MØTER FOLKET: Som statsminister kan Erna Solberg (H) ein gang i året møte folket utan å bli avbroten av plagsame journalistar og opposisjonspolitikarar. Biletet er frå nyttårstalen i fjor. Foto: Wegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix
MØTER FOLKET: Som statsminister kan Erna Solberg (H) ein gang i året møte folket utan å bli avbroten av plagsame journalistar og opposisjonspolitikarar. Biletet er frå nyttårstalen i fjor. Foto: Wegard Wivestad Grøtt / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Erna Solbergs nyttårstaler

Kvifor vil ikkje Erna snakke politikk?

Erna Solberg framstår som ein apolitisk riksterapeut i sine talar til folket. 

Meninger

Ein gong i året kan statsministeren møte folket utan å bli avbroten av plagsame journalistar og opposisjonspolitikarar – i nyttårstalen. Eller slik: Ein gong i året må den fremste handverkaren for den politiske makta formulere i ord kva han eller ho vil.

Korleis nyttar statsminister Erna Solberg høvet når ho har heile sendenettet til NRK og TV2 til fri disposisjon?

HAR HØRT PÅ ERNA: Jørgen Norheim.
HAR HØRT PÅ ERNA: Jørgen Norheim. Vis mer

Lat oss seia at eg kom til Noreg ein vinterdag utan å ha høyrt namnet Erna Solberg, og langt mindre visste at ho var statsminister i Noreg. Døgnvill som eg var, visste eg heller ikkje at det var nyttårsdag. Dersom eg tilfeldigvis fekk opp nyttårstalen på tv-skjermen, ville «statsminister» av alle mogelege talarar ha kome langt ned på lista. Eg ville gjetta på ein medial riksterapeut. For talane er apolitiske, dei omhandlar ei ikkje-politisk livsverd. Tilnærminga er terapeutisk, tonen er matriarkalsk. Som ei mild og myndig mor snakkar til barna sine.

1. januar 2014: For første gong sidan 1990 talar ein statsminister frå Høgre til det norske folk. Det burde vera historisk sus over situasjonen når ein statsminister frå partiet endeleg kan ta ordet. Kva gjer Erna? Etter den sosialdemokratiske helsinga, «Kjære alle sammen», går ho rett inn i kvardagen: «Etter ferien ser mange nå frem til å vende tilbake på jobb.» Temaet er dei i arbeidslivet som slit med psykiske helseproblem. Vel og bra, umogeleg å vera usamd, men må det ein statsminister til for å fortelja oss dette? Kvifor så smålåten på eigne vegner? Kvar er historias vengesus? Kvar er det store vi? Ville ikkje eit par ord om regjeringsskiftet vera på sin plass – folkeviljen i val eller liknande? Det verkar ikkje som ho er klar over det, men ho er noregshistorie der ho står. Med Ernas regjering har det kome til eit vasskilje i norsk politikk, ho gjer det ingen borgarleg politikar har vilja eller tort: å sleppe Framstegspartiet inn i regjeringskontora. Kanskje er ho pinleg klar over det radikale (ekstreme) ho har gjort, og akkurat difor vel å lata som ingen ting?

Artikkelen fortsetter under annonsen

1. januar 2015: «Kjære alle sammen. Vi er mennesker for hverandre. Mors og fars kjærlige omsorg for sine barn. Omsorgen for hverandre i samlivet. Naboens hjelpende hånd. Kollegaens støttende ord. Ditt bidrag til lokalsamfunnet.»

Etter Ernas andre tale blir det klart: Statsministeren vil ikkje snakke politikk. I denne talen stig ho endå klarare inn i rolla som riksterapeut, som ein sekulær prest. Grunntemaet er sivilsamfunnet, altså livet utanfor politikken, som politikken skal leggje til rette for, men elles halde seg unna. Gjennomgangssetninga er: «Vi kan alle gjøre en forskjell.» Vel og bra. Umogeleg å vera usamd. Men bør ho ikkje heller nytte høvet til å gjera politikken forståeleg for folk flest?

Eg har sans for Erna som politikartype – nøktern, ujålete, ingen store fakter. Truleg er ho eit velmeinande og skikkeleg menneske. Eg kunne gjerne hatt henne som granne og lagt inn nøkkelen der i tilfelle eg skulle låst meg ute, kanskje spurt henne om å vatne blomane når eg var på ferie. Men ho er politikar, så spørsmålet eg sit att med etter talen, er: Kvifor vel ho ei så apolitisk tilnærming? Her skulle eg gjerne hatt ein nøkkel.

1. januar 2016: Erna er innhenta av politikken. Det er umogeleg å lata som ingen ting lenger. Flyktningstraumane mot Europa gjer det umogeleg ikkje å snakke om krig, fattigdom, masseflukt og folkevandring . Og det gjer ho, men korleis? Utgangspunktet er vår norske uro: «Jeg forstår at mange føler uro.» Korleis formidlar ho dilemmaet kvar ansvarleg politikar står overfor, å vilja hjelpe, men samstundes vita at ein ikkje kan hjelpe alle? Erna strevar her med å teikne eit truverdig bilete av det humanitære Noreg, som i talande stund er i ferd med å få den kanskje strengaste asylpolitikken i Vest-Europa, banka gjennom av Framstegspartiets aggressive og veltalande innvandringsminister Sylvi Listhaug. Eg høyrer røysta til Erna, men ser hendene til Sylvi. Ernas røyst: «Mange av de som har kommet trenger beskyttelse. Men mange kommer også fra trygge kår. Derfor har vi strammet inn lover og regler.» Frå trygge kår?

Erna – midt i si tid: Oppi all postmoderne iscenesetjing – kan ein trekkje noko ut av Ernas talar om kvar norsk konservatisme står i dag? Det er vanskeleg å få tak på kva som er Ernas prosjekt. Har ho noko prosjekt? Utover det eine: Regjeringsmakt? Høgre ville ha slutt på ørkenvandringa og Erna skulle føre dei inn i det lova landet (regjeringskontora). Men prisen var Framstegspartiet.

Kanskje er min kritikk av Ernas talar like mykje ein kritikk av samfunnet som har valt henne – eit innovervendt samfunn der vi stadig går og føler på korleis vi har det. For det er ikkje slik at Erna er på viddene. Ho står støtt midt i si tid og er ein god representant for eit Noreg der kardinalspørsmålet er: «Korleis har vi det?»

Kjære Erna, av politiske grunnar hadde eg vona at det vart med desse tre talane. Når det no likevel blir ein fjerde (men det var nære på), så har eg eit velmeint råd: Snakk politikk!

Denne teksten er en kortversjon av en artikkel i siste utgave av tidsskriftet Syn og Segn, nr. 4/2016.