LÆRING KOMMER IKK AV SEG SELV: «Det er flott at politikarane vil heve lærarane si kompetanse. Men det åleine fører ikkje nødvendigvis til heva elevkompetanse», skriver læreren fra Karmøy. Illustrasjonsfoto: Frank Karlsen
LÆRING KOMMER IKK AV SEG SELV: «Det er flott at politikarane vil heve lærarane si kompetanse. Men det åleine fører ikkje nødvendigvis til heva elevkompetanse», skriver læreren fra Karmøy. Illustrasjonsfoto: Frank KarlsenVis mer

Læraren og læraren si avgrensing

Det er flott at politikarane vil heve lærarane si kompetanse, men det åleine fører ikkje til heva elevkompetanse. Elevane må få høyre at å lære er aktiv handling.

Debattinnlegg

Læraren er ein viktig faktor for elevane si læring. Eg trur lærarane har eit sterkt ønske om å ta tak resultata i skolen. For å greie dette, treng dei hjelp frå elevar og foreldre. Resultata frå Pisa-undersøkinga som blei offentleggjorde denne veka var ein skuffelse for alle som er opptekne av skolen. Utdanningsministeren meiner at regjeringa sin plan om etter- og vidareutdanning for lærarane er nøkkelen til å løyse problema. Lærarane si kompetanse må hevast. Det åleine vil heve elevresultata. Dette var også refrenget frå rikspolitikarane i valkampen. Her ligg etter mi meining ingen automatikk. Eg skulle verkeleg ønske at det var så enkelt. Det ønsker nok dei fleste lærarar. Men om hensikta med desse tiltaka er å heve elevresultata i skolen, er eg redd folk kjem til å bli skuffa.

Det er faktisk slik at læring er ei aktiv handling. Å lære er ein aktivitet. Det er ikkje slik at elevane kan sitje i eit rom og få kunnskap gratis frå læraren. Dei må gjere arbeid som er vanskeleg og slitsamt. Ta til dømes den skoletimen vi skal lære åttegongen. Pedagogen kan leggje til rette og motivere. Men det krevjande arbeidet med å pugge gongetabellen og lære den; det må eleven gjere sjølv. Eleven må gjere jobben. Er han ikkje villig til å gå denne distansen, kjem vi ikkje i mål med berre ein dyktig lærar.

Overfor elevane samanliknar eg læraren med ein fotballtrenar. Han kan fortelje spelarane korleis dei skal score. Men den slitsame jobben med å plassere ballen i mål, den må dei gjere sjølve. Trenaren kan ikkje springe inn på bana og score. Prosjektleiaren for Pisa-prosjektet, Marit Kjærnsli, seier om dei norske elevane: «De orker ikke jobbe så hardt hvis det er noe som er vanskelig eller krever litt innsats. (...) Med en gang det er litt vanskelig eller at det krever litt, så gir de opp.»

Bodskapet frå rikspolitikarane blir formidla slik at det kan oppfattast dit at det ikkje er elevane eller foreldra sitt ansvar å gjere noko. Læraren skal gjere heile jobben. Det er å gjere dei ei bjørneteneste. Det er å gjere elevane makteslause. Vi må lære elevane at dei har kraft til å gjere noko. Gi dei verktøy i møte med motgang. Vise dei korleis dei med eigen styrke skal ta tak i fagstoffet når det er vanskeleg. At hardt arbeid gir resultat. Elevane må få høyre at å lære er aktiv handling. Det er vanskeleg, men det er det som må til. Foreldra må krevje dette. Det er flott at politikarane vil heve lærarane si kompetanse. Men det åleine fører ikkje nødvendigvis til heva elevkompetanse. Eg trur lærarane har eit sterkt ønske om å ta tak i resultata i skolen. For å greie dette, treng dei hjelp frå elevar og foreldre.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook