Kvinneforakten på nett

I «mannosfæren» er det mange som meiner menn er dyr som ikkje kan styra seg, og at kvinner må ta ansvaret for at dei vert valdtekne.

SKRUDD: «Det er mannosfærebloggarar som meiner kvinner som går i høge hæler er seksuell trakassering — av menn,» skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsfoto: Stephen Chernin/AP/NTB Scanpix
SKRUDD: «Det er mannosfærebloggarar som meiner kvinner som går i høge hæler er seksuell trakassering — av menn,» skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsfoto: Stephen Chernin/AP/NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Rettsaka mot bloggaren Eivind Berge viste fram dei aparte meiningane som finst blant såkalla mannsrettsaktivistar. Det var i hovudsak støtta til Anders Behring Breivik og ynsket om politidrap som vart referert frå bloggen hans. Haldninga til Berge om at valdtekt er eit rettferdig svar på kjønnskvotering og andre likestillingstiltak, kom ikkje like godt fram. Berge meiner også at ufriviljug sølibat er like psykologisk skadeleg som valdtekt.

Berge er mykje lesen og kommentert i «mannosfæren», ei svært heterogen samling av mannsrettsaktivistar, «sjekkekunstnarar» («Pick-Up Artists»), maskulinistar og så vidare. Det finst saker der menn har ulemper som kjønn, og det er saker der regel- og lovverk bør verta endra og så vidare. Likevel, nokre runder i mannosfæren gjev deg oppslag som desse:

«Kvinner må forstå at menn ikkje er robotar som berre kan stoppa på sekundet med all den testosteronen som pumpar gjennom systemet. Difor bør dei vera varsame med å gå inn i situasjonar der ein vanleg mann ikkje kan stoppa på grunn av den grunnleggjande veikskapen hans som eit dyr som byggjer heile sin eksistens på å parra seg,» skriv Roosh V i «When no means yes».

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer