Kvinna Hemingway brynte seg på

Nytt lys har blitt kasta over Ernest Hemingway, både gjennom nyutgitte bøker og 100-årsmarkering. I all omtalen og diskusjonen om kor vidt - eller kor mye macho Hemingway var - er det ei kvinne som er påfallande fråverande.

Det er kvinna han dediserte «For Whom the Bell Tolls» til; kvinna som også var hans skarpaste konkurrent som journalist; kvinna som han gifta seg med, men som han likevel verken kunne stagge eller hamle opp med: Martha Gellhorn.

I fjor døydde ho. Martha Gellhorn var da 89 år og aktiv journalist til det siste. Sidan åttitallet skreiv ho først og fremst for det litterære tidsskriftet Granta, men også for dei store britiske avisene. Og som for Hemingway, var det den spanske borgarkrigen som skaffa ho det store journalistiske gjennombrotet. Martha Gellhorn var på denne tida og seinare, under den andre verdskrigen, ein av verdas mest berømte journalister - og med eit rykte som kanskje var meir macho (dvs. sjølvhevdande utan å ta særleg omsyn til andre) enn Hemingway sitt. Av det ho seinare hata mest var at syttiåras feministrørsle tok henne til inntekt for kvinnekampen og plasserte henne i samlekategorien «women's writers». Martha Gellhorn ville verken vere kvinneforfattar eller kvinnesaksorientert journalist, og nekta konsekvent å stille opp når ho blei invitert til samanhengar som var kvinneorientert. «Det stemmer ikkje med min idé av publikum,» svarte Martha Gellhorn, som gjekk sine eigne vegar inn i alle samtidskonflikter ho dekka.

Det ergra henne også grønn når folk omtalte henne som ekskona til Hemingway. Ho kalla han for «a bloody ghost» og kunne ikkje fatta at han måtte nemnast i det heile tatt da BBC ville laga dokumentar om livet hennar... Men faktum er at dei to møttest i den mye omtalte Sloopy Joe's bar i Key West - og at det blei giftarmål av det. Ei av årsakene til det, seier Martha Gellhorn seinare, er at Hemingway alltid måtte gifte seg med dei kvinnene han ville ligge med. Gellhorn trur derfor ikkje Hemingway - trass i sitt rykte - låg med fleire enn maksimum fem kvinner i heile sitt liv! - Nemleg dei fire som han gifta seg med, pluss ei til som ho veit om. Ifølgje henne sjølv får ho lite igjen av denne såkalla fantastiske elskaren. Hemingway hadde eit forhold til elskov som til det å ta vitamin, seier ho: Han måtte ha ein rask runde kvar kveld og ferdig med det.

Etter den spanske borgarkrigen flytta dei to til Cuba. Her hadde begge ei svært produktiv tid - og Hemingway skreiv blant anna «For Whom the Bell Tolls». Og sjølv om Gellhorn gir Hemingway kreditt for å ha fornya språkføringa i engelsk litteratur, synest ho dårleg om den romanen ho får seg dedisert. Men det er i 1941 ekteskapet får dødsstøtet: Da tar ho mannen i rein løgn. Martha Gellhorn ser på seg sjølv som sanningssøkande journalist, og skriv da til sin gode familievenn Eleanor Roosevelt: «Det som eg og du vil kalle løgn, blir sett på som kreativitet hos ein forfattar.» - Og da begge to seinare hastar til D-dagen for å dekke den, er det igjen som journalistkonkurrentar, men nå som bitre fiendar. Kort tid etter er Hemingway gift på nytt. Martha Gellhorn får til si store og uttrykte glede sitt eige namn tilbake i passet - og er klar for nye reiser.

