Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Langslets «slurv»

DEN 19. APRIL

1941 var Riksmålsforbundet samla til ekstraordinært landsmøte i Oslo. Det er ei viktig og avgjerande samling. På møtet skal det avgjerast om organisasjonen skal samarbeida med den tyske okkupanten og handtlangarane deira, eller slutta seg til motstandsfronten mot NS-styret. I følge Riksmålsforbundets historikar Lars Roar Langslet vedtar landsmøtet eit framlegg frå Oslo Riksmålsforening om at Riksmålsforbundet og Norges Mållag bør avgi ei felles fråsegn om å instilla språkstriden i desse vanskelege tidene, «så nordmenn ikke splitter sine krefter». Langslet legg til at riksmålsinitiativet ikkje førte fram, og at det «ble formodentlig avvist fra den andre siden», altså frå målrørsla.

Krigsåra 1940-45 er den mest dramatiske perioden i historia om det moderne Norge. Folk og organisasjonar blei sette på prøve. Den 19. mars 1941 var turen kommen til Riksmålsforbundet. Det er det eine viktige møtet i organisasjonen under heile krigen. Forsamlinga har to klåre alternativ å stemma over. Med stort fleirtal veljer landsmøtet samarbeid med nazistyresmaktene. I si offisielle framstilling av Riksmålsforbundets historie fortel Lars Roar Langslet at dei veljer det motsette: å innstilla språkstriden og bli ein del av kulturfronten mot okkupanten. I Dagbladet den 17. november kallar tidlegare kulturstatsråd, preses i Det norske akademi, statstipendiat mmm. framstillinga si for «slurv». I folkemålet finst det langt betre og meir presise namn på denne typen historiefortelling.

SJØLV OM

Langslet bagatelliserer, er det bra at han nå vedgår at Riksmålsforbundet som organisasjon valde samarbeid med dei nazistiske okkupantane. Dessverre er historieframstillinga hans like liberal med sanninga også i andre spørsmål. Stikk i strid med kjennsgjerningane skriv han at framgangen for nynorsk som skulemål etter 1938 kom «takket være iherdig krigsinnsats». Lett tilgjengeleg forsking (t.d. av Harvard-professoren Einar Haugen) fortel at den store framgangen for nynorsken kom i løpet av dei to første åra med ny rettskriving. I 1940 hadde nynorsk for første gong vunne fleirtal i landskrinsane.

Endeleg: I Langslets historieframstilling hende det motsette av det som verkeleg fann stad. Det får derfor ein betydeleg komisk effekt når han sjølv kallar denne framstillinga «relativt balansert». Så legg Riksmålsforbundets historikar til: «Jeg la ikke skjul på at generalene på begge fløyer av språkstriden ble enten satt i fengsel eller drevet i landflyktighet, men at det i begge leirer var endel fotfolk som gjerne samarbeidet med nazimyndighetene.»

HER ER DET

langsletsk slurv av like stort format som det er forvirring om det militære gradssystemet. Det historikaren kallar fotfolk er formannen i hovudorganisasjonen og i det største lokallaget, altså i Riksmålsforbundet og i Oslo Riksmålsforening. Desse to generalane fekk fotfolket med seg på samarbeid med nazistyresmaktene. Også i målleiren fanst det svarte får og brotne kar både blant offiserar og menige, men ikkje organisatorisk samarbeid med okkupanten. Så kan ein spørja: Er det nå så viktig å rippa opp i desse røynslene frå motstandskampen mot nazismen? Svaret er dessverre ja. Langslets usanningar dannar kjeldegrunnlag for Hans Fredrik Dahls meir systematiske forfalsking av idéhistoria under krigen. Det er det eine. Samstundes er ymta om samrøre mellom målrørsla og Nasjonal Samling den dag i dag ein viktig del av konstruksjonen av «nynorsk» som statleg overgrep og fiendebilde for den liberale historiefortellinga.

Forskinga har vist at dei norske motkulturane var bortimot ugjennomtrengelege for nazistisk tankegods. Sentralkulturen og riksmålsrørsla var det ikkje. Frå sentrumsekstremismen har kampformer som bokbål og diskriminerande skjellsord spreidd seg i den offentlege samtalen. Språkstriden i dag handlar om å halda fast ved multikulturalismen og hindra at umedvitne og truskuldige, men antidemokratiske fortellingar får spreia seg i norske massemedier.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media