KVELAST I VATT: Etter at dei nye leikeplassforskriftene kom, er talet på skadar ikkje gått ned men opp: gummidekket har truleg mesteparten av skylda, fordi ungane er mindre forsiktige på mjukt underlag. Pakkar me ungane inn i for mykje vatt, vil dei til slutt kvelast, skriv Agnes Ravatn i laurdagskommentaren.
KVELAST I VATT: Etter at dei nye leikeplassforskriftene kom, er talet på skadar ikkje gått ned men opp: gummidekket har truleg mesteparten av skylda, fordi ungane er mindre forsiktige på mjukt underlag. Pakkar me ungane inn i for mykje vatt, vil dei til slutt kvelast, skriv Agnes Ravatn i laurdagskommentaren.Vis mer

La barna segle sin eigen sjø

Det finst ei enkel løysing på tidsklemma: slutt å fotfølge barna dine!

Meninger

Ikkje dobbelbyrde, men trippelbyrde, var sist vekes forklaring på kvinners høge sjukefråvær. Dei arbeider ute, heime, og på fritida: kvart sekund er fylt med ein vond trenings-vinklubb-lesesirkel. Eit tidkrevande regime i seg sjølv, men over dette perfekte middelklasselivet heng ei tung og mørk sky og trugar idyllen: barna.

Uansett kor godt du klarer å henge med i dette kappløpet, vil det jo alltid vere ein sjanse for at avkoma dine ikkje blir like vellykka. Og dermed vil du vere like langt. Middelklasseforeldre ser i stor grad barna sine som «prosjekt», og vekene deira blir følgeleg proppa med den eine utviklande aktiviteten etter den andre. Ikkje minst skal barna følgast rundt til alle desse kultiveringstiltaka.

Og det er jo ei ærleg sak å ønske det beste for barna sine. Men som Bergens Tidenes Sjur Holsen skreiv i ein lysande kommentar i fjor: «Er det barna våre vi hjelper med all den hysteriske oppfølgingen og overorganiseringen, eller hjelper vi oss selv og våre egne selvbilder? Jeg heller mot det siste: Frykten for å fremstå som dårlige foreldre, når alle de andre er så gode, dreper den siste lille rest av sunn dømmekraft vi måtte ha.»

At foreldre blir ulykkelege av jaget etter å maksimere barnas lykke og suksess er ikkje vanskeleg å forstå. For meg personleg er tanken på å halse rundt med ungane sine på slep i år etter år, konstant utsett for andre foreldres misbilligande blikk, det perfekte prevensjonsmiddel. Velferdsstaten blir òg ulykkeleg av at utslitne foreldre sjukemelder seg.

Men det me ikkje må gløyme å spørje oss, er jo: kva gjer foreldres hyperoppfølging eigentleg med barna?

Eg er strengt tatt for ung til å vere nostalgisk på vegner av min eigen barndom, og oppvekstskildringar generelt er jo noko av det kjedelegaste som finst. Men eg gjer eit lite unntak denne eine gongen, fordi ein norsk forskar i aprilnummeret av det amerikanske tidsskriftet The Atlantic fekk meg til å hugse noko eg nesten hadde gløymt: at størstedelen av fritida då eg var barn gjekk ut på å streife åleine eller i gjengar rundt i skogane bak byggefeltet, leike i elver, hoppe frå svimlande høgder, bygge hytter, krige, spikke og fantasere.

Foreldra såg me knapt snurten av, anna enn til frukost og til kvelds. Dei hadde jo arbeid. Dersom ein av oss hadde klatra så høgt opp i tre at ein ikkje kom seg ned att, var den tørre kommentaren derifrå: når du har kome deg opp, så kjem du deg òg ned. Dei blanda seg sjeldan inn i leiken, bortsett frå den gongen me hadde funne fram luftgeværa for å gjere krigen meir realistisk.

Ellen Sandseter, forskaren som er sitert i The Atlantics hovudsak om korleis barn aldri får utforske verda på eiga hand lenger, observerte som mor korleis den eine etter den andre leikeplassen i nabolaget blei gjort kjedeleg og steril etter at forskriftene om sikkerheit ved leikeplassutstyr blei innførte i Noreg i 1996. Ho hadde alt forska på ungdoms behov for fare og spenning, og etter kvart begynte ho å lure på om ikkje yngre barn hadde det på samme måten. I 2011 publiserte ho ein studie som konkluderer med at barn har ei innebygd trong til å føle at dei gjer noko farleg og risikabelt, for deretter å meistre dette farlege.

Sandseter identifiserte seks typar «farleg» leik: å utforske fryktframkallande høgder, å lære seg å bruke farlege reiskapar som skarpe knivar, vere nære farlege element som eld og vatn, «kampleik» som bryting og slåsting, å oppsøke fart som kjennest for høg, f.eks. på sykkel eller ski, og å stikke av på eiga hand.

Frå Sandseters evolusjonære perspektiv har barn eit medfødd instinkt om å ta sjansar i leik, fordi det å lære seg å takle fare historisk sett har vore essensielt for overleving. Å utsette seg for, og meistre, fare er ei form for eksponeringsterapi: Barn tvinger seg til å gjere det dei er redde for, for å komme over frykta. Ho peikar på studier som viser at barn som skadar seg i fall frå høgder når dei er mellom 5 og 9, er mindre redde for høgder enn andre når dei er 18, og at barn som har opplevingar med å stikke av på eiga hand har mindre separasjonsangst som vaksne.

Den barnekulturen som tidlegare var vanleg, der barn fann opp sine eigne aktivitetar og bygde former for samfunn som foreldra ikkje visste noko om, er i ferd med å bli drukne i oppfølgingshysteriet. Det er òg skjedd ei endring i måten barn blir vaksne på: Før utvida ein ansvarsområdet deira år for år - først krysse vegen åleine, året etter få gå ærend på butikken, deretter mate naboens katt i ferien osv. Slik voks sjølvstendet for kvart år. Dagens middelklassebarn går glipp av slike milepælar. I staden er dei mykje ilag med dei vaksne, lærer seg å snakke som dei og tenke som dei, men utan å bygge opp den sjølvtilliten som gjer dei trygge og uavhengige. Verken vaksne eller barn får tid for seg sjølve. Sjølv om mødrer arbeider meir enn nokosinne, tilbringer dei òg meir tid med barna sine enn nokosinne.

Parallelt med at sikkerheitsnettet under barna blir stadig meir finmaska, aukar angst- og depresjonsmedisineringa blant unge. Psykologen Kyung-Hee Kim har funne at barn fødde rundt årtusenskiftet er mindre uttrykksfulle, mindre energiske, mindre humoristiske, mindre fantasifulle og mindre ukonvensjonelle enn tidlegare generasjonar. Forskarar snakkar om at «millenniumsbarna» opplever ei unik identitetskrise: kjenneteiknet deira er frykta for å bli vaksne.

Ok, her blei det mange undergangsteikn på éin gong. Me avsluttar me eit nydeleg lite paradoks: etter at dei nye leikeplassforskriftene kom, er talet på skadar ikkje gått ned men opp: gummidekket har truleg mesteparten av skylda, fordi ungane er mindre forsiktige på mjukt underlag. Pakkar me ungane inn i for mykje vatt, vil dei til slutt kvelast.

Så: neste gong du kjenner at det begynner å røyne på - ikkje sjukemeld deg frå arbeidet. Sjukemeld deg frå ungane dine. Det blir ein vinn-vinn-situasjon.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook