Lærarane treng ro

SKOLE: Statsministeren har opna for ein ny skuledebatt. I nyårstalen sin kom han med lovnad om at 2008 skal bli eit år der skulen kjem til å stå øvst på tavlene til politikarane. Med ei spørjeundersøking og ein omfattande rapport i framkant av årskonferansen i NHO, viser også næringslivet ei sterkare interesse for skulen enn før.

Eg ønskjer denne viktige debatten velkommen. Det er flott at alle no bryr seg om skulen, for det er det beste utgangspunktet for å gjere han betre. Men når mange skal bry seg om det same, endar det lett i ein diskusjon om kven som bryr seg mest – og kanskje særleg om kven som bryr seg best. Eg vonar at alle dei gode intensjonane og utspela som no kjem, kan ende opp i ein positiv felles dugnad for norsk skule.

Det er avgjerande at det blir lagt vekt på erfaringane og vurderingane til lærarane. Ingen kjenner skulen betre enn dei som arbeider der. Og ingen har betre føresetnader for å forbetre kvaliteten i skulen. Dagens lærarar jobbar etter beste evne i tråd med dagens skulepolitikk og reformer – akkurat som dei har retta seg etter skulepolitikken og reformene til generasjonar av tidlegare regjeringar - og tankane deira om framtidas skule blir det aller viktigaste i den debatten som no har starta.

Svaret til Utdanningsforbundet på korleis vi skal kunne heve kvaliteten i skulen, er enkelt og konkret: Vi treng fleire lærarar og meir kompetente lærarar! Difor vil vi gjere lærarutdanninga betre, setje etter- og vidareutdanninga i system og syte for at det kjem fleire lærarar inn i klasseromma.

Dersom lærarane får ro til å tenkje ut korleis kvaliteten på undervisinga skal bli betre, og dersom politikarane kan bli samde om å gi oss dei rammene som trengst for å gjennomføre dette, kan vi få den kvaliteten i skulen som alle no ønskjer seg.