Læreplan for vidaregåande opplæring

Norsk; litteraturfaget

2.2 Modul 1 Grunnkurs for yrkesfaglege studieretningar

Mål 4 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur
Hovudmoment

Elevane skal

- ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet:

  • Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
  • Eit representativt utval av noveller (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
  • Eit representativt utval av dikt (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
  • Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
    - ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne bruke denne kunnskapen når ein arbeider med litteratur
    - ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane

    2.3 Modul 2 Vidaregåande kurs I for yrkesfaglege studieretningar


    2.3 Modul 2 Vidaregåande kurs I for yrkesfaglege studieretningar Mål 4 Litteratur
    Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Elevane skal vidareføre arbeidet med litteratur frå modul 1
    Hovudmoment

    Elevane skal
    - ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet:

  • Ein roman
  • Eit representativt utval av noveller (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
  • Eit representativt utval av dikt (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
  • Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
    - ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel
    - ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940

    2.5 Modul 1 og 2 Grunnkurs for studieretningane for felles allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag


    Mål 4 Litteratur
    Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur
    Hovudmoment

    Elevane skal
    - ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte.
    Desse sjangrane skal vere med i utvalet:

  • Ein roman
  • Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
  • Eit representativt utval av noveller
  • Eit representativt utval av dikt
  • Eit variert utval av sakprosatekstar
    - ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel
    - ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940

    2.6 Modul 3 Vidaregåande kurs I for studieretningane for felles allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag


    Mål 10 Litteratur
    Elevane skal ha kunnskap om norsk og nordisk litteratur frå dei eldste tider og fram til ca. 1900 og samtidig få litteraturhistorisk oversikt og samanheng. Tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen
    Hovudmoment

    Elevane skal lese og ha kunnskap om:
    - norrøn litteratur
    Eit prosaverk (t.d. ei kort ættesoge eller eit utdrag frå Snorres kongesoger eller Gylfaginning) og eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad (t.d. Håvamål) bør vere med i tekstutvalet.
    - folkedikting
    Folkeviser, eventyr og segner skal vere med i tekstutvalet.
    - 1600-1700-talet
    Eit utval litteratur der salmedikting og tekstar av Petter Dass, Dorothe Engelbretsdotter, Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel bør vere med.
    - ca. 1800- ca. 1850
    Eit utval litteratur der Henrik Wergeland, Johan S. Welhaven og H.C.Andersen bør vere med.
    - ca. 1850- ca. 1870
    Eit utval litteratur der Camilla Collett, Ivar Aasen, Aa. O. Vinje og Bjørnstjerne Bjørnson bør vere med.
    - ca. 1870-ca. 1890
    Eit utval litteratur der eit drama av Henrik Ibsen bør vere med. Tekstar frå minst fire andre sentrale forfattarskapar bør og vere med, og blant dei bør Amalie Skram vere representert. Også ein tekst av August Strindberg bør vere med i utvalet. Alle elevar bør ha lese ein roman frå realismen/naturalismen.
    - ca. 1890-ca. 1900
    Eit utval litteratur der Sigbjørn Obstfelder, Arne Garborg og Knut Hamsun bør vere med.
    - kunne knyte noko litteraturhistorie, litteraturkunnskap og stilistikk til tekstane dei les

    2.7 Modul 4 Vidaregåande kurs II for studieretningane for felles allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk,


    Mål 16 Litteratur
    Elevane skal ha god kunnskap om og oversyn over norsk litteratur på 1900-talet, og tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. Elevane skal ha noko kunnskap om annan nordisk litteratur. I nokon grad kan ein og trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen
    Hovudmoment

    Elevane skal
    - ha lese og kunne gjere greie for eit utval skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer frå 1900-talet. Både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte. Tekstutvalet skal vise viktige tendensar, problemstillingar og utviklingslinjer i perioden. Ein roman eller eit drama, eit representativt utval korte prosatekstar (skjønnlitteratur og sakprosa) og eit representativt utval lyrikk skal vere med. Minst åtte av av desse forfattarane bør vere representerte i utvalet av tekstar: Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Johan Falkberget, Kristofer Uppdal, Oskar Braaten, Sigurd Hoel, Cora Sandel, Aksel Sandemose, Nordahl Grieg, Herman Wildenvey, Olaf Bull, Olav Nygard, Arnulf Øverland, Rudolf Nilsen, Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas, Inger Hagerup, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Alf Prøysen, Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Torborg Nedreaas, Jens Bjørneboe og Olav H. Hauge
    - ha god kunnskap om litterær analyse
    - ha lese eit utval av danske og svenske tekstar og ein islandsk tekst i original
    - ha lese omsett samisk litteratur
    - ha noko kunnskap om korleis nye medium (t.d. film, video, fjernsyn, radio, kassettar og plater) formidlar litteratur

    Mål 17 Særemne
    Elevane skal kunne fordjupe seg i eit avgrensa emne innanfor språk, litteratur eller massemedium
    Hovudmoment

    Elevane skal ha planlagt, gjennomført og presentert (skriftleg eller munnleg) eit større arbeid. Arbeidsstoffet skal i hovudsak hentast frå norsk (eventuelt nordisk) språk, litteratur eller massemedium. Verk frå verdslitteraturen kan også trekkjast inn. Utvalet av stoff skal vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved emnet.
    Særemnet i litteratur kan til dømes vere
    - forfattarstudium
    - periodestudium
    - sjangerstudium
    - temastudium

    Språk og massemedium: Se læreplanen.

    Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet, oktober 1993