Og machohistoriene frå eit langt reporterliv er mange. Da Gellhorn var med på D-dagen, blir ho beden om å hjelpe til med dei mange skadde (ho kom seg til landgangen som blindpassasjer på sjukehusbåten). Opptatt som ho likevel er av historia ho skal skrive om, drar ho distré i det ho trur er støvelen til ein såra soldat - inntil han skrik: «I helvete - du drar av meg beinet!» I sin iver etter å stille spørsmål hadde ho ikkje lagt merke til at foten nesten var skoten av. Når Grantas Nicholas Shakespeare omtalar denne og andre episoder i sin minibiografi om Martha Gellhorn, peiker han på det som nok er den sterke dama si svakaste side: Ho kunne av og til vere blotta for vanleg menneskeleg medkjensle - på same måte som ho syntest heilt utan innsikt i kor tyrannisk ho kunne oppføre seg! Gellhorn var ikkje redd for å slå inn dører når ho ville noko.

Ho ville for eksempel til Panama under invasjonen i 1990. Men visste at ho måtte smugle seg inn (USA hadde jo lagt eit jernteppe rundt det heile). Da skriv Gellhorn til Daily Telegraph-redaktøren at ho treng at ei høgreorientert avis går god for seg - og inn kjem ho under dekke av å stelle med krimlitteratur. Martha Gellhorn blir dermed ein av dei ytterst få vestlege journalistar som fortel kva som foregår under den amerikanske invasjonen - i ein alder av 81 år. Nok ein gong er det jakta på sanning som er drivkrafta, som ho seier sjølv. Eigentleg kunne ho ha tenkt seg å snorkla ubekymra i Belize, men så tar historia tak i henne igjen. Ho seier sjølv: «As long as I am aroung I have to keep on with the record, how things really are, as near as I can find out.»

Martha Gellhorn snakka rett frå levra og levde slik ho følte for. Dette skaffa henne både dårleg rykte, bitre uvenner - og ein trufast vennekrets. Anten det var snorkling, skriving, drikking eller røyking - ho gjorde som ho ville og kutta kontant ut venner som var for kjedelege. Alt på trettitallet skapte ho røre i Paris da ho åpent ble elskerinna til ein framståande, gift politikar. I ettertid syntes ho heller ikke dette forholdet var verdt all den furoren det skapte - og oppsummerte sexlivet som sterkt oppskrytt. Gellhorn var slett ikkje blant dei som hevdar at all elskov blir sterkare i krig - tvert imot. Overraskande nok gir ho uttrykk for kalde kjensler og at ho av og til hadde ytt reine Florence Nightingale-tenester når ho la seg ned med menn i krig.

I ettertid kan ein jo undre om ikkje Gellhorn må dele ansvar med Hemingway for eit sexliv som minna henne om å ta tran. Ho erkjente i alle fall på sin åpenhjertige måte at når det gjaldt erotikk kom ho til kort - da tok ho ei passiv rolle. Kanskje tyder det på at machorolla, verken for Gellhorn eller Hemingway, var like enkel å ta med seg i senga eller i livets meir ømskinna stunder. - Men verdas ulike krigar og konflikter dreiv henne stadig vidare - til Israel, Russland, Polen, Vietnam og Latin-Amerika.

Martha Gellhorn prøvde seg også på den skjønnlitterære genren, men det var som journalist ho var framståande og gnistrande god. Kanskje mangla ho den djupe innlevinga og menneskelege innsikt som kan vere skilnaden på god og halvgod fiksjon. Som Hemingway levde ho eit liv prega av turbulens og ei profilert machooverflate. I motsetning til Hemingway var ho opptatt av å punktere myter snarare enn å skape nye. Like fullt er det gåter i dette sterke journalistlivet som vi aldri vil få svar på: Gellhorn sørga nemleg for å brenne alle sine mest private brev og dokument før ho døydde. Dette for å avverge at einbiograf skulle vrenge innsida ut - utan at ho sjølv kunne kontrollera innhaldet... Like til det siste skreiv ho sine artiklar - og valde stort sett å leve åleine, med vennetreff innimellom. På spørsmål om ho ikkje kjende seg einsam, svarte Martha Gellhorn lakonisk: «I was only lonely when I was married.»

Gellhorns to reportasjebøker «The View from the Ground» og «The Face of War» vart nyutgitt av Granta Books i fjor, sjå elles artiklar i Granta nr. 10, 11, 20, 23, 32 og 42.