Det er tungt å vera ein del av den såkalla dessertgenerasjonen om ein er utan bustad og ikkje har økonomiske musklar som kompenserar for høge bustadprisar og skjerpa krav til eigenfinansiering. Det er som å verta sendt for å ta oppvasken etter foreldregenerasjonens fest før ein sjølv har fått plass ved bordet.
Frå 1. juli 2015 gjekk det frå vondt til verre for dei om lag tjue prosent unge som er avhengig av å gå utanom Finanstilsynets retningsliner til eigenkapitalkrav. Forskriftsfestinga som trer i kraft betyr at vegen til å eigen bustad blir svært mykje lenger.
Stortinget held fast på den lina som seier at dei fleste burde eige sin eigen bustad. Samstundes som ein har hatt dette som mål i heile etterkrigstida, har skiftande politiske fleirtal teke bort fleir og fleir av dei politiske verkemidla dei hadde for å sikre unge høve til å kjøpe og eige.
Målet med norsk bustadpolitikk er framleis den same, sjølv om verkemidla forsvinn. Dette resulterer i store privilegium for dei som enten oppfyller eigenkapitalkravet, eller er blant dei ti prosent som har god nok økonomi til å kunne fullfinansiere ein bustad.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger