SOM FEMTITALET? «Ingen av dei eg har snakka med har ektefeller som ikkje tek ansvar på heimebane », skriv Olaug Nilssen som har intervjua kvinner om deltidsvalg i «Kjøkenbenkrealisme» som kjem ut i dag. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix
SOM FEMTITALET? «Ingen av dei eg har snakka med har ektefeller som ikkje tek ansvar på heimebane », skriv Olaug Nilssen som har intervjua kvinner om deltidsvalg i «Kjøkenbenkrealisme» som kjem ut i dag. Illustrasjonsfoto: NTB ScanpixVis mer

Lengtar vi etter kjøkenbenken?

Kvinner vel deltid, sjølv om vi veit det er farleg.

I april 2010 hevda eg offentleg at eg lengta etter kjøkenbenken. Eg hadde eitt barn og eitt til på veg, eg jobba som forfattar og skribent, eg hadde ei leiarstilling og ei rekke styreverv og meinte sjølv at eg jobba og reiste meir enn før eg fekk barn. Eg var råka av tidsklemma, og skreiv i ein petit i Dagsavisen at eg skulle ønske eg hadde råd til å jobbe deltid slik at eg kunne få tid til å vaske kjøkenvifta. Ja, også fordi eg ville ha tid til å stresse mindre, betre humøret og ha tid for omtanken, men i følge teksten først og fremst fordi eg ville vaske den inngrodd feittete kjøkenvifta.

Teksten var delvis alvorleg meint og delvis meint som eit humoristisk hjartesukk. Ikkje hadde eg råd til å jobbe deltid og sjølv om eg kunne vere både sliten og frustrert, så hadde eg eigentleg ikkje lyst. Barna mine er viktige, men det er jobben og karrieren også, og eg har sagt så mange gongar at eg betaler min skatt med glede at det ikkje er heilt enkelt å argumentere for at eg likevel kan ta meg den fridomen det er å bidra tjue eller tredve prosent mindre til felleskapen enn alle andre gjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om eg verkeleg bidrar mindre enn andre i dag, er eg ikkje sikker på, men sidan sist har eg i alle fall sagt opp leiarstillinga og trekt meg frå alle styreverv. Eg jobbar som frilanser, eg styrer dagen min heilt sjølv og har sørga for å ha så lite å gjere at eg ikkje treng å jobbe meir enn fem og ein halv time om dagen. Eg har fått vaska kjøkenvifta ein gong, og det var verkeleg kjekt, men no har eg sett på kor skiten ho er i fleire månader utan å gjere noko med det.

Så kva er det eigentleg eg held på med? Noko av det eg har gjort i løpet av den korte arbeidsdagen min, er å skrive boka «Kjøkenbenkrealisme - ærlege historier om tidsklemma». Her har eg intervjua ti kvinner og ein mann om korleis dei har organisert seg for å få tid og overskot til både jobb og familie. Fleire har fått det bra til, med eller utan betalt hjelp i heimen og med meir eller mindre fleksible arbeidsgjevarar. Andre har valt å stå heilt eller delvis utanfor arbeidslivet, og sjølv om ingen av dei slår fast at det er det einaste rette for alle eller at dei alltid vil ha det slik, meiner dei at dei har gjort det som har vore nødvendig i deira situasjon.

Forfattar Olaug Nilssen. Foto: Lars Myhren Holand
Forfattar Olaug Nilssen. Foto: Lars Myhren Holand Vis mer

Sjukepleiaren i boka er trebarnsmor, og ho jobba høgst frivillig deltid då barna var små, søvnlause og uvener med kvarandre. «Eg var så sliten når klokka var tre, for då hadde eg sprunge, gått og stått heile dagen. Eg kan ikkje seie at eg då hadde noko særleg lyst til å vere saman med ungane mine. Eg ville sove middag, det var det eg ville! Eg fekk dårleg samvit, men eg ville berre sove.»

Gymnaslæraren vaks opp med ei mor som jobba fulltid, studerte på deltid og gjorde ein frivillig innsats på fritida, men ho måtte sjølv gje tapt og overfor ungar som hadde kolikk og ikkje sov rundt før dei var over to: «Eg sat i bilen og gret etter at eg hadde levert ungane i barnehagen, før eg gjekk på jobb. Eg kjenner jo det no, når eg har meir overskot, at det er kjekt å vere heime med ungane, men i den tunge perioden, krangla mannen min og eg om kven som skulle ta seg fri når barnehagen hadde planleggingsdagar . Ingen av oss hadde lyst.»

Ingen av dei eg har snakka med har ektefeller som ikkje tek ansvar på heimebane. Ingen strevar etter eit glansbilete dei kan legge ut på bloggen sin, men alle vil at heile familien skal ha det bra, og set ikkje alltid økonomisk romslegheit som målestokk for kva det vil seie. Journalisten er trebarnsmor og gift med ein lærar, og begge har vore innom deltid i løpet av småbarnsperioden. Ikkje fordi dei syntes det var viktig å shine huset eller bake bollar, ikkje fordi dei var redde for barnehagen, men fordi dei ville leve eit mindre stressande liv. På spørsmål om tap av inntekter og pensjonspoeng, svarer ho: «Ærleg talt, vi lever i verdas rikaste land, vi reiser, vi fråtsar i forbruksvarer. Mannen min og eg taper på bustadmarknaden og får mindre pensjon - so what? Kva er viktig i livet? Ein sofa kan du kjøpe på loppis!»

Sjølv vil eg ærleg talt helst ha både dyr sofa og stor bil. Då eg bestemte meg for å jobbe mindre, var det fordi eitt av barna mine fekk ei autismediagnose. Han treng ekstra oppfølging og eg trengte tid til å akseptere og lære å leve med den nye situasjonen. Med den hjelpa vi har rett på - og får - frå velferdsstaten, er det ikkje nødvendig for meg å jobbe så lite, og sannsynelegvis kjem eg til å jobbe meir seinare. Likevel opplevde eg at valet om å kutte ned på ansvarsfulle oppgåver i karrieredelen av livet, var eitt som tvinga seg fram, samstundes som eg omsider skjønte at eg måtte teikne uføreforsikring og starte pensjonssparing.

I april 2012 var Martine Aurdal intervjua i bladet Mamma, under overskrifta «Mødre bør jobbe heltid». Nokre månader tidlegare, var Sølje Bergmann like hardtslåande i same blad, og sa mellom anna at «foreldre bør vere hjemme med barna til de er tre år.» Begge fekk lange halar av hissig debatt under nettversjonane av sine intervju, og det er ikkje så rart, for det er ingen som likar å bli fortalte kva dei bør. Mange blei også provoserte av Audun Lysbakkens skjønnmaling og einsidige anekdotiske bevis i pamfletten «Frihet, likhet, farskap» frå 2011 og Julie Brodtkorp frå Høgre måtte tåle å høyre at hennar feministiske manifest «Bare en kvinne?» blei karakterisert som ei «oppskrift på å komme gjennom tidsklemmen uten å ofre verken sjefsstilling eller den månedlige frisørtimen.»

Har du ikkje råd til å vere heime med ungane, endå du heilhjerta meiner dei har bruk for deg, er det sårt at foreldre med god økonomi og au pair meiner at ungar ikkje har godt av å vere i barnehage før dei er minst to og helst tre år. Har du fått plass til ungane i ein dårleg barnehage, er det ikkje kjekt når foreldre som har bakt seg inn i ein god barnehage strålande kan meddele at ungane har det så bra at dei ikkje vil vere med heim etter endt barnehagedag. Og har du sjølv eit så krevjande yrke at det blir for mykje å kombinere det med barn, er det i alle fall ikkje oppløftande å høyre frå frilansarar og folk med fleksitid på den stillesitjande jobben at du har vore dum som har valt å jobbe deltid i ein periode. Eller at du gjer det fordi du må ha tid til å skrive ein bolle- og interiørblogg. Eller at du har vore dum som i det heile tatt fekk barn.

Vi skal sjølvsagt minne kvarandre på at det å jobbe deltid kan vere ei økonomisk felle. Men vi skal også hugse at livet med små barn kan by på utfordringar som ein ikkje kan planlegge eller føresjå, og akseptere at ikkje alle verken kan eller vil leve på akkurat same måte som vi sjølv gjer.

Følg oss på Twitter