Les utdrag fra Agnes Ravatns nye roman

«Fugletribunalet».

Foto: Kristin Svorte / Dagbladet
Foto: Kristin Svorte / DagbladetVis mer

• Les intervju med Agnes Ravatn om hennes nye roman her.

Gjekk med kosten tilbake til reiskapshuset. Då eg kom ut hadde Bagge sett seg tilbake under kirsebærtreet. Han sat med ei hand rundt stetten på det tomme glaset sitt og vinka meg opp.

Hentar du ei til, Allis? sa han med tjukk stemme.

Ei flaske til?

Han nikka.

Eg gjekk inn og vaska hendene i gloheitt vatn, gneid jorda av med såpe, vaska vekk sveitten frå panna. Det sitra i armar og bein, eg tok ei flaske ut av kjøleskapet. Då eg kom ut i hagen att låg Bagge i graset. Eg blei ståande bak han, spørjande.

Har du prøvd å ligge slik? sa han. Stemma hans var fjern, som om han ikkje eigentleg snakka til meg. Eg la meg forsiktig ned, to meter frå han. Graset kitla meg i nakken.

Eg burde kanskje setje på ein vask, sa eg. Det er nok godt klestørke i dag.

Det bles jo ikkje, Allis, sa Bagge. Han bretta opp skjorteermane sine. Heile kroppen min var i spenn, eg frykta han skulle høyre korleis hjartet slo. Etter ei stund kikka eg forsiktig bort på han. Han såg ut som han sov. Brystet hans heva og seinka seg sakte. Eg vrei hovudet forsiktig mot han, mønstra ansiktet hans. Sjølv om eg aldri hadde sett han le, hadde han fine rynker ved augo. Håret hans krølla seg så vidt ved øyro. Han såg ikkje eldre ut enn alderen sin, men hadde eit vesen og ein oppførsel som ein tilbaketrekt pensjonist. Eg hadde lyst til å stryke han over panna. Han var så vidt blank av sveitte. Eg vrei hovudet tilbake og lukka augo. Eg greidde ikkje å slappe av, men låg berre slik og forsøkte å puste roleg. Vinen eg hadde tatt ut stod på bordet og blei varm. Eg begynte å bli utkøyrd av oppførselen hana. Han let meg alltid kome på etterskot, han styrte meg etter humøret sitt. Tillét seg å berre handle på innfall. Gjorde meg trist og åleine. Bagge pusta tungt og nesten lydlaust.

Etter ei stund reiste meg forsiktig og gjekk bort til reiskapshuset for å sjå om det fanst musefeller der. Eg såg ingen. Gjekk ein runde rundt huset for å sjå etter opningar mellom karmane eller i kjellarvindauga. Ingen mus kunne vel gnage seg gjennom denne høge grunnmuren. Eg hugsa korleis far min hadde festa metallbeslag nedst på alle dørene på hytta. Eg bestemte meg for å kjøpe det etter helga, og for å fjerne alt buskas og kratt inntil husveggene så dei ikkje hadde noko å klatre i.

Eg kasta eit blikk mot hagen. Bagge låg framleis i graset. Det var underleg av han å sovne slik plutseleg, midt på dagen. Han var vel døsig av sola og vinen. Eg gjekk inn i kjøkenet og starta på middagen. Då alt var klart, og eg gjekk ut på verandaen for å rope inn Bagge hadde det i mellomtida begynt å regne. Eg såg framfor meg. Han låg heilt i ro i regnet. Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Eg blei ståande og stire. Dropane blei tyngre, regnet auka i styrke. Snart kom ei skikkeleg skur. Eg sprang ut til han. Håret var gjennomvått, skjorta og buksa klistra seg til kroppen hans. Han låg med augo att. Eg rista han i skuldra, og då brått slo han augo opp og såg rett opp i ansiktet mitt.

Herregud, sa eg, du kan då ikkje ligge slik.

Han berre såg på meg, dropane hamra mot ansiktet hans. Så begynte han å le.

Kom deg inn i huset, sa eg, og tok tak i armen hans. Han heiste seg opp og gjekk etter meg over verandaen og inn. Eg var redd og sint.

Skift på deg før du blir sjuk, sa eg. Plutseleg skralla det i torden utanfor. Han såg på meg.

Kom no, gå og få på deg tørre klede! sa eg og skauv han framfor meg.

Blir du redd i torever? spurde Bagge bak til meg med hakkande stemme.

Nei.

Han gjekk inn på soverommet sitt. Ei lita stund etter kom han ut. Då hadde han skifta til ein tynn grøn ullgenser og ei mørk bukse. Eg hadde dekt på til han på spisebordet i mellomtida. Han sette seg. Verka litt brydd. Eg serverte han kalven og spurde kva han ville ha å drikke til. Han svarte raudvin. Då eg kom opp frå kjellaren med ei flaske sat han ved bordet og rista av kulde. Eg sprang og fann eit pledd til han, som eg pakka tett rundt han. Det kjendest som ei intim handling. Han lo av meg.

Kva då, sa eg. Du kjem til å bli sjuk. Eg fyrer i omnen.

Eg sette meg på huk og la i omnen mens han åt. Eg høyrde tennene hans klapre mot bestikket.

No forstår eg at du treng nokon til å passe på deg, sa eg då eg hadde fått fyr. Han smilte. Eg sette meg ned og skjenkte vin i glaset hans. Då såg han ned og fortsette å ete. Det lynte utanfor, og etter nokre sekund tordna det på ny.

Ikkje så langt herifrå, sa eg.

Han svarte ikkje.

Du burde ha tørka håret skikkeleg.

Han togg eit stykke kjøt sakte, med teppet tett rundt seg. Så la han frå seg bestikket og tømde glaset. Eg gjekk bort i omnen og bles forsiktig. Gammal oske virvla opp og fauk ut i rommet, elden blussa opp. Eg la på ein kubbe til. Bagge åt ikkje lenger. Det skralla utanfor.

Eg trur du treng eit varmt bad, sa eg brått. Han snudde seg. Skal eg tappe i karet for deg? Han nikka. Eg reiste meg og gjekk opp trappa til meg, skrudde på kranen på badet mitt og karet fyltest langsamt. Bagge hadde ikkje sett sin fot i min etasje som eg hadde sett, bortsett frå den første dagen då han viste meg rommet mitt. Eg kjende med handa at vatnet ikkje blei for varmt. Då eg snudde meg for å rope at det var klart, stod han bak meg, i døropninga. Eg gav frå meg eit gisp, herregud, kva er det med denne lydlause framferda. Det er klart, sa eg. Han var bleik i ansiktet, og leppene svakt blålege. Eg reiste meg frå badekarskanten, men Bagge stod framleis i døropninga og sperra utgangen.