«Takk, antar eg».

Stortingets 200-årsgåve til det norske folket er blitt ganske rar.

GRATULERER MED DAGEN: Som ei gåve til folket, i høve 200-årsjubileet, finst Grunnlova no i to utgåver: den eine på ubegripeleg riksmål, den andre på moderne spynorsk. Gratulerer med dagen! Illustrasjon: Flu Hartberg
GRATULERER MED DAGEN: Som ei gåve til folket, i høve 200-årsjubileet, finst Grunnlova no i to utgåver: den eine på ubegripeleg riksmål, den andre på moderne spynorsk. Gratulerer med dagen! Illustrasjon: Flu Hartberg Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Kva skjedde eigentleg no? var reaksjonen min, då politikarane gledesstrålande gratulerte kvarandre nede i Stortingssalen. Dei hadde akkurat gjort eit historisk vedtak. Som ei gåve til folket, i høve 200-årsjubileet, finst Grunnlova no i to utgåver: den eine på ubegripeleg riksmål, den andre på moderne spynorsk. Gratulerer med dagen!

Bakgrunnen, i kortversjon: Det var sjølvaste Carl I. Hagen som først påpeikte det elementære at nordmenn bør kunne forstå si eiga grunnlov. Trass i at det i 1903 blei gjennomført ei oppdatering av skrivemåten av ein del ord, mens vokabularet og grammatikken blei bevara, er Kongeriget Norges Grundlov skriven på eit ugjennomtrengeleg 1800-talsdansk. På vegner av seg sjølv og språkprofessor Finn-Erik Vinje, fremja Hagen eit grunnlovsforslag om ei forsiktig språkleg fornying av Grunnlova, og Vinje utarbeidde ei lett modernisering av det forelda språket. All ære til dei for det.

Komitéen som behandla Hagens forslag var einige i at ei modernisering av grunnlovsspråket var på sin plass. Men skulle dei først gjere noko med grunnlova, burde dei i same slengen sørge for å gjere henne tilgjengeleg i begge dei to offisielle skriftspråka, bokmål og nynorsk. Eit breitt fleirtal i Stortinget fatta deretter vedtak om at arbeidet med to språkleg oppdaterte utgåver skulle ta til. Eit utval blei oppnemnt, leia av jurist Hans Petter Graver. Oppdraget var å lage to utgåver på tidsmessig bokmål og nynorsk, som skulle vere mest muleg forståelege for vanlege folk, utan at meiningsinnhaldet blei endra. Dei to versjonane skulle dessutan i minst muleg grad kunne tolkast ulikt.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer