Kyrkja og politikken

I SISTE INNLEGGET

om religion og politikk tek Inge Lønning opp eit springande punkt som er nytt i vårt ordskifte. Det gjeld den grunn kyrkja under ulike tilhøve kan ha til å påtale statlige brot mot Guds ord. Lønning ser ein prinsipiell skilnad mellom Luthers 1500-tal og t.d. norsk 2000-tal. Skilnaden spring ut av at vi no har «et parlamentarisk styresett tuftet på alminnelig stemmerett». Kyrkjemedlemmer har gjennom staten fått høve til å «engasjere seg politisk». Lønnings argument viser at han ikkje har fått tid til å begynne å reflektere over det prinsipielle poenget i problemet vi diskuterer. Demokrati kan bryte Guds ord like grovt som aristokrati gjer. Negerslaveri, indianerutrydding, Hiroshima, napalmslakting av vietnamesiske bønder etc. var ikkje mindre brot på Guds lov (eller menneskeleg folkerett) ved autorisasjon av eit fleirtalsdemokrati. Like lite ville Auschwitz eller Belsen ha blitt rettferdiggjorde ved vedtak av eit demokrati. Dette viser at Luthers hovedpoeng er gyldig: Også eit demokratisk samfunn har trong for samfunnsorgan utanom staten, som held uruggeleg fram at staten, også demokrati, kan fare vill, «synde mot Gud». Her har kyrkja, i vestleg samanheng, gjennom sin tusenårige tradisjon eit unikt kritisk potensial.

Lønning har ei springande innvending til: Ein biskop av Hålogaland har ei meining om miljøpolitikk, ein annan biskop frå Hålogaland har, «som normale mennesker», ei anna oppfatning. Kristen, tusenårig idétradisjon er såleis ikkje presis nok til å gje praktisk brukande etisk politikk rettleiing. Etter mitt skjønn ligg det utan tvil at hovuddraga i kristen idétradisjon er presise nok til å vere etisk, sosialt og dermed politisk berikande. Det kan visast ved å halde kjerneformuleringar opp mot sine logiske motsetnader : «Sel alt du eig og gjev det til dei fattige» - er der ingen klår meiningsskilnad frå: «Sel alt du eig og gjev det til dei rike»? Aktuelt kunne det gjelde kommunale eigedommar, eller folket sine historiske rettar til hav og energikjelder, alt avhenda til spottpris til private rikmenn.

«DET ER LIKE VANSKELEG

for ein rik mann å nå himmelen som for ein kamel å gå gjennom eit nålauge». Stor privat rikdom er altså tjuveri, synd mot Gud. Ville vi ikkje fått klårt ulik meining dersom vi sa: «Berre personar med aksjeportefølje på minst 1 mill. euro kan komme inn i Guds rike»?

«Elsk nesten din som deg sjøl» står det. Skil det seg ikkje frå «Karr berre til deg sjøl åleine»?

Selektive ytringar, vil Lønning seie. Men kva då med kristendommen sin urmyte om korleis Gud tok bustad mellom menneska? Er det tilfeldig at det ikke lyde slik: «Maria vart trulova med kong Herodes, og vart i Betlehem innkvartert i den romerske (eller amerikanske) guvernøren sitt Røkke-palass, med 60 toalettrom, der Jesus vart svøpt i silke»? Lønning har fleire gonger undervist meg i elementærmetodar i historisk tolkning. Han kan då tolke kva det tyder om sosial og politisk stillingstaking, i antikkens uhyre aristokratibesette samfunn, når Gud vart plasser som likemann mellom sauegjetarar, snekkarar og ugifte mødre.

Jesu omgang som vaksen var tollarar og syndarar og tvilsame damer. Har dette inga presis sosialt ulik meining, i forhold til at omgangen hans hadde vore øverste prest Kaifas og andre farisearar og skriftlærde, den tids stortingspresidentar og teologiprofessorar?

LØNNINGS IMPLIKASJON

er at kristendommen gjeld ikkje verdslege men åndelege ting, korleis vi skal ordne oss med Gud for å sikre frelsa i det hinsidige. Javel: Men kristendommen sin tradisjon gjev presis oppskrift på når og korleis vi har sjansen: «Det du gjer mot ein av mine minste små, er det same som det du har gjort mot meg.»

Kristendommen sin hovedtradisjon er til og med presis nok til å gje praktisk brukande regler for offentlig polemikk: «Talen din skal vere ja ja og nei nei. Det som går ut over det, skal du svare på på dommedag.» Gjev ikkje det grei skilnad frå t.d: «Lat talen din bestå av uendelige straumar av sarkasmar, utan sakleg argumentkraft»? Lønning medgjev at «kristne menneske» nok kan irettesette staten for brot mot Guds ord. Men berre einskildsvis, ikkje organiserte i kyrkja. Er ikkje dette like elendig teologi som sviktande sunn sans? Tredje trusartikkelen lyder «Eg trur på ei allmenn kyrkje (ein strukturert bygning), eit samfunn (dvs. eit samordna fellesskap)». Luther foreskreiv dei kristne i naudsfall å felle keisaren si svære organiserte militærmakt, med kavaleri og artilleri. Var Luther dum? Kunne han tru kristne skulle greie dette einskildsvis? Var «kristent samråd» under 2. verdenskrig eit ukristeleg misgrep?

LØNNING ER I SÆRLIG

mon den inkarnerte negasjon av det Guds-ordet at du skal tolke nesten i beste meining. Eg har hevda at kristendommen og kyrkje er politisk relevante. Av dette fylgjer ikke at kyrkja har (heile) «sin eksistensberettigelse i (...) sin politiske nytteverdi».

Eg har hevda at kyrkja har eit særlig kritisk potensial ved vilkårslaus fasthalding av «Guds ord». Av dette fylgjer ikkje at kyrkja på ein uproblematisk måte, uten t.d indre strid, skulle «forpakte Guds vilje». Men ho har rettleiing i tradisjonen. Eg finn hos kyrkja rett og plikt til å innskjerpe den religiøse sida ved statsloven og kva anna den finn viktig nok. Av dette fylgjer ikkje etablering av kyrkje som regulært statleg høyringsorgan for all lovgivning.

Luther, Lønning og Lunden er samde om at kyrkja ikkje skal vere ein stat, eit politisk parti eller ein interesseorganisasjon. Av dette fylgjer for Luther og Lunden ikkje at kyrkja skal vere etisk, sosialt og politisk nøytral, irrelevant. Lønning konkluderer annleis. Kan det henge saman med at partiet Høgres praksis og program er vanskeleg å lese som ei oppsummering av kristendommen sin tusenårige etiske hovudtradisjon?

Navn som Helder Camara, Desmond Tutu og Pastoral Commisal antyder betydninga av dei problema vi diskuterer. Den vil auke sterkt med realiseringa av USAs globale supervaldsprosjekt, i strid også med folkerettar, men støtta av Inge Lønning og Jan Petersen.