Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Langt frå «Nirvanas Bulder»!

«Mest kuriositetar, men også eit og anna dirrande dikt.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

BOK: Ein skal vera temmeleg ekstrem Hamsun-fan eller forskar om ein opplever denne boka som ei spennande diktsamling. Ikkje er desse dikta nye, dei aller fleste er publiserte før, og ikkje er det vanskeleg å forstå kvifor dei fleste ikkje er med i det «Det vilde Kor». Hamsun var jo ein stor lyrikar, men mest i prosaen sin. Han var sjølvkritisk og hadde stor innsikt når det gjaldt dikta sine. Han har skrive positive ting om diktet, som at «Verset er mig det kjæreste» og meir dobbeltbotna: «...jeg har begyndt at skrive Vers nu, den eneste Digtning, som ikke er baade pretensiøs og intetsigende, men bare intetsigende.»

Poesiidealet for Hamsun ser ut til å vera nettopp det han oppnådde i bøker som «Pan» og «Victoria», nemleg ei dikting full av «Fioliner og Sødme» og ein nærleik og kontakt med naturen: «Mange af mine Digte blir til, naar jeg ligger på Ryggen i Skogen. Jeg prøver at komme mig langt bort fra Mennesker og alle Erindringer om det moderne Liv (..)»

Han ser at han motarbeider sine eigne ideal.«Det kommer til dels av at jeg efter en nedrablet Stemning farer det over igjen og gjerne vil lægge ind en Mening, et Indhold, og saa ødelægger alt.» På bakgrunn av «Det vilde Kor», der ein kan finna så mange gode dikt, og Hamsun sin sjølvkritiske sans i forhold til dikta sine, er det her ikkje nett gjort han og hans omdømme nokon teneste. Stakkars Hamsun! Kan ein seia det? Her er høvesdikt i fleng, til fødselsdagar og avdøde, her er smårare kommentarar, dikt på nynorsk og dialekt, og i sanning er mange av dikta upretensiøse! Det er langt frå desse til det «Nirvanas Bulder» som gjev gjenklang i «Det vilde Kor»! Men her og der rispar meisterkloa gjennom og set eit skikkeleg merke i oss:

«En Øks er intet Selvmordsvaaben, den sprætter ikke nogen op, den bare kysser. Der blir en rød Mund efter Øksen hvor den kysser, to røde Læber aabner sig hvor den kysser.

Slig er Øksen.

Og her har jeg et Hjærte til den.»