Lærar og elev anno 2000

Barneombodet peikar på at skuledebatten som går over landet i desse valkamptider, ber lite preg av at ein har sleppt til dei viktigaste aktørane i skulen, nemleg elevane.

Eg var til stades på ein konferanse og høyrde talefør ungdom fortelja kva dei meiner kan bli betre i ungdomsskulen - ein bodskap det var verd å lytta til. Det dei sa gjorde meg trygg på at det er rett å satsa på ei vidareutvikling av nettopp ungdomsskulen. Vi treng ei satsing som konsentrerer seg om etterutdanning for lærarane, variert undervisning mellom anna ved hjelp av Internasjonal kommunikasjonsteknologi (IKT) og ei utvikling som aktørane i skulesamfunnet sjølve tar aktivt del i.

Strukturar og planar for dei store utdanningsreformene er no i stor grad på plass. Det er kvaliteten på utdanninga som skal styrkjast ved den skolepakka regjeringa har lagt fram.

Vidaregåande opplæring har hatt si reform. Grunnskulen er i gong med si. Med seksåringane kom nye utfordringar, og med dei kom også førskulelærarane for fullt inn i skulen, noko som nok hjelpte til med å gi småskulen sitt særpreg. Elles er barneskulen i ferd med å omsetja læreplan til praksis, og både avisoppslag og rapportar fortel meg at det skjer mykje interessant rundt om i bygd og by. Men signala er meir fleirtydige når det gjeld ungdomsskuletrinnet. Kan det koma av den nye læreplanen? Kan det koma av at dei lite skulemotiverte no må innstilla seg på 13 år med skulegang, slik at ungdomsskulen blir opplevd berre som vel halvvegs? Kan det vera at tenåringar «skal» svara at skulen er «kjedeleg»? Eller kan det ha noko å gjera med at tenåringane ikkje møter dei utfordringane dei treng? Eg har prøvd å lytta til både lærarar og elevar, og noko av det mest interessante merka eg meg då Barneombodet samla ungdom til ein konferanse i vår. Slik eg oppfatta elevane som møtte der, ba dei om å få det slik skulen ville vore om innhaldet i læreplanen hadde vore realisert. Det gjaldt både organisering av undervisning og læring, val av metodar og elevmedverknad. Det fortel meg at det no er viktigare å få gjort noko med skulekvardagen enn å laga ein ny læreplan. Til hausten inviterer eg til ein konferanse der ungdomsskulen står i sentrum, og for å koma i gong med vidareutviklinga, er regjeringa si skulepakke som nettopp er lagd fram, konsentrert først og fremst om ungdomsskulen både når det gjeld etterutdanning, IKT og forsøks- og utviklingsarbeid.

Ei undersøking syner at 76 prosent av lærarane i 1.- 10. klasse oppgir at dei har tilgang til datamaskin heime, mens nær 60 prosent seier at dei sjeldan eller aldri nyttar Internett i samband med undervisninga. På oppdrag frå AAD gjennomførte Fafo hausten 1998 ei undersøking som syner at fire av fem lærarar gir uttrykk for at dei treng vidare opplæring i å bruka IKT som pedagogisk hjelpemiddel, fagleg oppdatering og pedagogisk-metodisk opplæring.

Skal datamaskina bli noko meir enn ein avansert skrivemaskin, eit leiketøy eller eit oppslagsverk, må pedagogikk og IKT sjåast i samanheng. At teknologien gir høve til opplæring utan omsyn til tid og stad, har me allereie drege vekslar på. Det opnar for interessante perspektiv i eit land som vårt med store avstandar og livskraftige grender. Ein del fylke er allereie med i PILOT-prosjektet der ein vil prøva ut korleis ein kan dra nytte av IKT i eit distriktsperspektiv (PILOT - Prosjekt: Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi). Regjeringa ynskjer å styrkja denne typen arbeid.

Men om IKT opnar for nye løysingar uavhengig av avstandar, er det like utfordrande å sjå inn i framtida når det gjeld læringssituasjonen til den einskilde eleven. Me har sett oss som mål å ta alle barn på alvor, med dei føresetnadene dei har. Det seier seg sjølv at det krev tilpassing av undervisninga. IKT kan vera ei god hjelp til å differensiera og gjera undervisninga variert, men differensiering kjem ikkje av seg sjølv berre ein plasserer ei maskin i klasserommet. Skal maskina vera til hjelp, trengst planlegging og gjennomtenking av korleis skolen skal nytta teknologien. Dette blir ei utfordring både for dei pedagogiske høgskulemiljøa og dei pedagogiske handverkarane rundt om på skulane. Her som så ofte elles trengst eit nært samarbeid for å utvikla tenlege reiskap og metodar. Derfor set regjeringa av pengar til å styrkja læraren sin kompetanse og til forsøks- og utviklingsarbeid på dette området. Det trengst både ei solid grunnutdanning og eit godt etterutdanningstilbod.

Tilgangen til og omfanget av materiell på Internett og CD-ROM som er utvikla med tanke på undervisning, er avgjerande for å kunne bruka IKT på ein god måte. Vi vil derfor styrkja satsinga på utviklinga av norske elektroniske læremiddel. I tillegg arbeider departementet med å få i stand ein sentral avtale som skal gjera kostnadene ved bruk av Internett lågare og meir stabile. Det lyftet regjeringa no vil ta for IKT i skulen, vil få Noreg opp på nivå med til dømes Sverige, Danmark og England når det gjeld den statlege innsatsen pr. innbyggjar på dette området.

Me har alle ein modell av læraren inne i hovudet. Somme vil endra det biletet dei ber på, andre er vel tilfreds med læraren slik han er i deira tankar. Problemet er berre at me som ikkje er i klasserommet til dagleg, neppe er i stand til å oppdatera lærarbiletet i det tempoet som utviklinga krev. Lærarrolla endrar seg jamnt og trutt om me vil det eller ei, fordi det samfunnet skulen er ein del av, endrar seg. Derfor trengst det ein debatt om lærarrolla både i høve til arbeidsformer og organisering. Dessutan er det nyttig å sjå på korleis lærarane kan samarbeida med andre yrkesgrupper for å løysa oppgåvene i skulen, eit samarbeid som må ta ulikskap i profesjon på alvor, slik at også læraren får sin tydelege profil. For å finna dei gode løysingane på dette området, har eg tru på å prøva seg fram i praksis.

Læraren treng fornying og påfyll, og skulane treng kompetanse. Desse omsyna møtest i etterutdanning. IKT er allereie nemnt, men skulen kan og ha andre område, til dømes realfag, der ein treng mindre kompetanse. Det er derfor lagt inn middel til permisjonsordningar slik at det kan bli betre høve til ulike typar fagleg påfyll. Ordninga kan mellom anna nyttast slik at rådgjevar eller andre interesserte lærarar kan hospitera i næringslivet for å få nyttig innsikt på ein annleis måte. Pengane som regjeringa vil bruka, strekk ikkje til om det er snakk om eit sabbatsår. Men det er meir enn ei fordobling av det som før har vore sett av til etterutdanning frå staten si side. Om desse midlane i første omgang blir konsentrerte om ungdomsskulelærarane, vil vi få ein effekt til beste både for lærar og elev.

Skulen treng lærarar som vågar å ta med seg det beste frå fortida inn i framtida. Det gjeld ikkje minst i utforminga av ungdomsskulen. I desse dagar blir det sendt ei brosjyre til alle skulane der eg utfordrar elevar, lærarar, foreldre og nærmiljø til å bli med på å utvikla sin eigen skule ved å setja i verk nye utviklingsprosjekt og forsøk. Rammene er lagde i lover og forskrifter. Men det finst handlingsrom til å setja farge på eigen skule, gi han eit særpreg, finna ut korleis nettopp den skulen kan bli ein god stad å vera og ein god stad å læra. Eg oppfordrar samstundes til å nytta forsøksheimelen i opplæringslova dersom ein treng å gå utover regelverket, om ein trur at det vil skaffa nyttig erfaring. På det viset kan skulen veksa fram nedanfrå. Og det er vekst som trengst no, ikkje nye gjerde eller skigardar. Mi von er at dei midlane som regjeringa no gjer framlegg om å nytta slik eg her har skissert, kan opplevast som næring til vekstprosessen.