Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

DEBATT

Jamenisme-bonanza:

Legg hendene over auga

Ikkje med min beste vilje klarer eg å fatte og begripe kva jamenistane vil oppnå med å framstille rasisme som eit ikkje-problem.

DET BEGYNTE SÅ BRA: Dei mange aksjonane, den felles fronten av kvite og svarte, også i Noreg, bar bod om at denne gongen kunne ein kanskje oppnå noko, skriver Jarl Wåge. Foto: Bjørn Landsem
DET BEGYNTE SÅ BRA: Dei mange aksjonane, den felles fronten av kvite og svarte, også i Noreg, bar bod om at denne gongen kunne ein kanskje oppnå noko, skriver Jarl Wåge. Foto: Bjørn Landsem Vis mer
Meninger

EKSTERNT BIDRAG: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.

Sommar-OL 2020 skulle ha gått av stabelen i Tokyo. No ligg evenementet i staden i koronadvale i minst eitt år.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I staden har vi fått olympiske sommarleikar i «jamenisme» eller «whataboutism» som dei kallar det dei som svergjer til utanskjærsk. Der tevlar dei i idrettsgreiner som fornekting, bortforklaring, bagatellisering, utanomsnakk og omskriving med to do.

Eg gjekk og kjende på ei glede. Eit håp. Folk tok til gatene. Overalt i den vestlege verda. Hundretusenvis av menneskje. Drevne fram av eit glødande engasjement mot rasisme. Folk i alle aldrar. Mest ungdom. Rasismen sine mange groteske utslag; undertrykkjing, menneskeforakt, vald og drap gjorde det maktpåliggjande å få utløp for oppdemma fortviling, frustrasjon og raseri.

Håp og glede fordi dei mange aksjonane, den felles fronten av kvite og svarte, også i Noreg, bar bod om at denne gongen kunne ein kanskje oppnå noko. Komme eit steg vidare.

Situasjonen har roa seg ned. Vi er i ventemodus. Kva vil skje i kjølvatnet av demonstrasjonane? Vil vi få sjå resultat? Kjem endringane vi har håpa på? Håpet er dessverre dalande. Framtidsoptimismen har fått seg eit skot for baugen. Den viktigaste grunnen til dette er «jamenisme-bonanzaen» vi er vitne til i debattar, aviser og spesielt sosiale media.

Jamen, «Norge er et av verdens minst rasistiske land. Når ytterliggående krefter (?) prøver å definere alt (!) som rasisme, da mister kampen mot rasisme sin støtte,» skreiv Siv Jensen og Frp sin antiinnvandringspolitiske talsmann, Jon Helgheim, nyleg i ei felles ytring. Heilt sikkert ei mager trøyst for dei som opplever rasismen på kroppen.

Ein ting slår aldri feil. Uansett kva som blir diskutert, om det så er raskaste veg mellom Halden og Snåsa, vil ein eller annan før eller seinare seie: «Jamen, muslimane». Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk var tidleg ute i debatten om politisk ukorrekte statuar og skreiv på Twitter: «Hvor blir det av debatten av slaveeieren og slavehandleren Muhammed?»

For det må vi jamen huske: Det ikkje bare er kvite som har slavar. Til og med afrikanarar er slaveeigarar. For ikkje å snakke om muslimar. Muhammed hadde slavejenter heilt ned i niårsalderen, kan ein fortelje oss.

RASISME: Da venninnene Amina Al-Bayati (22) og Agnes Bergh (22) sto i kø på en Circle K-stasjon i Malmö i Sverige ble de utsatt for rasisme. Video: Privat. Reporter: Elias Kr. Zahl-Pettersen Vis mer

Ein kar lurer på om eg har sett meg ned og høyrt på muslimar fortelje kor bra Hitler var som nesten klarte å utrydde jødane. Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre blir pålagt ansvaret for ei ny bølgje av slavehald i Libya etter at landet blei bomba. Viktige tema alle saman, men gjer dette rasisme meir ufarleg og mindre smertefull?

«Jamen, det er ikkje rasistar sin feil at det er rasisme,» er ein annan klassikar. «Rasismen blir skapt av dei som trur dei skal bekjempe den,» stod det skrive i eit kommentarfelt. Det er venstresida sin feil, må vite, fordi dei stadig spelar rasismekortet. Og media sin feil.

For ikkje å snakke om ikkje-vestleg innvandring. Hadde det bare vore kristne, kvite, ekte nordmenn her til lands, så hadde vi unngått rasisme fullstendig. Så eigentleg er det politikarane sin feil.

«Jamen, jødane,» seier nokon og lurer på kvifor vi ikkje er opptekne av dei. Mange trur dei veit svaret sjølve, at det er fordi venstreraddisar hatar jødane. Faktum er at det er same slags mekanismar som står bak jøde- og muslimhat og hat mot svarte. Så kampen mot rasisme handlar sjølvsagt om alt dette.

«Jamen, rasisme begge vegar,» er ein annan gjengangar. Vi må huske at kvite også lir under rasisme-åket og at vi burde vere opptekne av norske ungdommar som lever med frykt, ran og fornedring.

Ein kommentator påstår at to homofile eller ei jente med miniskjørt ikkje ville våge å opphalde seg på Grønland i Oslo. Dessutan må vi snart ta innover oss at det er innvandrarar som er rasistar og at etnisk norske blir sjikanerte og diskriminerte.

Frp-politikarar, koranbrennarar og andre på ytterste høgre flanke er deltakarar som har lege i hardtrening til dei jamenistiske sommarleikar. Per-Willy Amundsen, han som blei plassert på, for så å bli dytta ned frå, ein ministertaburett av Erna Solberg, er ein av dei som stadig klatrar til topps på pallen.

Nyleg skreiv han mellom anna dette: «Nok en gang forteller NRK om rasisme mot folk med mørk (!) hud. Dette har etter hvert blitt en daglig øvelse i Dagsrevyen. Ofte anekdoter og påstander som aldri ettergås. (...) Men den samme statsfinansierte kanalen forteller aldri (!) om rasismen som unge, etniske nordmenn utsettes for. (...) Er det slik at personer med hvit hud må akseptere rasisme?»

Ikkje med min beste vilje klarer eg å fatte og begripe kva jamenistane vil oppnå med å framstille rasisme som eit ikkje-problem. Det blir som når småungar legg hendene over auga og trur vi ikkje kan sjå dei eller når Donald Trump vil teste færre amerikanarar for at koronasmittetala skal gå ned; lat oss snakke om alt anna, og vips, så er rasismen borte vekk.

Same kor intenst enkelte prøver å fortelje oss noko anna, så vil vi aldri nokon gong komme uvesenet til livs om vi ikkje erkjenner at det eksisterer.

Framtidsoptimismen min treng ei energiinnsprøyting att.

Det kan ho få om ein eller annan kan gripe mikrofonen og erklære sommar-OL i jamenisme 2020 for avslutta og at vi heretter skal konsentrere oss om kamp mot mobbing, vald, kriminalitet og antihaldningar til homofile og kvinner.

Ikkje i staden for, men saman med ein aktiv og kompromisslaus kamp mot rasisme.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!