La deg utfordra av vikingtida

Det er tusen år sidan Norge blei kristna ved hjelp av eit propagandapparat som lova lønn i himmelen for dei som let seg døypa, og lemlesting, død og fortaping for dei som nekta. Nå er me på veg ut or kristendommen igjen, og mange er bekymra for at det vil medføra tap av humanistiske verdiar. Då kan det vera godt å vita at det heidenske samfunnet som blir skildra i sagalitteraturen, slett ikkje var verre enn det som kom etterpå.

I sagasamfunnet har jentene krav på sexy ektemakar, og fedrane har plikt til å skaffa dei det. Der finst ingen jomfrudom som går tapt ved intim berøring, og heller ikkje æresdrap på kvinner.

Sagalitteraturen er med sitt verdslege perspektiv og psykologiske innsyn eineståande i heile verda. Trass i omfattande svermeri for vikingane, er det likevel nesten ingen som les han nå for tida. Og dei som er betalte av staten for å forvalta denne kulturskatten, gjer lite for å dela han med moderne kvinner og menn.

Professor Jon Vidar Sigurdsson, som i fjor gav ut Det norrøne samfunnet, nyttar dei norrøne sogene som historiske kjelder så lenge dei stemmer med maktstrukturen ved universitetet. Men når dei opnar mot det ukjente, vik han unna, på same vis som skipsføraren Bjarne Herjolfsson, som nesten hadde kome Leiv Eiriksson i forkjøpet i å oppdaga Vinland, men avsto frå å gå i land.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til dømes opplyser professoren som sant er at kvinnene arbeidde innomhus og mennene utomhus. Problemet er at han ikkje stiller spørsmål ved korleis livet i heimen blei påverka av at begge kjønn åt og sov i hus med open eld midt på golvet. I staden for å utforska den teknologien som ligg til grunn for arbeidsdelinga mellom kvinner og menn, vurderer han dei etter kva posisjonar dei hadde i det formelle maktapparatet. Det er som å skriva ei avhandling om rektorar og instituttstyrarar, og kalla verket for «Åndslivet i Norge».

Han tek det for gitt at kvinnene ikkje kunne bera våpen, og går stilt forbi at islendingsogene har fleire døme på at kvinner bruker sverd. Heller ikkje tek han det opp til drøfting at kvinnene ofte er til stades mens mennene slåst på liv og død, utan å li den minste overlast. Mest kjent er den siste kampen til Gunnar på Lidarende, der hustrua Hallgjerd nektar å gi han nokre hårstrå til bogestreng fordi han ein gong for mange år sidan gav henne ein på øyret. Torgjerd, dotter til Egil Skallagrimsson, følgjer endåtil sønene sine på hemnferd, heilt inn i huset til mannen som skal drepast, for å passa på at dei gjer skikkeleg arbeid. Imens går ho som skal bli enke, til bekken for å vaska lintøyet sitt.

Når Sigurdsson insisterer på at jentene var makteslause overfor det arrangerte ekteskapet, har han tilsynelatande støtte i sagatekstane. Avtale om giftarmål blir formelt gjort mellom friaren og far til jenta. Men dårlege ekteskap blir jamt over forklarte med at brura ikkje var blitt spurd først. Er ho uglad i bryllupet, er det eit sikkert teikn på at nå blir det bråk.

Samlivsbrot var vanleg i heidensk tid. Teknisk sett var det endå lettare for menn enn for kvinner å krevja skilsmisse. Men kona tok med seg eigedommen sin ut or ekteskapet same kva. Derfor var det som oftast ho som gjekk, og det var ein alvorleg trussel mot dei skjøre alliansane mellom mennene. Dei måtte passa seg for å elga seg innpå nokon som ikkje ville ha dei, for blod var tjukkare enn vatn, og fedrar og brør støtta døtrer og søstrer framfor menn som dei ikkje var i slekt med.

I Njålssoga får Unn Mårsdotter hjelp frå far sin til å skilja seg fordi ektemannen ikkje kan gi henne orgasme. Årsaka er at han har for stor penis. Ingen kjem med det minste ymt om at det er ho som er for trong.

Sigurdsson fortel heilt korrekt at Torgjerd Egilsdotter nekta å gifta seg med den unge Olav På fordi mor hans var trælkvinne. Likevel gir det eit feilaktig inntrykk av at ho gav etter for press når professoren konkluderer med at dei blei gifte til slutt. Tvert om blei Torgjerd hovudstups forelska i Olav då han kom og sette seg attmed henne på benken, smellvakker og sjarmerande og kledd i sin finaste stas. Bryllupet sto same sommar, og dei levde saman i heit kjærleik.

Far til Torgjerd, den delvis psykotiske Egil Skallagrimsson, hadde drepe så mange menn at han knapt hadde tal på dei. Men overfor kvinner var han lyttande og blyg. Då han forelska seg for første og einaste gong, råka det han så sterkt at han kraup saman og drog kappa opp over hovudet. Der sat han og dikta kjærleikskvad i det stille heilt til ein god venn ba han ta seg saman og tilby ekteskap. Som gift mann fekk Egil meir orden på seg sjølv, og blei etter kvart ein trygg og god husfar.

To av sønene hans døde mens dei var i oppveksten. Det gjekk så innpå Egil at han ville ta livet av seg. Torgjerd greidde stansa dette sjølvmordet, noko som styrkte bandet mellom far og dotter endå meir. Den einaste gjenlevande sonen sin hadde han derimot lite respekt for. I alderdommen budde han helst hos ei stedotter, fordi ho delte hans sans for humor.

Professor Sigurdsson har tileigna Det norrøne samfunnet til «kvinnene i mitt liv: min mor, min kone og min datter». Det er nesten litt nifst at han likevel ikkje har greidd å få med seg forholdet mellom Egil Skallagrimsson og kvinnene i hans liv. Eller kvinnene i livet til Gunnar på Lidarende og Olav På.

Det viser at menn ikkje forstår kvarandre så godt som enkelte liker å tru. Den som har tilpassa seg det akademiske hierarkiet, har lite felles med dei varmblodige karane frå vikingtida.

Like fullt er ideane om fortida retningsgivande for kva som blir oppfatta som normalt og naturleg. Moderne menn har krav på å bli kjende med korleis forfedrane våre greidde halda ut med dei strie og sanselege konene sine. Og kvinnene har rett til å vita kva dei må kunna venta seg av ekte mannfolk.