TERRA-SKANDALEN: Bør det setjast snevrare grenser for kommunale investeringar i finansmarknaden? Mange meiner «ja», og at dette bør vere ein sentral lærdom av vanlagnaden til «Terra-kommunane». Mellom anna har Jan Davidsen, leiar i Fagforundet, tatt til orde for eit slikt syn (Dagbladet 28.12.08). Dette er ein forhasta konklusjon, etter mi meining, og eit standpunkt som diverre føyer seg inn i ei rekkje med initiativ i den seinare tida som vil redusere det kommunale sjølvstyret (t. d. høyringsnotat frå KRD med forslag om å nekte ordførarar og rådmenn å sitje i styret for interkommunale selskap).
Å la alle kommunar svi for at nokre få har handla uklokt, er ei form for kollektiv avstraffing som er irrasjonell og ineffektiv. Det finst regelement og kontrollinstansar for komunal finansforvaltning frå før. I første omgang bør ein vel prøve å finne ut korleis reglement og kontroll har fungert (eller ikkje fungert). Kommunane sjølv prøver å kaste all skuld over på Terra-meklarane ved å søkje erstatning gjennom pant i private midlar hos meklarane. Men det er ikkje tvil om at Terra-kommunane har eit sjølvstendig ansvar for ulykka dei er komne opp i. Å leggje alle egg i ei korg, slik dei gjorde, er ei grunnsynd i sunn kapitalforvaltning. Kanskje har dei også sett seg ut over dei overordna retningslinene for finansforvaltning gitt av Kommunal- og regionaldepartementet (pgr. 3 om risikospreiing og pgr. 5 med krav om uavhengig kompetanse til å vurdere eige finansforvaltningsreglement). Eller kanskje har dei ikkje følgd sitt eige regelement?
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger