Vanlege folk: Dei som flyktar, er vanlege folk. Dei er du, eg, foreldra våre, borna våre, skriv Iril Schau Johansen. Foto: Privat.
Vanlege folk: Dei som flyktar, er vanlege folk. Dei er du, eg, foreldra våre, borna våre, skriv Iril Schau Johansen. Foto: Privat.Vis mer

Lat oss ynskje flyktningane velkomne heim

Om eg kom med borna mine til eit framand land, og nokon gav meg moglegheita til å eige ein heim, så ville eg gjere alt eg kunne for å behalde han.

Meninger

Om du skal rangere, kva er kjekkast: Å få nye innbyggjarar i bygda, eller at folk manglar hus og heim?

Har ikkje det eine noko med det andre å gjere, seier du? Åja, det er sant. Dei som manglar hus og heim, er ofte flyktningar og slikt. Sånne som kanskje kjem hit for å bu i ein dårleg leigebustad ei tid, før dei dreg vidare til ein plass der det er fleire av sånne som dei. Dei blir sjeldan innbyggjarar, slik som vanlege folk.

Vel, stopp der. Det er nettopp her vi har tenkt så feil. Dei som flyktar, er vanlege folk. Dei er du, eg, foreldra våre, borna våre. Og eg tør vedde på at dei fleste av dei ynskjer seg eit vanleg liv med jobb, skule og bustad. Lat dei kome heim.

Mange av dei som kjem som flyktningar no, har flykta frå eit liv som var i ordna former. Dei er vane med å bu. Dei kjem med heile familien sin. Dei som vert busette rundt om i norske kommunar og skal bli verande i Noreg, blir plasserte i meir eller mindre eigna leigebustader. Kommunen dekkjer husleiga med tilskot frå Staten dei første åra. Flyktningane får ein ny midlertidig stad å vere. Borna tek ikkje med andre born heim, for dei vil ikkje at dei andre i klassen skal sjå korleis dei bur. Dei blir gåande på sida av samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva om vi heller nyttar pengane litt annleis? Kva om vi heller seier «velkomne heim», og syner at vi vil satse på dei som nye innbyggjarar i kommunen vår?

I staden for å leite etter utleigebustader til flykningane i ein allereie pressa leigemarknad, bør kommunen heller stiller seg som garantist for lån, og få bygd og kjøpt nyare hus og husvære som flyktningane så får eigarskapet til. Dei første åra kan stønadsbeløpet frå Staten gå til renter og nedbetaling av lånet. Deretter får dei busette sjølv det økonomiske ansvaret for bustaden. Kommunen har ikkje betalt ei krone meir enn dei elles ville ha gjort i leige, og ansvaret for vedlikehald er overført til flyktningane. Det verste som kan skje, er at dei busette ikkje greier å nedbetale lånet, og må selje huset. Då skal sjølvsagt restlånet nedbetalast, eller kommunen kan ha gjort avtale om at huset i så fall skal overførast til kommunalt eigarskap.

Ingen meirkostnad, ingen risiko, og likevel kan det få stor effekt: Flyktningane får ein heim dei kan kalle sin eigen. Dei blir nye innbyggjarar. Dei kan senke akslene og fokusere på ei framtid der dei er. Eg veit for min eigen del at om eg kom med borna mine til eit framand land, utan anna enn det vi sto og gjekk i, og nokon gav meg moglegheita til å eige ein heim, så ville eg gjere alt eg kunne for å behalde han. Den heimen ville tyde ny tryggleik for borna mine, og eit utgangspunkt for eit nytt liv. Barnefamiliar har ein stor motivasjon for å ta vare på ein slik sjanse.

Dei fleste norske familiar eig bustaden dei bur i. Om flyktningane skal kunne blir ein del av samfunnet på lik linje med oss som allereie bur her, må vi gje dei ein skikkeleg start. Dette kan vi altså greie med dei midlane vi allereie har til rådvelde, ved å nytte dei på ein ny måte.

Sjølvsagt passar ikkje denne løysinga for alle. Det er ikkje alle som er så heldige at dei har opplevd å leve under ordna tilhøve, utan krig og øydelegging, og som har fått lære å bu. Men for mange av dei syriske familiane som kjem til Noreg no, kan ein ny heim som dei kan kalle sin eigen gjere ein stor skilnad.

Nye innbyggjarar er ein ressurs for kommunen vår. Lat oss tenkje busetnad på ein ny måte, og seie velkomne heim!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook