KONTRAST: Ingen lankesararar såg ut til å ta det ille opp at eg sosa rundt med eit kamera verd meir enn eit hus, skriv Øystein Runde.  Foto: Øystein Runde
KONTRAST: Ingen lankesararar såg ut til å ta det ille opp at eg sosa rundt med eit kamera verd meir enn eit hus, skriv Øystein Runde. Foto: Øystein RundeVis mer

Kvite menn med dyre dingsar

Korleis kunne eg rettferdiggjere at eg gjekk rundt med eit så dyrt stykke ingeniørkunst?

Meninger

Eg har studert film, undervist film, og teikna ein heil del. Men foto er ikkje noko eg har hatt enorm kunnskap om. Og eg har alltid hatt stor respekt for fotokunsten, nettopp fordi å fotografere virkar så forræderisk enkelt.

Men til reisa mi i Sri Lanka lånte eg med meg eit godt kamera, og ei god linse. Ei god linse fangar opp lys som for ei dårlegare linse rett og slett ikkje ville vore der. Dermed får ting meir tredimensjonalitet - detaljar som elles ville blitt flate og smelta saman med bakgrunnen, vert henta fram og lyser opp. Ein Canon 5d Mk3 og ei Sigma 1.4 Art-linse er ein relativt robust kombo.  

På turen oppdaga eg at ulike kamera bør brukast til ulike ting. Det store, dyre fotoapparatet gjorde seg best til å fotografere luksus-buffeten på Cinnamon Grand Hotel. Den dyre maten kjendest endå dyrare når den vart avbilda gjennom ei linse som fanga opp kvart einaste foton på villspor.  

Men når eg skulle fotografere ting som ikkje var dyre og utstrålte luksus, var ikkje 5d-kameraet noko kjekt lenger.  

På Cinnamon Grand Hotel gjorde kameraet meg til ein del av gjengen. Her er vi rike og glamorøse, og den kvite fyren med det massive stykket presisjonsdreia metall og glas er akkurat så rik og glamorøs som han skal vere. Og hans begeistra dokumentering av luksuslunsjen er akkurat den bekreftelsen vi treng på at luksuslunsjen er god nok.
  
Men heime hos ein lankesisk fiskar? Det var ikkje snakk om å hente fram 5d-en. Ikkje fordi eg frykta å bli frårana den, langt ifrå. Men det kjendest berre pinleg og vondt å fotografere eit hus som kosta mindre enn kamerahuset. Korleis kunne eg rettferdiggjere at eg gjekk rundt med eit så dyrt stykke ingeniørkunst? Eg kunne jo ikkje det.  

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og eg er ikkje imot luksus. Eg er ikkje imot NASA-raketter som går til månen og kostar milliardar, sjølv i ei verd der gamle menneske går svoltne til sengs. Eg er ikkje imot molekylærgastronomiske sjurettersmenyar, og heilsteikte pattegrisar og Tesla-bilar og splitternye iPaddar med retina-skjerm. Eg synest det er fantastisk at mennesket klarer å presse sin kunnskap og sine evner til eit ytterpunkt.

Vi kan ikkje alle leve på vassgraut kontinuerleg, i evig empati med dei som til eikvar tid har det verst. Så lite sosialistisk er eg - og einkvar som gjer krav på å vere meir solidarisk enn meg må øyeblikkeleg gi avkall på alle kalde øl dei har tenkt å kjøpe, alle klede som har noko som helst ved seg utover reint praktisk verdi, alle gjenstandar som dei potensielt kunne solgt for å fø på dei fattige.  

Eg har ingen ambisjonar om å pine meg sjølv i ein evig sympati med alle som til eikvar tid har det verst. Men ei scene som alltid sat i meg, var slutten på Schindlers Liste, når Oscar Schindler har redda masse menneske, og brått innser at han kunne redda nokre til om han berre hadde solgt mansjettknappane sine, om han berre hadde solgt ringen. Denne smerta er ikkje til å kome unna. Alle rundt han kan tilgje det, men ikkje Oscar Schindler sjølv.  

Ingen lankesararar såg ut til å ta det ille opp at eg sosa rundt med eit kamera verd meir enn eit hus. Dei var glade så lenge eg tipsa og kjøpte t-skjorter og solbriller og guida turar. (Eller dei skjulte sin irritasjon godt, klokt nok)  

Men reint estetisk vil eg aldri meir kunne sjå på eit fantastisk foto av økonomiske skilnader på same måten. Frå no vil eg alltid legge merke til den perfekte gjengivinga av kvart arr, korleis linsa fangar opp sjølv dei minste dråpar av lys. Det vakre i eit godt foto av fattigdom vil no alltid ha med seg ein bismak: Det heslege i at nokon har råd til å avbilde andre sin fattigdom med eit Canon 5d Mk3.