LANDSFORRÆDER:  Hadde Quisling levd i dag hadde han òg kjempa imot innvandring og sett på muslimar som potensielle terroristar, skriv kronikkforfattaren. Foto: NTB Scanpix 
LANDSFORRÆDER:  Hadde Quisling levd i dag hadde han òg kjempa imot innvandring og sett på muslimar som potensielle terroristar, skriv kronikkforfattaren. Foto: NTB Scanpix Vis mer

«Landsforræder, quisling»

Det var nesten så eg følte eg måtte byrje å sjå meg over skuldra.

Meninger

For ikkje lenge sidan kom følgjande melding på twitter: «Sånne som du og Mads Gilbert.. (Jøss, Mads Gilbert og eg nemnde i same setning. Eg kjende eg retta ryggen og byrja pusse glorien.) Men framhaldet var ikkje like gloriøst: «..er landsforrædarar og quislingar.»

Twitraren kunne fortelje at han hadde vore borte frå twitter ei stund. Han hadde «sitti inne». Han hadde faktisk sitti inne seks gonger. Krimnalitet var likevel ein av dei mange tinga han lista opp som han hatar. Innvandrarkriminalitet, altså. Om hans eigen kriminalitet er meir etnisk høgverdig, kom vi ikkje inn på.

Han kunne òg fortelje at Mads Gilbert og eg er mellom dei fyrste som vil bli drepne når landet skal vinnast tilbake. «Hugs: natta er farleg», sa han. Det er ikkje fyrste gong eg har blitt kalla landsforrædar. Sidan eg byrja delta i den offentlege debatten, har eg blitt neddynga av alle slags karakteristikkar. Som regel har dette vore så dumt at det nesten har vore komisk, noko eg har vifta vekk som ei irriterande fluge. Denne gongen var det annleis. Det var nesten som om eg følte eg måtte byrje sjå meg over skuldra når eg er ute og går.

Jarl Wåge. Foto: Sunniva Halvorsen
Jarl Wåge. Foto: Sunniva Halvorsen Vis mer

Faktum er at landsforrædar og quisling har blitt to av dei flittigast brukte skjellsorda, som ein del av hatretorikken, på ytterste høgre fløy. Det som fyrst og framst triggar hatet, er ulike syn på innvandring. Quislingfiseringa råkar alle som meiner at nokre flyktningar har rett til asyl i Noreg, at ikkje alle muslimar er terroristar, at Noreg ikkje berre er for ariske nordmenn.

Det tragikomiske er at desse hatarane ikkje tar innover seg at Quisling og dei sjølve, ideologisk sett, er på same parti. Då Quisling fekk audiens hos Adolf Hitler i desember 1939, oppfordra han Der Führer til å invadere Noreg og innlemme oss i eit arisk, storgermansk rike for å verne om våre felles verdiar. Hadde Quisling levd i dag, kan vi vere brennsikre på at han òg hadde kjempa imot innvandring, hata muslimar og sett på dei som potensielle terroristar.

Nyleg blei ein britisk politikar drepen av ein høgreekstremist. Den verste terroraksjonen i Noreg nokon sinne blei utført av ein høgreekstremist. Samtidig ser vi stadig barbarisk terrorisme frå ekstremistiske islamistar. Blant anna det grufulle åtaket 14. juli i Nice i Frankrike.

Det nett-trolla ikkje vil forstå, er at høgreskstremisme og ekstrem islamisme er to alen av same stykke. Terror er ikkje resultat av politisk ideologi eller religion. Drivkrafta for all terrorisme er reindyrka, blindt hat og klokketru på vald. Hadde dei innsett dette, kunne dei ha retta skytset mot dei som verkeleg trugar demokrati og menneskeverd.

Men det er visst ikkje interessant. Det er enklare å ta dei som tør ta til motmæle mot retorikken deira. Nåde den kvinne som måtte våge å nekte å kjøpe dei høgrepopulistiske synspunkta. Dei er ikkje først og framst landsforrædarar, men «innvandrarhorer og negermadrasser».

Som ein «venn» av meg sa i eit hjartesukk på fjesboka: «I løpet av ti minutt har eg blitt tiltenkt å få smake negerdriten og araberjævlane så det held; gjennom gjengvaldtekt, nakkeskot og halshogging. Eg blir fortalt at eg vil ha søpla hit fordi det er einaste sjansen eg har til å få ligge på rygg og få meg pikk.» Rett og slett. «Og dette», føyer ho til, «er dei som er så opptekne av norske verdiar og frykteleg bekymra for muslimsk kvinnesyn».

Om nokon trur eg overdriv, kan det vere ein idè å ta seg eit gjørmebad i brungrums på enkelte høgrepopulistiske fjesbok-sider. «Folkedypet» er ei av dei. «O store leiar» av sida styrer med hard hand og kastar ut alle som er ueinige med han.

Ytringsfridom er tydelegvis ikkje ein norsk verdi det skal vernast om. Ei heller demokrati, sidan eineherskaren har diktatorisk makt. Denne homoperversvenstreekstremistantisemittmuslimelskande naivisten kasta han ut etter 24 minutt fordi eg publiserte eit kritisk innlegg på sida hans. Etnisk rensing av uønskte element. Før eg blei ekskludert, fekk eg med meg at sida renn over av hets mot «degenererte, perverse analfresarar» i kjølvatnet av homodagane. Til og med Solveig Horne får sitt. Ho er nemleg raddis (!) fordi ho deltok i homomarsjen.

Det er altså ikkje dei eigentlege fiendane, dei som vil bryte ned dei demokratiske verdiane, som blir sett på som trugsmål av ytterste høgre fløy. Nei, det er sterke kvinner som har meiningars mot. Som er viljuge til å debattere dei store samfunnsspørsmåla og står rakrygga i stormen. Ikkje kvinner som nødvendigvis har rett i alt dei påstår, men som har tru på åpne, varme og tolerante samfunn og vil bruke massevis av kvinnekraft for å skape nettopp det.

Og det er heidersmenn som Mads Gilbert som taler Israel midt imot når dei bombar Gazastripa. Han som gjer det mange av oss ikkje tør: står midt i bomberegnet og hjelper offer for ein meinigslaus og brutal krig.

Når eg tenkjer meg om: Dersom nokre bittesmå, rosinsjeler skulle finne på å kalle meg quisling og landsforrædar på Mads Gilbert-nivå, då rettar eg ryggen enda meir, pussar vidare på glorien og slår fast at det er ei stor ære.