Lærarutdanning etter Mjøs

Den tida er truleg snart omme, også i vårt land, då sentrale styresmakter i detalj fastsett innhaldet i lærarutdanninga.

Då innstillinga frå Mjøs-utvalet kom, leita mange etter nye signal om reformer i utdanning av lærarar. Så viste det seg igjen at dette er politisk ømtåleg tema: «Utvalget anbefaler at et eget utvalg utreder lærerutdanningene.» Betyr dette at det nok ein gong skal setjast ned eit breitt representativt utval som kompromissar seg fram til mange justeringar, men få reelle endringar? Det skjedde nemlig etter at Hernes så friskt ville reformere utdanninga på 90-talet. Skjer det igjen, vil vi i staden for dristig fornying få ein revisjon som gir litt pluss her og litt minus der. Den tida burde vere forbi, også i vårt land, då utdanning av lærarar blir styrt i detalj av store utval og politisk sentralmakt.

Dei få linjene Mjøs-utvalet seier om emnet, er likevel lesverdige. Her står det blant anna: «Videre vurderes en mer differensiert lærerutdanning ved høgskolene og universitetene.» Utvalet gir så uttrykk for at det ville vere fornuftig å dele lærarutdanninga i to, der den eine er retta mot barnehage/småskole og den andre mot mellomtrinn og ungdomstrinn. Desse linjene gir ei skisse til ei ny lærarutdanning i Norge. Vi vil her gi noen kommentarar som kan fylle ut bildet.

Sidan etableringa av høgskolane på 90-talet har det vore eit politisk mål å gi også profesjonsutdanningane større fagleg ansvar. Dette følgjer Mjøs-utvalet opp. Den tida er truleg snart omme, også i vårt land, då sentrale styresmakter i detalj fastset innhaldet i lærarutdanninga. Vi bør opne for at høgskolane utviklar det dei meiner er god utdanning. Dagens politiske detaljstyring av modell og rammeplanar gir ingen garanti for kvalitet. Høgskolane må få krav på seg om å halde høgt nivå på forsking og undervisning, og vise at dei kan gi ei utdanning som skolen, læraren og eleven er tente med.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Detaljstyring er heller ikkje i tråd med dei krava lov om universitet og høgskoler stiller til ei moderne høgskoleutdanning. Etter lova har institusjonane sjølve ansvar for nivået i studieopplegga, at undervisninga for eksempel er «forskingsbasert». Bare slik kan dei ligge i forkant av den faglege utviklinga i yrkesfeltet. Derfor er det på lovas grunnlag vi hevdar at sjølve planverket for lærarutdanninga, systemet med rammeplanar, bør endrast. Det er ikkje lenger ønskjeleg at departementet bestemmer størsteparten av innhaldet i lærarstudiet. Det bør vere nok at sentrale mål for dei ulike utdanningane blir fastlagde av Stortinget, dessutan reglar for utdanningskrav til lærarstillingar. Stortinget bør elles avgrense seg til å fastsetje sentrale mål for utdanninga. Desse bør særleg hegne om prinsippet ein skole for alle.

Mandat til høgskolane er ut frå dette å lage ei lærarutdanning som samsvarar med krava i dagens skole. Institusjonane bør opne seg for ekstern vurdering, og slik få klare signal dersom dei ikkje klarer å oppfylle krava til kvalitet. Høgskolar som ikkje er lovas frihet verdige, bør omorganiserast. Alle andre må få lage ei utdanning som samsvarar med utfordringane nye lærarar møter.

Skolereformene på 90-talet og utviklinga i ungdomskulturen har stilt nye krav til dei som skal undervise barn og unge. Seksåringane er på plass i skolen. I heile småskolen legg ein i dag vekt på å føre vidare det barna har begynt på i barnehagen. Leik og frie undervisningsformer, samarbeid, tverrfagleg og temabasert undervisning pregar kvardagen for dei minste skolebarna.

I høgare klassetrinn tar skolen preg av ein ny kultur blant dei unge, sterkt prega av frihet. Dei unge er meir individualistar, meir utprøvande, meir opptatt av å velje fritt. Dei oppfører seg frimodig overfor vaksne, også lærarar. Dei kommuniserer på nye måtar, handterer media på ein sjølvstendig og sjølvsagt måte. Samtidig fell stadig større deler av ungdomskullet utafor fellesskapen.

Når tradisjonelle verdier slik forvitrar, og dei «normative arka» i oppdraginga er raderte ut, blir den tradisjonelle lærarrolla umuleg. Den læraren som klamrar seg til gammaldags disiplin og allvitande kunnskapsformidling, blir patetisk, slik lektor Rukla i «Genanse og verdighet» av Dag Solstad blei. I dagens skole krevst det at læraren gjennom dialog kan rettleie eleven i eit vidt spekter av kunnskapar og holdningar. Er det mulig å utdanne lærarar for denne nye rolla?

Ei lærarutdanning for framtida må skape ein betre balanse mellom pedagogisk og fagleg kunnskap. Den pedagogiske kunnskapen nye lærarar skal ha, må i større grad enn i dag knytast til eit heilskapssyn på barn, læring og skole. Det største faget i lærarutdanninga, pedagogikk, er i dag stykka opp i små einingar. Dette svekker det faget som framleis burde vere ein base for kunnskap alle lærarar treng: om barns utvikling, læringsteoriar, lærarrolla, skolens historie, yrkesetikk, lærevanskar og IKT i opplæringa. Opplæringa i desse emnene kan organiserast som eittårig førebuande «ex.ped.» for alle som skal bli lærarar. Dette vil gi ein felles base for alle som skal samarbeide om den same elevgruppa i skolen.

Alle lærarstudentar treng ikkje lære om alle trinn i skolen. Utdanninga for dei som skal arbeide med 6-åringar treng ikkje vere den same som for dei som vil undervise 15-åringar. Vi bør gi rom for at studentane fordjupar seg i faglege og pedagogiske problemstillingar som er aktuelle på færre skoletrinn. Dermed vil dei nå djupare. Dette er også grunnen til at studenten bør kunne velje å studere færre fag enn dei seks faga som er obligatoriske i dagens utdanning.

Vi meiner, som Mjøs-utvalet, at det vil vere fornuftig å dele utdanninga av lærarar for grunnskolen i to: ei for småskoletrinnet og ei for mellomtrinnet/ungdomstrinnet. Derimot bør vi framleis ha ei eiga utdanning av førskolelærarar.

Etter eit førebuande fellesåret, «ex.ped.», vil studentar som vel å jobbe vidare med den yngste aldersgruppa, kunne konsentrere seg om begynnaropplæring. Dette studiet vil blant anna dreie seg om leikprega aktivitetar, temaorganisert undervisning og fagdidaktiske problemstillingar knytta til den yngste elevgruppa.

Studiet retta mot mellom- og ungdomstrinnet kan på si side legge meir vekt på prosjektarbeid (L97) og djuparegåande fagstudium. Dette kan organiserast som kombinasjonar av fag eller «linjer»: realfag, språkfag, samfunnsfag, estetiske fag osv.

For inntak til eit slikt fordjupingsstudium bør ein kunne stille krav om ein viss førehandskunnskap. På den måten kan ein legge startnivået og dei faglege måla høgare.

Korleis vil ei slik todeling av allmennlærarutdanninga slå ut for rekrutteringa til utdanninga? La oss bruke faget matematikk som eksempel. Alle lærarstudentar skal i dag ha eit halvt års studium i matematikk første året. Mange kvir seg for å begynne på lærarstudiet fordi dei har dårleg erfaring med matematikk frå eigen skolegang. Kan hende dei kan tenke seg å undervise i faget i småskolen, men ikkje på ungdomssteget. På den andre sida finn vi studentar som ikkje ønskjer å ta lærarutdanning fordi dei syns at altfor mye dreier seg om begynnaropplæring og matematikk for småskolen, medan dei sjølv ønskjer å spesialisere seg for å undervise i matematikk på ungdomsskolen. Dette vil kunne auke motivasjonen for dei som tar utdanninga, og truleg vil også fleire få lyst til å ta ei slik utdanning.