Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

La poesi frå heile verda koma til oss

Torvund om å «overdikte».

(Dagbladet.no): Å formulera tankar og setningar på sitt eige språk er ikkje noko som skjer i eit vakuum. Eg har sjølv alltid vore positiv til gjendiktingar, omsetjingar, eller som eg etter kvart har byrja uttrykkja det, «overdiktingar» av lyrikk frå eit språk til eit anna. Men dette er det òg mange som er negative til.

Og dei har gode poeng. Velkjente er orda til Robert Frost: «Poesi er det som går tapt i omsetjinga.»

Kvifor skal ein setja om dikt og tekstar frå engelsk, når alle som er interessert i dei kan lesa dei på originalspråket? Er det ikkje betre å læra opp folk i dei nordiske landa til å lesa kvarandre sine språk, enn å setja om poesi frå svensk og dansk til norsk?

Påverkar språket

Straks me talar om islandske og finske dikt, står jo saka noko annleis for dei fleste. Men kven er eigentleg interessert i islandske og finske dikt? I afrikanske legender eller indianske songar? Kva er overdiktingar av slikt noko verdt? Ikkje ein fjert?

Lat meg fortelja ei anna soge. For ein som har drive og putla med skriftspråk og dikting sidan eg gjekk i sjette klasse har det ikkje vore uvesentleg kva som var tilgjengeleg av verdslyrikken på mitt eige mål. Det er noko heilt eige med dei utanlandske diktlinjene eg har lese som har vore skrivne på norsk, ført over av dyktige gjendiktarar. Det er som om det på ein heilt eigen måte går inn i den levande språkmassen eg arbeider ut frå, og påverkar det språket eg nyttar.

Gode dikt frå andre land og språk gjev nye opplevingar, styrker trua på mennesket si evne til å kommunisera, skapar auka tilknyting til omverda, aukar fellesskapskjensla til menneske i ulike land. Det utvidar mitt eige språk. Ved at ein på andre språk og kulturar uttrykkjer seg annleis, opnar dette ei dør inn mot ubrukte rom i det norske huset, og når ein fører desse formuleringane varsamt og presist over til norsk kan det laga ei gangbru over til andre hus.

Gjer språklege ting moglege

Det kan visa meg måtar å dikta på som eg ikkje har visst eksisterte. Uttrykk og linjer gjer ting moglege på norsk som ikkje var mogleg før, og hjelper meg til å halda fram med eit liknande arbeid. Eit arbeid som går ut på å setja ord på menneskelege erfaringar av glede og sorg, av famling i det ukjente og ordlause og det å setja ord på ting som bare eksisterer som vage aningar.

Dei store og omfattande bøkene med overdiktingar som «Framande dikt frå fire tusen år» (Samlaget, 1968, ny utgåve 1995) og «Poetisk modernisme» (Samlaget 1995) har vore uvurderlege skattekister for meg. Kva har ikkje Paal-Helge Haugen sine gjendiktingar av kinesiske og japanske dikt, som opnar «Framande dikt…», hatt å seia for norsk lyrikk?

Og for meg personleg har Sigmund Skard si gjendikting av det fire tusen år gamle egyptiske diktet «Døden» vore noko eg har vendt attende til gong på gong på gong. Der står det mellom anna:

I dag står døden for meg som angen av myrra, som å sitja under seglet ein dag med bris.

I dag står døden for meg som når himmelen blir skyfri, som når ein mann kjem på noko han har gløymt.

I dag står døden for meg som når ein lengtar etter å sjå att huset sitt etter ein sat i fangenskap i mange år.

Sist eg møtte denne teksten var faktisk som psykolog; i ein internasjonal fagartikkel om sjølvmord opp gjennom i historia. Kanskje er dette, stod det der, den første oppteikninga av sjølvmordstankar me har? Det at eg alt åtte dette diktet inne i meg, på mitt eige mål, gav meg ei mykje nærare oppleving av denne egyptaren, enn om eg bare hadde sett delar av diktet referert på engelsk.

Fløgstad viktig
Mange av våre store nynorskpoetar har gjort ein viktig innsats når det gjeld å føra verdslyrikken over til norsk. Hartvig Kiran og Sigmund Skard var, saman med Halldis Moren Vesaas, dei som gjorde mest i «Framande dikt…», men òg Olav H. Hauge er ein sentral gjendiktar der.

Gjendiktingane Kjartan Fløgstad har gjort av Pablo Neruda og diktarar frå Cuba har vore vesentlege steg i mi danning. Tor Obrestad si gjendikting av William Blake var viktig både språkleg og som innfallsvinkel til eit åndeleg perspektiv i diktinga, og andre av hans gjendiktingar har òg gjort inntrykk.

I mitt arbeid som diktlærar på internett, dukkar det stadig opp engasjement og spørsmål kring dette med gjendiktingar. Det opptek folk kva menneske har skrive på andre språk.

Bør gjendiktast

Nokre har spurt meg om det finst noko av dei gamle indiske vedaskriftene på norsk? Jau, kunne eg svara, det finst eit femtitals hymner omsette av Olav Rytter som kom ut på Samlaget i 1976. Og når eg eller andre har lagt ut overdiktingar av til dømes ein Bob Dylan-song, har det vorte skarpsindige diskusjonar med oppheita innlegg om det og det ordet skulle forståast slik eller sånn.

Gode tekstar, viktige dikt, sentrale lyriske verk på andre språk, burde etter mitt syn overdiktast til norsk på ny og på ny, slik at me kan lesa dei i ei språkdrakt som passar vår eiga tid.

I staden for å stilla spørsmål ved dette og slutta å bruka nokre kroner på noko av den mest spennande språkbruken i verda, burde ein halda fram med å stimulera dei som brenn for dette, og leggja tilhøva til rette for at eldsjeler kan utføra eit arbeid som gjev merkelege gevinstar på sikt. Kanskje er det ein liten brikke i det store spelet, men det er nå ein gong slik at også dei små brikkene endrar spelet sin gang.

LES OGSÅ:

OVERSATT TIL NORSK: Kjartan Fløgstad har vore viktig for gjendikting av litteratur fra Latin-Amerika, som den chilenske poeten Pablo Neruda (til venstre).
JA TIL GJENDIKTING: Helge Torvund slår eit slag for å «overdikta» poesi til norsk.
Utforsk andre nettsteder fra Aller Media