Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Lat oss grafse dei i skrittet og røske dei i ballane

Eg er himmelfallen over korleis folk lar seg forblinde og forføre av oransjemannen.

NEKTET: USAs president ville ikke vise seg med maske under besøket på Ford-fabrikken, men i etterkant har dette bildet dukket opp på Twitter. VIDEO: NTB Scanpix Vis mer
Meninger

Tenk om vi hadde høyrt Erna Solberg seie noko slikt i ein samtale med ei venninne. Tenk om ho hadde hatt sex med ei pornostjerne og betalt han for å halde kjeft. Tenk om ho på ein pressekonferanse hadde etterapa og mobba ei kvinne i salen med cerebral parese. Tenk om ho kvar einaste dag hadde blitt tatt i løgn. Tenk om ho hadde lagt media for hat og sagt «fake news» kvar gong ho blei kritisert. Tenk om ho stadig hadde snakka nedsetjande om forgjengaren sin og lova å gjere om på alt han fekk gjennomført. Tenk om ho hadde blitt hylla av nazistar og rasistar. Tenk om ho hadde blitt mistenkt for å samarbeide med Russland om valjuks.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Hadde det norske folk då sagt: «Ja. Ho vil vi ha som statsminister»?

Alt dette og meir til har Donald Trump gjort. Likevel valde amerikanarane han til president. Aldri har vel det amerikansk folket vore meir splitta enn under Trump. Likevel auka populariteten hans i byrjinga av presidentperioden. Økonomien gjekk bra, og det blei skapt nye arbeidsplassar.

Eg er himmelfallen over korleis folk lar seg forblinde og forføre av oransjemannen. Korleis kan evangeliske fundamentalistar hylle han som eit sendebod frå Gud sjølv om han bryt det eine etter det andre av for dei Guds heilage bod? Korleis kan folk hylle han når han på diktatorisk vis prøver å ta kontroll over media og utestenge dei som kritiserer han frå pressekonferansar? Kvifor gjer ikkje republikanske politikarar opprør når han prøver å overstyre domstolane? Ser dei ikkje at dette er åtak på sjølve demokratiet som nasjonen er tufta på?

Men nei. Blodfansen fylgjer han som ein blind saueflokk og tilgjev alle krumspring og sidesprang. All kritikk sklir av som er han dekt av teflon. Også i Noreg har han kultstatus hos enkelte. Carl I. Hagen opplevde at han endeleg hadde funne si tvillingsjel. Frp-parhestane Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde var så over seg av begeistring for Trump sin innsats for krig og fred og sånn at dei like godt nominerte han til Nobels fredspris. Tybring-Gjedde som nyleg tok ein Trump og forlet Stortingssalen fordi han blei konfrontert med synspunkt han ikkje likte.

Så dukka koronaviruset opp. Eit virus frå helvete som på same tid på perverst vis kan vise seg å vere ei gudegåve til dei som vil ha Trump fjerna. Plutseleg klarte ikkje skuta Amerika seg trygt gjennom brottsjøar og brenningar. Trump hadde fått ein pandemi å hanskast med som han ikkje ante korleis han skulle takle. Han likna meir og meir på ein skitfull skipskaptein som styrte heilt utan mål og mêd.

Fyrst skrytte han av Kina og deira tapre kamp mot viruset. Samtstundes forsikra han amerikanarane om at dette bare var ein ufarleg influensa. Så påstod han at korona var noko lureri demokratane hadde funne på for å setje han i eit dårleg lys. Dessutan ville det vere borte i løpet av april, og i alle fall forsvinne når det blei varmare i veret.

Medan han bagatelliserte og bortforklarte, byrja smitte- og dødstala å stige. I USA raskare enn i mange andre land. Då skifta Trump taktikk. No skulle det skuldast på alle andre. «Kinaviruset» som han byrja å kalle det, var Kina sin feil. Og Obama, sjølvsagt. For ikkje å snakke om «The do nothing Democrats». Delstatane slapp heller ikkje unna. Dei gjorde for lite. Eller for mykje. «Lamestream media», som han yndar å kalle den fjerde statsmakt, blei òg syndebukkar.

Den einaste utan feil og lyte er han sjølv. Hadde han ikkje resolutt stoppa all flytrafikk frå Kina, ja, då hadde det vore ille. «Vi har gjort ein fantastisk jobb i kampen mot COVID-19», er omkvedet hans.

Men det har kome riper i lakken. Fleire har gjennomskua humbugen. Twitter, som lenge har vore talarstol for merkelege utspel frå Trump, har byrja å merke med utropsteikn og faktasjekke direkte usanningar han lirer av seg der. Medan presset mot han aukar og han taper popularitet, kjem han med stadig meir bisarre utspel. Som å nekte å gå med maske. Han er open for å prøve ut spesielle kjemiske vaskemiddel for å helbrede koronasjuke. I tillegg promoterer han malariamedisin som han, til trass for åtvaringar frå ekspertar, påstår at han sjølv bruker som forebyggjande medisin.

Talet på koronadødsfall i USA er 100 000, og det nærmar seg to millionar smitta. Med slike dramatiske tal er det vanskeleg å overtyde veljarane om at han har lukkast. Når økonomien i tillegg er alvorleg svekka av koronakrisen, er situasjonen alt anna enn lysteleg for presidenten.

For mange er han framleis ein kultperson. Desse fylgjer han i tjukt og tynt. Oppmuntra av Trump («They are good people») demonstrerer tungt væpna fans i delstatshuvudstader for å få gjenopna samfunnet. Andre spyttar og hostar på og går fysisk til åtak på vakter som passar på at folk utan masker ikkje slepp inn i butikkar der slike er påbodne. Bur dei ikkje i eit fritt land, kanskje?

Om koronadødstala held fram med å auke og det går skeis med økonomien, er Trump truleg historie etter neste val. Tanken på kva hans væpna tilhengjarar kan finne på om dei nektar å godkjenne eit valnederlag, er skremmande.

Det som er enda mykje meir skremmande, er mulegheita for at amerikanarane kan finne på å gje han fire nye år i Det kvite hus og dermed fullmakt til å gjere kva pokker han vil. Gud hjelpe Amerika då. Ja, resten av verda òg.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!