Kvikklunsj og krig

Undersøkingar av konvensjonelle tankeløyper i eit grenseland.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Erling Indreeide markerer seg igjen som ein ordkunstnar som her er på veg gjennom landet etter sine eigne løyper, før han kjem, eg hadde nær sagt, i landsmål. Det opnar med ein solsong spunne ut av ein artikkel om solstormar i Aftenposten, og avsluttar med eit svært neddempa og tilbakehalde kjærleiksdikt i ein slags sekstitalsaktig prosalyrikk. Men mellom desse finn me originale og susande langrennsdikt om olje, og eit dikt på 60 (!) sider som heiter «Barndom i Europa»og som er så omfattande og samansett, men samstundes så drivande og spennande i sine soger og sprang, at ein ikkje sluttar å forundra seg, er dette verkeleg mogeleg?

Arkaisk

Etter dette kjem me fram til eit dikt med rim og rytmesom med den arkaiske tittelen «Snø på Romerike» plasserer seg trygt og stadfesta i heimlandet att. Ein gjer vel i å merke seg undertitlane på diktsamlinga: «Dikting 2004 - 2005 basert på verkelege hendingar. Eit forsvarsskrift (teorien, himmelen og jorda). Der Wærness kan nærma seg dramatikken, Haagensen kan nærma seg romanen, nærmar Indreeide seg kanskje mest ei leiken og underfundig form for essayistisk poesi. I desse tekstane som delvis renn av garde som ein språkleg nedoverbakke der det svingar og hoppar frå det eine til det andre, og i andre delar kan minna om å ta seg fram i tyngre og meir ulendt oppoverterreng, er mange tema ved vårt lands utvikling med.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer