THE CLASH: Frode Grytten har skrevet roman om punk-bandet The Clash. Foto: Tor Erik H. Mathiesen
THE CLASH: Frode Grytten har skrevet roman om punk-bandet The Clash. Foto: Tor Erik H. MathiesenVis mer

Les utdrag fra Frode Gryttens nye roman

«Brenn huset ned».

Les intervju med Frode Grytten her.

wow, de helte bensin på Times Square i kveld! De tente på og så stakk de, skikkelig utført arbeid! Robert de Niro løfta glaset til ein skål. Jøssdå. Dei lo. Herlig. Har du ein blås til, Mick? De Niro hadde tatt dei med på Tin Pan Alley, ein bar tvers over gata frå Bond's. Sjappa hadde blitt brukt av Martin Scorsese i eit par av scenene i Raging Bull, ein mørk bar med hundrevis av mørke ansikt som nokon kunne skrive hundrevis av mørke romanar om. Joe følte ein lette der han sat ved bardisken, drakk øl, røykte, preika. For første gong på lenge følte han at noko var løfta av han. Han var fri til å nyte.

Dei hadde jobba hardt i fem år, men The Clash fikk aldri lov til å glede seg over triumfar og sigrar, alle forventa at dei skulle vere denne gjengen med miserable pønkarar. Det hendte at han såg ei gruppe som Madness på tv og blei misunnelig på overskotet som fanst i alt dei gjorde. De Niro hadde grodd ein bart til den nye Scorsese-filmen, han forklarte at han skulle spele ein mislykka komikar. Han sa at dei hadde lytta til The Clash utan stans då dei filma Raging Bull, dei hadde brukt klassisk musikk i sjølve filmen, men alle på settet hørte på The Clash for å gire seg opp. Dei elska The Clash. Han sa at Scorsese ville ha dei med på King Of Comedy, kanskje neste prosjekt også, gruppa og alle rundt ville passe perfekt inn i The Gangs of New York. De ser ut som ein ekte New York-gjeng, sa De Niro. Nei, vi ser ut som ein gjeng med London-fitter, sa Paul. Latter. Joe fortalte om episoden med cbs-sjefane og fotograferinga. Du skulle sett ansikta, sa han. Folk klappa i hendene, fniste og stønna. De Niro sa at han skulle ha vore der. Noko så nydelig. Noko så aldeles praktfullt. Alle streite kryp er slik, sa han, maska sprekk med litt motstand. Joe kjælte med ølglaset og slikka seg om munnen. Det er eit katastrofeområde kvar gong vi kjem nær cbs, sa Joe, men dei fortener ikkje betre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bartenderen kom bort, fyren såg ut som ein skodespelar, eit mjukt lys kom opp frå bardisken og trefte han i ansiktet. Er du Joe Strummer i The Clash? spurte han. Om han er! sa De Niro. Om han er! Telefon til deg, sa bartenderen og førte Joe til andre sida av disken. Joe tok røret, lytta, det var ingen i andre enden. Hallo? sa Joe. Han hørte bare lydane frå baren, musikken og røystene, preiket og latteren. Ingen der? spurte bartenderen. Hallo? sa Joe igjen. Så hørte han ei mannsstemme som sa: Hugs at du skal dø. Joe hørte ikkje meir enn dei orda. Hugs at du skal dø. Kven er dette? spurte han. Så blei samtalen broten. Det var i alle fall ikkje mulig å høre anna enn bråket rundt. Bartenderen såg spørjande på han. Ein galning, sa Joe. Han gikk på toalettet, pissa, plaska vatn i ansiktet, glatta skjorta, bretta opp kragen i nakken, heiste opp buksa til ho sat korrekt over hoftene. Hugs at du skal dø. Kva for idiot kunne finne på noko slikt? Og korleis kunne han vite at dei var her på Tin Pan Alley? Var han fyren her?

Hei, Joe! sa Mick og klappa han på ryggen. Alt vel? Ja. Vi var gode i kveld, vi var skikkelig gode i kveld. Dei gikk inn igjen saman, med armane over skuldrene på kvarandre. Joe belma nedpå, heldt fram med å røyke. Dei lo, preika. Høh, drit og dra, han hadde ingen fiendar. Jo, han hadde drøssevis med fiendar, men ingen med så elendig humor. Litt seinare gikk Joe bort igjen til bartenderen. Han fyren som ringte, hadde han presentert seg? Bartenderen rista på hovudet: Men han ringte nettopp igjen. Og? Eg sa at du ikkje ville bli forstyrra. Sa han noko? Vel, han sa at eg skulle gi Joe Strummer ein beskjed. Og det var? Bartenderen nølte. Han bad meg gi deg beskjed om at du må hugse at du skal dø. Joe nikka. Sjukt. Sjuk fyr. Joe spurte om han kunne få låne telefonen. Han ringte Gramercy og bad om rom 809. Røysta hennar var tjukk av søvn då ho endelig svarte. Eg ville bare høre stemma di, sa han. Ok, sa ho. Eg kjem snart, sa han. Kom no, sa ho. Visst faen. Kom no, Joe. Han kjempa mot det mjuke han kjente, og prøvde ein augneblink å forstå det, så lét han det gli av seg og gikk bort til dei andre.

Han klaska Paul på låret, gikk rundt til alle, prata, smilte, bestilte drinkar, song med Mick. Dei skrålte SALT PEAnuts SALT PEAnuts SALT PEAnuts. Jøsses. For ein kveld. Ein av dei beste. If this is spring, then it's time to sing! I sekstida tok dei farvel med De Niro. Ikkje ring meg, sa han, eg ringer dykk. Dei flirte. Joe tok ein taxi saman med Mick. Howdy, Joe, sa sjåføren. Nettopp komme til byen? Han tilbydde dei kvar sin rev. Dei fyrte opp. Sjå ut, sa Mick i baksetet. Sjå, Joe. Nattblomstrar, sa Mick og peikte på neonlysa som verka blasse i det tidlige morgonlyset. Din jækla hippie, sa Joe.

Kvar detalj stadfesta triumfen. Fjeset til resepsjonisten. Den tunge nøkkelen i handa. Dei stille heisdørene. Oppstigninga. Den langsame turen ned korridoren. Oppe på rommet kledde han av seg og la seg inntil Gaby. Eg har tenkt på deg kvart minutt etter at du gikk frå meg, sa han. Ho smilte. Ansiktet hennar hadde ingen makeup. Hendene var omtenksame, mjuke. Han strauk det nakne brystet hennar med fingertuppane. Akkurat då var Gaby umistelig, ho hadde funne han, ho hadde henta han, det var det ho hadde gjort. Munnen hennar var varm rundt pikken hans. Han forsøkte å finne eit mørke, men kroppane deira var opne og nye, uskuldige. Lydane frå gata var springande, rolige. Han kjente at han tok til å falle, han fall inn i morgonen, fall inn i sommaren, heilt utkjørt, kroppen laga skyer av lilla og raudt. Han var ei filmstjerne på eit lerret, han var ein trompetar i eit korps, han var ein bil med tente frontlykter. Han blei liggande med ansiktet tett inntil hennar etterpå. Ho smilte. På veg inn i søvnen heldt han fram med å stire på ho. Gjør eg deg lykkelig? spurte Gaby.