ei kjend sak at dei vert sett på som «ænsles». Eg vågar å ta eit anna eksempel på ein kunstnar som og var «ænsles», om enn på ein heilt anna måte enn det me diskuterar her, nemleg Olav H. Hauge.

Bonden og gartnaren som frå heilt unge år helst ville lesa og skriva dikt i staden for å driva jordbruk. Det var ikkje enkelt i ei lita bygd der ein ikkje dreiv med slikt. Ikkje rart det vart mange såre og tunge dikt, men gjennom sårleik og ofte einsemd voks storheita i diktinga til verkeleg storverk. For dei som les dikta hans vil ein sjå korleis han trong naturen, jorda, blomane, fjorden, trea og fjella.

Der i Hardanger-naturen, så ulik flatbygdene på Hedemarken, der i jordnærheita i «det store i det små», i sårleiken, beskjedenheita og «ænslesheita», meiner eg ein kan sjå stor likskap mellom desse to, Olav H. Hauge og Alf Prøysen.

ATTENDE TIL ALF

Prøysen. Sjølv om vi lever i 2004 og dei aller fleste av oss heldigvis har eit naturleg forhold til dei ulike former for relasjonar, finst det framleis dei som heretter vil forbinda Prøysen med seksuelle undertonar. Kanskje folk som ikkje har hatt så nært forhold til det vide spekteret som Prøysen hadde. Dette burde du tenkt på, Røsbak.

Dette unike mangfaldet har stått og burde fått lov å stå på egne bein.