MOBBING: Fire prosent av norske barn blir mobbet i løpet av skolegangen. Sønnen til innleggsforfatter er ett av dem.  Foto: Gorm Kallestad / NTB pluss
MOBBING: Fire prosent av norske barn blir mobbet i løpet av skolegangen. Sønnen til innleggsforfatter er ett av dem. Foto: Gorm Kallestad / NTB plussVis mer

«De voksne er pyser, mamma»

60 000 spente førsteklassingar tek til på skulen i midten av august. Fire prosent av desse vil bli mobba. Ein av desse elevane er sonen min.

Meninger

Rundt 60 000 spente førsteklassingar tek til på skulen i midten av august. I følgje Djupedalutvalet kjem 4 prosent av desse førsteklassingane til å bli mobba i løpet av skuletida si. Det høyrest ikkje så mykje ut, men tilsvarar 2400 born på kvart einaste årskull. Det tyder at ein elev i kvar førsteklasse vil oppleva å bli mobba. Ein av desse elevane er sonen min.

I løpet av dei åra sonen min har vore elev ved ein skule på Vestlandet, har eg sendt ei rekkje uromeldingar om det psykososiale miljøet. Eg starta audmjuk, men vart etter kvart meir og meir insisterande. Meldingane mine nådde ikkje fram. Han måtte «tola såpass, ikkje ta seg så lett nær av ting, overdreiv sikkert».

Det tok fire år og eit overfall der sonen min fekk hovudet smelt i ein vegg til han sa " det smakte blod i munnen min, mamma", før skulen for første gong sette inn det dei kalla reelle tiltak. Då hadde han kartlagd alle toalett på skulen for å finna det eine som ikkje kunne låsast opp frå utsida. Den perioden hadde han urovekkande god kunnskap om toalettreinhaldet på skulen, og ikkje minst om mangelen på det. Eg veit framleis ikkje kva konkrete tiltak skulen sette inn anna ei styrking av vakthald i friminutta. Det eg veit, er at tiltaka ikkje gjorde nokon forskjell. Mobbinga både heldt fram og auka i omfang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då sonen min hulkande og vettskremd ringte meg heimanfrå etter å ha blitt banka på skulen av 6-7 eldre elevar i storefri med vaksne til stades, ringte eg skulen. Eg fekk klar melding om slikt, altså kvelartak og ballespark, måtte guten rekna med, dersom han laga lydar som irriterte andre. Eg vart så paff at eg ikkje ein gong protesterte. Eg skjemst framleis over kor tafatt eg vart, og vil nok alltid gjera det. I veka som følgde snakka me om skulen heime, og eg bad guten min fortelja kva som skjedde på "ein god dag på skulen" - for han har kome heim og fortald om slike. Svaret hans knuste hjarta mitt: "En dag der ingen ser meg". På spørsmål om kvifor han ikkje har sagt noko til oss, svarar han at han ikkje trudde det var noko me kunne gjera. Eg tok han ut av skulen. Og fann ein ny ein. No har eg ein unge som søv om nettene og møter blikket til framande.

På eige initiativ har han gjeve ein betre analyse av skulekvardagane på gamleskulen enn nokon av dei vaksne eg har møtt: "Eg hadde det vondt fordi de voksne er noen pyser, mamma". Kjære alle vaksne på skulen, ver modige! Eg unnar ingen å gå gjennom det guten min har opplevd.

Alt som skal til er vaksne som gjer jobben sin.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook