FORVENTER KONKRETE TILTAK: Det er ikkje til å stikke under stol at det er vanskelegare å bruke nynorsk enn bokmål i Noreg, skriver innleggsforfatter. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
FORVENTER KONKRETE TILTAK: Det er ikkje til å stikke under stol at det er vanskelegare å bruke nynorsk enn bokmål i Noreg, skriver innleggsforfatter. Foto: Shutterstock / NTB ScanpixVis mer

Debatt: nynorsk

La 2019 bli eit jubelår for nynorsk

Det er mange som ser nynorskens utfordringar. Men er det politisk vilje til å gjere noko med dei?

Meninger

Nynorsk er faktisk litt trendy for tida. Noregs Mållag møter mange som vil nynorsken vel, både blant politikarar og i samfunnet elles. Det er eit godt utgangspunkt for å gjere bruksvilkåra for nynorsk betre.

La 2019 bli eit jubelår for nynorsk

For trendy eller ei: Det er ikkje til å stikke under stol at det er vanskelegare å bruke nynorsk enn bokmål i Noreg. Det krev jamt over meir vilje, pågangsmot og tolmod. Dermed er det ekstra viktig at det blir gjort politiske vedtak som tek høgd for at nynorsk er eit språk i mindretalsposisjon.

Vanskane for nynorskbrukarane startar alt i barneåra. Kvardagen til nynorskelevane i skular over heile landet er proppfull av bokmål. Enda meir akutt blir problemet fordi mange digitale læremiddel berre er på bokmål. Situasjonen bidreg til at nynorskelevane ikkje lærer nynorsk godt nok.

I mange lokalsamfunn lever nynorsk også under press frå bokmål. No skal mange nynorskkommunar slåast saman med kommunar der bokmål dominerer. Da må det bli utarbeidd språkbruksplanar som sikrar at begge skriftspråka får ein plass i den nye kommunen.

Dei næraste åra blir viktige for nynorsken, både lokalt og nasjonalt. Så til alle som vil nynorsken vel: No har de sjansen. Språkrådets framtidsutval har nyss komme med ein rapport med mange gode framlegg til tiltak. Kulturministeren har varsla ny språkmelding og ny språklov. I tillegg kjem nye læreplanar, og ei ny opplæringslov er på trappene.

Vi har forventingar til at nye regjeringsforhandlingar fører til konkrete tiltak. Stoda ligg til rette for at både ei ny regjering og politikarar i fylke og kommunar kan gjere gode og modige vedtak. Vedtak som gjer det hakket enklare å vere nynorskbrukar i Noreg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.