LAUSGJENGAR: Rasmus Hansson fra Miljøpartiet De Grønne er ikkje lenger fullt så fri.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
LAUSGJENGAR: Rasmus Hansson fra Miljøpartiet De Grønne er ikkje lenger fullt så fri. Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVis mer

Lausgjengarar i band

Om udugelege direktørar, fikenblad og dadling med lua i handa.

Kommentar

DENNE VEKA har Jens Stoltenberg vore i Washington utan å få møta dei store og mektige som bestemmer over krig og fred og sånn i supermakta. Barack Obama var opptatt i møte med amerikanske småbedrifter. Elles går han heller direkte til EU, og der klarte ikkje Stoltenberg å bli medlem. Vi som var så stolte over at ein av våre eigne blei spydspiss i NATO, må nok innsjå at han er ein løpegutt som skal stå med lua i handa og ta seg av dritjobbane.

SV BAUTAR SEG vidare med Audun Lysbakken ved roret. Nå har det nye frihetspartiet, som sårt treng livredning, stemt mot redningsvest i fritidsbåtar, saman med Høgre og Fremskrittspartiet. Lausgjengaren Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grønne, som var på vippen, er ikkje fullt så fri. Personlig er han mot påbod, men stemte for fordi det er knapt fleirtal for i partiet. Dermed har han bevist at MDG er i ferd med å bli eit ordinært parti.

DEN REFUSERTE fylkesmannen i Oppland, Gjermund Hagesæter, er fremskrittets talsmann i dustesaker. Han argumenterer med at det er fleire som druknar frå brygger enn frå båt. Og at redningsvestar kan ta liv fordi folk flest blir irritert over påbodet. I slik logikk a la Erasmus Montanus er Fremskrittspartiet konsekvent. Ketil Solvik Olsen, samferdselsminister for bilistar flest, er mot fotoboksar fordi rus og utanlandske vogntog drep fleire enn gjennomsnittsfarten. Der er han heilt på line med Stutums klassikar: Det er ikke farten som dreper; det er bråstoppene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

ANDERS ANUNDSEN har vel elles bruk for alle dei redningsvestar som oppdrivast kan, men i påsken kan han finna trøyst i Jon Michelets krimroman «Den drukner ei som henges skal». Men det er jo stadig avhengig av at den elles så klarspråklige Abid Raja lar Anders Anundsen behalda fikenbladet, held seg til dadling og tar eigedomsretten til ordtaket: «Opp som ei løve og ned som ein raja».

KVA ER DET MED Fremskrittspartiet i Stavanger? Den forrige ordførarkandidaten, Trond Birkedal, hadde som hobby å smugfotografera nakne smågutar i dusjen. Etterfølgaren, Tore B. Kallevig, har måtta trekka seg i skam og vanære fordi han gjorde hemmelige telefonopptakt av samtalar og brukte dei i kampen mot partifellar og andre politikarar. Partieiaren er ikkje lenger deeply shocked, men fyller rolla som Tause Siv.

KVA ER LIKHETEN mellom by og land, mellom det Høgrestyrte Oslo og Senterpartiet som hissar til kamp mot Jan Tore Sanners robuste kommunereform? Begge tyr til pepparspray som velferdstiltak — på blå eller grøn resept. I Oslo mot overfallsmenn, i Senterpartiland mot ulven. Forskjellen er at Høgre i Oslo har mest formue bak kva stemme, mens Senterpartiet har flest kvadratkilometer.

YARA-TOPPANE ventar på dommen for korrupsjon i Libya. Dei spreidde millionar over son til den reformvennlige oljeministeren for å få løyve til å bygga gjødselfabrikk. Opsjonskongen Thorleif Enger er forsvart med at han i grunnen var udugelig som leiar: Han visste ikkje, han skjønte ikkje, og dessutan førte ikkje bestikkelsane fram. Slike bortforklaringar stinkar så dei luktar over mobilnettet heilt til Usbekistan.

GOD PÅSKE. Det må det vel bli nå som Kristelig Folkeparti har ofra arbeidsmiljøet for å få K-en på plass i RLE-faget.